Utdrivinga av bøndene

Når skal norske medium våge å diskutere Rural Exodus? spør Hartvig Sætra

«RURAL EXODUS» - «utdrivinga av bøndene» - er eit begrep som blir brukt av både sosiologar og politikarar over heile verda. Begrepet er todelt. Det har både ein strengt vitskapleg definisjon, og ei politisk tolking som går på økonomisk makt, utbytting og økopolitikk. Eg vil nytte begrepet RE på den siste måten, og bygger i hovudsak på stoff frå det store britiske venstretidsskriftet New Internationalist. Brukt slik betyr det at RE er ei utvikling som det står sterke politiske og økonomiske krefter bak. Det er ikkje ein «naturlov» det er snakk om.

Ei politisk tolking av RE blir slik: I dei fleste rike og «halvrike» land flyttar folk, spesielt ungdom og kvinner, frå landsbygda til byane. Ei primær årsak er nedgang i levestandarden og mangel på arbeidsplassar. Dette kjem sekundært av større internasjonal frihandel med landbruksvarer, og sterkt press på prisane. Med relativt låge oljeprisar er det langt billegare å satse på maskinar i produksjonen enn på folk, og det er billeg å frakte matvarer frå lågkostland til høgkostland - også varer som for 80- 90 prosents vedkomande består av vatn. Dette er negativt både ut frå menneskerettsomsyn og ut frå dei økologiske og klimapolitiske konvensjonane som dei fleste land har underteikna.

DEI SOM TAPER mest på Rural Exodus, er dei fattige og jordlause menneska i u-land som ikkje klarer å konkurrere med europeiske konsumentar, verken om maten eller vatnet. Derfor er det bløff når nedlegging av jordbruket i rike land blir marknadsført som «u-landsvennleg». Jordeigareliten i u-landa tener på det. Den multinasjonale matvarekapitalen tener enda meir, for dei kan selje mat frå lågkostland til ein velståande i-landsmarknad. Sjølv om dei underbyr europeiske bønder, tener dei likevel grovt i forhold til å selje billeg mat til dei fattige landas eigen befolkning. Størst muleg europeisk sjølvberging, og tollvern for innanlandsk produksjon, vil derfor halde matprisane nede for dei fattigaste av dei fattige i den tredje verda.

Eksportsubsidiar for å «berge» europeiske bønder er derimot svært forkastelege. Dei fører til at småbøndene i fattige land blir utkonkurrert, og vi får ein «eksport av Rural Exodus».

RE får pådriv frå media, som stadig lovpriser livet i byane og «the American Way of Life». Dei påverkar også befolkninga i rike land til å stille krav om stadig lågare prisar på landbruksvarer, slik at dei sjøleigande bøndene og deira kooperative organisasjonar går konkurs. Den overnasjonale matvarekapitalen («Agrobusiness») har ofte store aksjepostar i slike medium, og nedvurderinga av bygdene er ein strategi for å få unge menneske til å gi opp jordbruket, slik at Agrobusiness kan få kjøpt eigedomane billeg.

OG LEGG MERKE til at den jorda som folk forlet i store skarar, ikkje ligg i fattige, tørkeprega afrikanske land, men i tempererte land med godt klima og jordsmonn. I dei fleste landa - ikkje minst i Norge - vil både temperatur og nedbør bli enda gunstigare i framtida. Folkeauken og klimaendringane vil med tida føre til stigande matvareprisar. Derfor er Agrobusiness interessert i å bli kvitt dei sjøleigande bøndene, overta den beste jorda og drive den med billeg, innført arbeidskraft i staden for lokale, kulturbevisste bønder som krev rimelege levekår. Busetting, kulturlandskap og biologisk mangfald gir dei blaffen i.

Det er ikkje så enkelt å få kjøpt opp jorda i tradisjonelt sosialdemokratiske samfunn som dei nordiske landa og Nederland, eller i land med ein sterk bondekultur, som Italia og Frankrike. Men i den canadiske provinsen Saskatchewan, der det var bortimot 90 prosent sjøleigarar for 25 år sidan, blir i dag berre ein firedel av jorda driven av sjøleigande bønder, og i USA er dei reelle «sjøleigarbruka» nede i 2 prosent i enkelte Midtvest-statar. Paradoksalt nok blir over halvparten av det kommunistiske Cubas jord driven av småbønder, anten kvar for seg eller i frivillige kooperativ - den høgaste prosenten sjøleigarar på den vestlege halvkula!

NORGE HAR halve Europas kystlinje mot Atlanterhavet, og ein vesentleg del av Europas utmarksområde. Desse enorme naturressursane blir stort sett kontrollert av folket som bur i lokalsamfunn. Norske bygdefolk har relativt høgt utdanningsnivå, og fram til årtusenskiftet har dei hatt overraskande stor politisk makt. Derfor har vi eit uvanleg likeverdig inntekts- og velferdsnivå i alle delar av landet. Denne stabiliteten i busetting og politisk makt er sjølvsagt ei hindring for dei kapitalkreftene som er ute etter å legge under seg viktige fornybare framtidsressursar som fiske, fiskeoppdrett og jordbruk.

Tapet av allmenningsretten til fisket er starten på ein «Coastal Exodus». Eg viser i den samanhengen til NRKs «Brennpunkt» og Svein Johansens artiklar i Friheten.

Nye konsesjonsreglar i jordbruket vil få den norske RE til å skyte fart. Dette vil få stor innverknad på vernet av norsk natur. Det er enkelte som i fullt alvor påstår at vi får større biologisk mangfald ved å føre inn framande enkeltartar som ulv, fjerne beitedyra frå norsk natur, og la skogane gå tilbake til «urtilstanden». Dette blir nå kategorisk avsanna av dei fleste biologar, blant dei vår største ekspert på «rødliste-artar», professor Klaus Høiland. Ei økologisk forsvarleg hausting av norsk utmark lar seg svært lett kombinere med omsynet til biologisk diversitet. Men dersom ein satsar på det som Klaus Høiland kallar «enartsforvaltning», er vi komne svært langt vekk frå eit vern av mangfaldet.

AT KULTURLANDSKAPET med variert jordbruk har størst mangfald, betyr ikkje at vi ikkje også treng villmark og urskogar. Akkurat nå har Norge behov for å utvide villmarka. I Sverige, der RE er komen svært langt, er det altoverskyggande problemet for naturvernet å finne dei siste restane av det verdifulle kulturlandskapet og verne det - til dels med store kostnader.

Også for Norge som turistland vil det ha fatale konsekvensar å la kulturlandskapet i Fjell- og Fjord-Norge gro til. Spekulasjonar om store inntekter på ulve- og kvalsafariar vil ganske raskt vise seg å vere blendverk. Turistane vil sjå levande lokalsamfunn i ein mektig natur - ikkje glimt av falleferdige hus gjennom tett krattskog.

Det er interessant at graden av spreidd busetting og utbreiinga av eit allsidig kulturlandskap gjer Norge meir lik EU-land som Frankrike og Hellas enn våre skandinaviske naboar i aust og sør. Som oljeland er vi også i den privilegerte stillinga at vi har betre råd enn dei fleste land til å ta vare på kulturlandskapet. Derfor kan vi godt i solidaritetens namn betale eit snes milliardar til varetaking av det portugisiske og det greske kulturlandskapet, dersom vi til gjengjeld får lov å verne vårt landbruk og kulturlandskap mot svensk, dansk og kontinental Agrobusiness. Den er ein felles fiende for småbønder både i Norge og EU.

DET ER MERKBART at Agrobusiness er tungt inne i både internasjonale og norske medium. Det fører til ein politisk offensiv mot Bygde-Norge der FRP, Dagbladet, Dagsavisen, NRK og heile ruklet av reklame-TV-stasjonar er med. Den som seinare i livet vil skaffe seg ein skikkeleg feit jobb som «informasjonsdirektør», stiller sterkt dersom vedkomande har stått bak ufin sjikane mot Bygde-Norge, laga heia-reportasjar om grensehandelen ved Svinesund eller filmar som «Høtten».

Trass i dette hardkjøret har norsk landbruk framleis ei høg stjerne hos halvparten av befolkninga. Kanskje det er derfor at media ikkje tør ta eit ordskifte om Rural Exodus. Den einaste gongen eg har fått respons på fem år, førte til den artikkelen du les nå. Slik er det ikkje i verda omkring oss. Ved å bruke Rural Exodus som oppslagsord på Google fekk eg 47500 treff! Maskinen kunne vise til 950 artiklar. Av desse var 2 - to - norske, og dei har eg skrive sjølv, i Friheten. Resten av dei 950 var alt frå vitskaplege avhandlingar til brennaktuell politisk polemikk.

Dagbladets harselas med Norge som «utenforlandet» har med dette slått kraftig tilbake på avisas redaksjon. Og på resten av norsk dagspresse og etermedia.

Når skal Norge begynne å diskutere Rural Exodus ut frå andre kriterium enn interessene til den multinasjonale matvarekapitalen?