Utfordrande og annleis poesi

Mykje å undra seg over og skakka på hovudet av.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Helge Rykkja har avslutta ein trilogi med denne boka. Trilogien omfattar elles «Eit hus mellom andre» (2003) og den omfangsrike «Slutningar til knes» (2004). Desse tre bøkene utfordrar det meste av lesemåtar og haldningar til poesi på ein skiftande måte. Frå det tørre cerebrale og forretningsmessige språk, til små underfundige nonsensting i munnlege bisetningar, via klanglure og rima vers til det vakre og lyrisk syngjande.I «Slutningar til knes» byrjar eit dikt slik: «Eg møtte ein liten mann, ikkje større enn ein gutunge. «Kven er du?» spurte eg. «Eg er draumane dine». I «Bjørka til Dahl» byggjer to av dei vakraste, lengre tekstane nettopp på draumar. Det er «haugianerbøndene» og «Det klåraste og blåaste eg veit, er døden». Rykkja tek oss inn i desse draumane med ein sjølvsagt språkleg tone som gjer dei like verkelege som plan- og bygningslova som han elles kan skrive om, og han lar oss møte haugianarane frå Tidemand sitt måleri der dei står bak Elena frå Lørenskog, Elena Lasco, som me har høyrt tidlegare i draumen spela på eit dårleg elektrisk piano. Haugianarane forklarer: «Vi er verkelege, vi er bønder, mest alle her er bønder. Og vi lever nett slik som før.» I det andre lange diktet skal dikt-eg\'et ha fotoutsilling og sorterer foto på ein flåte i elva saman med ei anna som skal stilla ut. Unge Merete som vel kan vera sju år. Det vert ei fascinerande ferd mot tittelens blå.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer