Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Utdrag: «Grisekoret»

Les første kapittel av Arild Reins bok Grisekoret».

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

PROLOG

No er dei her. No er det for seint. No er dei inne, dei uniformerte rottene. Hundrevis av kilo rein frustrasjon. Hundeglam. Skrik og spetakkel. Møbel som rasar over ende. Ei ny bølgje med skrålande og siklande idiotar frå dørstokken og heilt opp. Nok ein pulserande vegg av boots, uniformer, lommelykter, våpen, hundar sprakk og rasa inn i gangen. Trampa sund leiker. Reiv ned kleshengarar. Den dumpe lyden av tunge kroppar som dett i bakken. Eksplosjonar av hysteriske hyl. Krampegråt. Stiv, rasande redsel. Lufta full av adrenalinsveitte. Helvete. No er det over. No er dei fanga i same bur. Dei pisseredde og dei pisseredde. I ei polstra celle kor det gjeld om å øydelegga alt. Tallerkar, glas, kasserollar styrtar i golvet. Destruksjonsmusikken polisen aldri får nok av. Desse uniformerte krapyla som aldri blir trøytte av å stikka tungene sine opp i rævhola på kvarandre og klynka av nyting. Korfor i helvete hadde han høyrt på dei jævla hønsehjernane? Hæ? Alt var så lett. Alt skulle gå av seg sjølv. Sidan kunne ein bruka kroner nett som springvatn. No var det berre snakk om sekund før krapyla fossa opp i andre etasje. Heimestrikka opplegg. Alt var faen meg heimestrikka. Kassen i kiosken skulle vera full som ein jævla septiktank med setel. Titusen kroner. Og to kartongar med sigarettar. Delt på tre mann. Var alt. Amatørar frå fødsel til grav. Som å stela handvesker frå pensjonistkrek. Det dei sa, dei jævla klovnane. Huset fullt som ein sardinboks med snut. Det dei hadde fått til. Kunne faen kvelt dei. Støvet under barnesenga heldt på å ta knekken på han. Faen, Jenny hadde vakna. Jentungen sat i senga si og grein. Berre det som mangla no. Ein hulkande, livredd jentunge rett over hovudet på han. Ho ropa på mor si. Far sin. Som å vakna opp til eit jævla mareritt. Setelbunken dytta inn mellom sengefjølene og madrassen. Dei små, nakne føtene ned på det buldrande golvet. Helvete. Makta det ikkje lenger. Stiv som ein jævla spikar under senga. Den skjøre skallen eksploderte kvar augneblink. Der kom faen meg den dobbelthaka apekatten òg, kravlande ut av siderommet med den jævla avsaga i neven. Naken. Den ubarberte bleikgule feittfilla som øydelegg alt rundt seg fordi han er så jævla grisk og dum. Skrik frå stakkarane nede i første etasje. Som ikkje skjøna ein skit. Armane vridde brutalt bak på ryggen. Smekka på handjern. Hadde han hatt den avsaga no, hadde han blåse eit hol i den jævla feittfilla stort nok til å hiva ei bikkje gjennom. Den radmagre jentungen på veg over det iskalde golvet. Kasta seg i fanget på faren. Klamra seg fast som ein apeunge. No var det for seint. Snuteføter dundrande opp trappa. Denne jævla heimesnikra komedien. Feittfilla spratt som ei grotesk ape mot døra. Opna ho. Stakk den avsaga ut. Skreik: Ned. Ordet eksploderte som ei bombe. Så blei det heilt stilt. Som etter den siste rallen. Før snuteføtene rasa ned trappene igjen. Jentungen klamra til den groteske apa. Augene svarte og tomme og redde. Andletet stivt som plast. Bjeffinga frå bikkjene nede tok heilt slutt. Var som nokon tappa lufta ut av verda. Så small det. Gjennom marg og bein. Gjennom veggen. Den store kroppen og jentungen slått over ende. Som av ein usynleg boksar. Blod pipla ut frå eit hol på den ballongstore magen. Jentungen hulka. Blødde òg. Dei terpentindynka åtsla hadde faen skote dei. Den same stive og rasande redselen som før. Berre no, heilt ute av kontroll. Lukkemuskelen opna seg. Ei lang, mjuk pølse sklei ut. Sklei ned i buksa. Helvete. Ei sky av snut veltande opp trappa og inn døra. Kasta seg over dei skotne som hyenar. Lys frå tusen lommelykter fanga han inn under senga. Drog han ut. Slo. Med batonglommelyktene. Slo og slo.

1

For to veker sidan døydde Loffen. Veka før blei han på-køyrd av ein offroadar. To ribbeinsbrot og ei lita hjerne-risting, sa legen. Veka etter sovna han stille inn framfor TV-en. 32 år. Kone og to barn. Faen skal ein seie? Hæ? Meia ned av ein kvinneleg syklist. Kroppen alle-reie i jorda. Ein kjernekar. Det krigerske blikket. Den fandenivoldske latteren. Var som om det var i går han sat og spanderte vilt rundt seg på puben. Nett fått innvilga gulltrygd, og ein haug med kroner tilbakebetalt. To år sidan alt. Sa han hadde roa seg ned. Ville leva i fred. Kunne blitt kva som helst hadde han ikkje vore så jævla lat og tatt så mange snarvegar. Eigentleg ville han ikkje ut og trena til Siddisløpet den dagen. Men kona pressa på. Og stakkaren gav seg. Og han er ikkje den einaste som ikkje er her lenger. Paddå fann dei på stranda flytande som ei filledokke med hovudet ned. Ingen visste koss han hadde hamna der. Persillebladet hadde hengt seg. Orka ikkje meir. Pusen mista kontrollen på motorsykkelen sin. Knakk nakken med snuten i hælane. Folk døyr faen som fluger i denne byen. Henry Soma kvapp til. Lyset på telefonen på nattbordet blinka. Kunne ikkje vera Keth vel? Ho var jo nett gått. Eit mobiltelefonnummer. Kom aldri til å skjøna korfor folk hadde telefon på soverommet. Kva så? Ikkje han sitt problem. Grabba den kalde ølboks-en Keth hadde sett på nattbordet før ho drog. Tok seg eit par solide slurkar. Kraup under dyna igjen. Strekte seg i senga som var stor som eit jævla symjebasseng. Lukta av reine laken. Lukta av Keth. Telefonen kunne faen ringa til dommedag. Skeit i det. Dei hadde halde kontakt. To–tre brev i halvåret dei første par åra. Sidan gjekk det tregare. Siste året, heilt slutt. Visste faen ikkje om ho budde åleine eller kva ho gjorde. Om ho var i byen. Hadde kjærast. Gjennom det punkterte soveromsglaset såg han det hadde begynt å snø igjen. Varmare her enn på Austlandet. Snøen på perrongen hadde smelta bort til små flekkar av grå is. Der stod ho, gode, gamle Keth, og venta på han. For fjorten timar sidan. Og han hadde ikkje sove enno. Englehåret. Klinkekuleaugene. Andletet mjukt og glatt som fløyte. Ho var nett som før. Berre litt eldre. Og tynnare. Dei hadde knulla og prata. Prata og knulla. Var som han hadde vore her i vekevis alt. Det ufattelege antalet timar dei hadde vore frå kvarandre, summerte opp i løpet av ei natt. Handikapet hadde dei ikkje snakka om. Vakenettene. Dei satans smertene. Batonglomme-lykta som knuste trommehinna. Visste ho alt om. Naseborene med eitt kvitare enn snø av raseri. Den helvetes degenererte rævpularen. Trefte han han på open gate, med eller utan uniform, kom han til å gå bort og knekka nakken på han. Den raudhåra, pisseredde lorten med dei pissegule tennene. Kom faen til å hugsa det grisetrynet til dei spadde han ned. Kroppen kjendest med eitt skrøpeleg og daud ut, og stiv som ein kjepp. Hadde faen aldri tenkt å komma tilbake til den dumme og deigete oljebyen igjen. Hadde han her å gjera? Hæ? Såg ein nokon i gatene som var i godt humør, kunne ein faen banna på dei gjekk på piller. Og den ding dong jævla middelklassedialekten frå Eiganes som spreidde seg som kreft i alle retningar, var faen til å spy av. Vampyrflaggermusbyen, sa Keth. Her blir sosialkontora, arbeidskontora, trygdekontora faen aldri mette på blod. Eit prosjektil av vilt raseri fór gjennom kroppen. Må faen opp. Få frisk luft inn i dette rommet fylt av fis og kjønn. Opna det punkterte vindauget. Stakk labben ut. Tre ørsmå heklebrikker av snø la seg på handbaken og smelta med det same. Kald havluft strøymde inn. Høvdingen. Bestefaren. Einaste grunnen til at han var her no. 83 år. For to månader sidan gav legen han lov til å køyra bil i endå eit år. Frisk som ein fisk. Røykt sidan han var tolv. To Gul Mix nr. 3 i veka. Røykt kjøt held seg lenger, sa alltid Høvdingen og klukklo. Feira fødselsdagen med flunka ny bil. Stolt som ein hane. Automatgir. Beste bilen han nokon gong hadde hatt. Puff, sa det berre. Eit lite hol i dei grå hjernevindingane. På storleik med eit knappenålsstikk. Der slapp sjela ut, og blodet som øydela hjernen. Han hadde vore nede på bensinstasjonen og vaska bilen. Ei perfekt parkering i garasjen. Komme opp og sagt til heimehjelpa han kjende seg litt trøytt. Gått inn på soverommet for å kvila, med bikkja si på slep. Det var det. Så var det heile over. Sjette veke i koma no. Måtte stikka opp på sjukehuset. Men ikkje før Keth kom. Sjå til Høvdingen. Han inn til beinet, inn til margen, inn til atomet arbeidsskye fyren. Sakna han alt. Kasta inn portane på maskin-fabrikken då han var tolv. Ikkje snakk om noko anna då. Faen ikkje rart fyren fekk migrene berre han høyrde ordet arbeid. Ligga på sofaen og lesa. Ta seg ein dram. Spela på hest. Det han likte. Bilen i garasjen kom aldri meir til å bli brukt. Han kvapp til. Keth midt på golvet. I den altfor korte T-skjorta frå Vietnam. Dei tynne, sterke beina. Den svarte hårete trekanten. Den vesle kulen på magen med eit nytt menneske i. Ein enorm rosebukett i den eine neven. Herre--gud, så flott ho var. Ho sa noko. Kom nærare, sa han. Ho la frå seg rosene på nattbordet. Kraup under dyna. Du er kald som ein istapp, sa han. Trekte ho til seg. La dei små, knudrete nevane rundt dei kalde rumpeballane. Er det du som har kjøpt dei rosene? sa ho. Skulle eg fått råd til det frå? Hæ? sa han. Jo, det er deg, sa ho. Smilte. Det er deg. Har ikkje jobba på posten for ingenting, sa han. Smilte han òg. Du har ei gate, ikkje sant? Eit husnummer. La oss seia Mor Åses vei 12. Du veit nummer 10 og nummer 14 finst. Du veit nummer 12 finst ikkje. Kven andre er det som veit det? Hæ? Nesten ingen. På den tomta er det berre eit villniss av buskar og kratt og boss. Du har altså ei adresse. Treng du berre eit namn. Sei Morgan Danielsen. Og ein telefonkiosk. Eller ein stolen mobil eller noko. Så slår du opp i telefonkatalogen på blomsterbutikkar. Finn fram til ein butikk. Slår nummeret. Og tingar så jævla mange blomsterbukettar du berre orkar. Og rekninga går til Morgan Danielsen, Mor Åses vei 12, 4019 Stavanger. Verre er det faen ikkje. Så seier du dei kva dei skal skriva på kortet. Kven blomane er frå og alt det der. Bruker initialane dine, eit jævla kallenamn eller kva som helst. Folk veit jo kven som sender blomar til dei likevel, gjer dei ikkje? Ingen som strør rundt seg med blomar no for tida. Berre i gamle dagar dei gjorde det. I istida. Din gnitne jævel, sa ho. Er det ikkje bra å få blomar då? sa han. Alle damer liker det? Gjer dei ikkje? Ikkje stolne blomar, sa ho. Smilte. Blotta dei flotte, kvite tennene. Han pressa ho endå tettare inn til seg. Kyste ho. Kroppen hennar nesten like varm som han sin no. Kva står M.D. for? sa ho. Morgan Danielsen? Han rista på hovudet. Mad Dog. Mad Dog? sa ho. Det dei kalla meg på Austlandet, sa han. Dei lo begge to av det latterlege namnet. Ho greip tak i pikken hans. Drog han opp og ned. Opp og ned. Fekk han til å veksa. Såg han inn i augene. Smilte. Sa: Får knulla deg heilt til du blir eit normalt menneske igjen.

Hele Norges coronakart