Utdrag: «Bare. Lærestykke»

Les utvalg fra Øystein Hauges nye diktsamling «Bare. Lærestykke» som slippes på Tiden 11. mars. Hauge har tidligere vært haikulærer på Dagbladet.no.

[likevel]

eg skal skrive om

høystakkens veg gjennom nålauget og om

uroa som kjem over meg kvar gong eg må

leite etter ord

i dette språket er dromedar synonym for kamel

og skadedyr noko å bli klok av

mount rushmore tilpassa fire amerikanske

presidentar

likevel vil ordlause bøner bli bedt

[halsens geometri som åra går]

matrosdressens innramma kvadratur

v-genserens truskuldige trekantar

seinare sirklar sirklar

nokon tenker dette

skriv det ned på ein lapp

puttar lappen i lomma

hogarth forklarte kvifor ei bølga line

alltid er vakrare enn ei kanta

[målaren rullar saman staffeliet]

målaren rullar saman staffeliet

havet var ikkje blått

graset var ikkje grønt

bare ein himmel full av

vind og flygefisk

altså var det ingen målar

gul som gråten

sa kandinskij