AMBISJONER: «Nore har som ambisjon å skriva essayistisk med litterære kvalitetar, og han får til ein heil del av det han prøver på. Og han skriv med driv. Språket er stort sett effektivt, men litt stivt og hengslete innimellom.» skriver vår anmelder om Nores nye bok «Ekstremistan». 
 Foto: Nina Hansen
AMBISJONER: «Nore har som ambisjon å skriva essayistisk med litterære kvalitetar, og han får til ein heil del av det han prøver på. Og han skriv med driv. Språket er stort sett effektivt, men litt stivt og hengslete innimellom.» skriver vår anmelder om Nores nye bok «Ekstremistan». Foto: Nina HansenVis mer

Utkast til det patriotiske manifest

Gjennombruddshissig hybrid om frykt og håp i det flerkulturelle Norge i Aslak Nores bok.

||| BOK: —Aslak, du er ikke noe talent. Du mangler taktomslag.

Det var den meldinga Aslak Nore fekk av fotballtrenaren, den ungarske frisøren Zolly, ein av hans barndoms heltar.

Men han fekk ros for å vera ivrig og engasjert, så det kunne vera eit visst håp for han likevel, dersom han jobba hardt.

Nore blei aldri
noen stor fotballspelar, men fotballen er eit viktig omdreiingspunkt i livet hans og ein viktig arena for refleksjonar om trugsmål og håp for det nye og fleirkulturelle Norge.

Fleire av kapitla i boka er trykt før i aviser og tidsskrift.

Nore har vore sine eigen Johannes Døyparen og førebudd sitt kome i kulturkrigen.

Nå er brokkane sydd saman til ein springande, men likevel samanhengande tekst som blir boren fram av Nores stil og temperament og hans vandring gjennom livet som fotballspelar, soldat, skribent, student og debattant.

Dette er ikkje ein anmeldelse frå en sur 68-ar av Aslak Nore som samfunnsdebattant og ein ung mann som jobbar hardt for å kjempa seg til ein plass på elitelaget i norsk medieoffentlighet.

Det ville i så fall ha vore ein anmeldelse til tilsynet for politisk korrekthet, og lite ville ha gledd han meir.

Der ville Nore ha fått påtale og kanskje straff, men sannsynligvis betinga straff, for han er ikkje så påståelig og villa ukorrekt som han elles gjerne prøver å vera.

Dette er ein anmeldelse av den boka Aslak Nore har skrive.

Vi møter ein relativt dempa Nore, sjøl om han er brennande og har store ambisjonar om å sopa over mye og setta det inn i sin ramme. Som skribent framstår han som halvbror av Magnus Marsdal - i form og sjanger, men ikkje i innhald.

Kva slags bok er det?

Det er verken ei konsistent og påståelig debattbok eller ei saklig fagbok.

Det er litt av begge delar, ispedd intervju og referat.

Men det også ein slags oppvekst-dokumentar som trekker på eigne impresjonar og erfaringar som blir tolka, omtolka og overtola i lysa av lesefrukter, statistikk og teoretisk lånegods.

Sjangermessig er boka ein hybrid. Nore har som ambisjon å skriva essayistisk med litterære kvalitetar, og han får til ein heil del av det han prøver på. Og han skriv med driv. Språket er stort sett effektivt, men litt stivt og hengslete innimellom.

Boka manglar ikkje iherdighet og engasjement, sjøl om Nore prøver å vera meir observatør og dokumentarist enn misjonær og krigar. Det er av og til både forvirrande og springande fordi det er så mange taktomslag.

I Drillo-terminologi er Nore gjennombruddshissig, men han satsar også på soneforsvar.

Dei faglige referansane er vide og breie med mye name-dropping til samtidig amerikansk faglitteratur. Dei kan vera djupe, men er ofte grunnleggande overflatiske. Det er kort veg mellom sosialpsykologiske eksperiment i lukka rom til vidløftige og allmenne Sanningar i tid og rom om menneskenaturen.

Nore blir lett reduksjonistisk når han vil vera syntetiserande og systembyggande.

Han er hekta på evolusjonær psykologi. Mye blir forklart som «evolusjonær arv fra våre forfedre». Men han tyr også til kort-tricks, semiometri og intrikate gåter og Harald Eias parodiar som bevis.

Den eksentriske tyske demografen Gunnar Heinsohn er ein helt: «Hans kompromissløse demografiske materialisme gjør hans tenkning så forfriskende». Nores tyngste referansar er til demografien, til etnisk fordeling, fødselsrater og aldersfordeling.

Der er han nærmast determinist.

Han gjer hordane av marginaliserte unge menn i kampalder til ei leiande kraft i historia. Dei driv fram global mobilitet og krigar, men trugar også heime-aleine-festar i Oslo Nord. Nore har sjøl opplevd det, og han drar erfaringar frå slike tumultar med seg i refleksjonane over den klasse- og rasedelte byen.

Nores budskap er at det fleirkulturelle er vanskelig, men det er det som er den nye virkeligheta. Vi kan ikkje velja det bort det ubehagelige, og det er farlig å lukka augene for det ubehagelige. Nore held avstand til dei som gøymer smårasisme og islamofobi som ærlig tenking, men hovudskytset rettar han mot venstresidas unnfallenhet i problematiske sider ved multikulturaliteten som strategi og virkelighet.

Han luktar på begrepet dissident og framstiller seg i posisjonen som varslar og mot politisk korrekthet. Han vil opplysa og advara mot den vennlige og naive multikuturalismen som hindrar integrering.

Nore frå Oslo
Nord drog til Balkan og Brooklyn og har kome heim att til eit Oslo som er eit heilt anna samfunn enn det han vaks opp i for 10-15 år sidan.

Han har lært og sett og lese mye i USA, og han bruker sine amerikanske erfaringar til diagnosen av dagens Norge og som benchmark og målestokk for frykt og håp for framtida.

Diagnosen er at Norge i dag er som USA på 70-talet då Nixon og Reagan vekte «den tause majoriteten» til live som ein kulturkonflikt mellom elite og folk flest: skikkelige, hardtarbeidande og anstendige borgarar mot naive og jålete liberalarar på den eine sida og kriminelle i etniske gettoar på den andre sida.

I USA har dei skikkelige og dei farlige forskansa seg mot kvarandre i parallelle samfunn som har lite med kvarandre å gjera. I det fleiretniske Oslo deler gangstarar og borgarar same territorium.

Derfor verkar byen farlig.

Av Robert Putnam, som Nore intervjuar i boka, har han lært mye om sosial kapital.

Han er bekymra for kva som skjer med tilliten til staten og mellom personar og grupper når det historisk og mentalt homogene Norge forvitrar, når samanhengen mellom rett og plikt bryt saman og det blir ein dyd å juksa og snika unna fellesskapet. Når samfunnskontrakten sviktar i det store samfunnet og dugnaden i det vesle.

Blir Norge i framtida tvunge til å ta eit val mellom velferdsstat og fleirkulturalitet? Nore framstår, kanskje mot sin vilje, som ein slektning av dei bekymra sosialdemokratane.

Ekstremistan er det nye Norge som er i ferd med å veksa fram. Med større forskjellar økonomisk, sosialt, kulturelt, religiøst og etnisk.

Det beste blir betre og det verste verre. Eit Norge som blir meir ekstremt på godt og vondt, meir kreativt og dynamisk, men også farligare.

Nore hevdar at i motsetning til amerikanarane har ikkje europearane, med sine bitre erfaringar frå fascisme, kommunisme og rasistisk kolonivelde, «evne til å definere et fasttømret ideologisk og visjonært prosjekt».

Då han var mellom utanlandssoldatar, fekk han smaken på «brorskap, fysisk arbeid og nasjonalpatriotisme». Slike verdiar blir ikkje haldne i hevd og er marginale i dagens norske samfunn, men det er der Nore ser kimen til noe nytt og betre.

Boka er ikkje eit programskrift, men eit slags andre bind i ein triologi der det første var soldatboka «Gud er norsk».

Det tredje kan bli eit manifest.

Nore begynnar og sluttar med ansatsar til eit «offensivt nasjonalpatriotisk prosjekt» der den nye patriotismen omfattar fleire enn før. Han har framtidstru dersom realisme og patriotisme går opp i ei høgare eining. Men om det skal slå til, må ein vera realist og åpent erkjenna utfordringane.

Fotballen er forbildet, med gutte-landslaga som ein regnboge av spelarar frå ulike etniske bakgrunnar, men med det norske flagget på brystet.

Anmeldelsen sto på trykk i Dagbladet 25. september 2009.

Utkast til det patriotiske manifest