HEROINASSISTERT BEHANDLING: Alle land som har starta med forsøksprosjekt med heroinklinikkar, har deretter gjort det til eit permanent tilbod, grunna positive resultat, skriver artikkelforfatterne. Foto: David Ryder / Reuters / NTB Scanpix
HEROINASSISTERT BEHANDLING: Alle land som har starta med forsøksprosjekt med heroinklinikkar, har deretter gjort det til eit permanent tilbod, grunna positive resultat, skriver artikkelforfatterne. Foto: David Ryder / Reuters / NTB ScanpixVis mer

Debatt: ruspolitikk

Utopisk og virkelighetsfjern rusvisjon frå KrF

Kva skal til for at Grøvan og KrF tek innover seg forsking og ei utvikling som har pågått i fleire tiår?

Meninger

Hans Fredrik Grøvan, stortingsrepresentant for KrF presenterer i Dagbladet 16. januar overdosetala som om det historisk sett er slik at stadig færre døyr av heroin, og stadig fleire av metadon. Dette er ei villeiande attgiving. Overdosedødsfall skjer oftast som følge av kombinasjonsbruk med fleire stoff, mengda på overdosedødsfall med metadon involvert varierer, og dødsfalla skjer i all hovudsak blant dei som står utanfor LAR-programmet.

Dei er ofte opiatavhengige, som eit breiare substitusjonsprogram kunne innlemma. Uansett medførte innføringa av LAR først til stagnering av overdosedødsfalla og i takt med vidareutviklinga av programmet har vi no endeleg opplevd en begynnande nedgang.

Innleiingsvis tek Grøvan til orde for at målsettinga for rusomsorga framleis må vere rusfridom. At den utopiske og virkelighetsfjerne visjonen framleis har ein slik posisjon hos Grøvan og KrF er trist å registrere, då denne haldninga i stor grad er årsaka til at vi enno ikkje har oppnådd tilfredsstillande resultat i rusomsorgen.

Det mest opprørande er at Grøvan underforstått definerer medisinerte som om dei skal halde fram i rusen og dermed gis opp. Om ein skal kome noko lenger i den ruspolitiske debatten hadde det vore føremålstenleg om politikarar viser noko grad av forståing for den noverande situasjonen.

Når det gjeld heroinbehandling, er det slik at ei lita gruppe menneske med ei langvarig og alvorleg avhengigheit ikkje finn effekt av ordinære LAR-medikament, og på same tid veit vi at dette er ei særs utsatt gruppe. Erfaringar frå andre land viser ikkje som Grøvan seier, at heroinbehandling krevjar friskare brukarar enn gruppa som dei tyngste narkotikabrukarane utgjer. No er det på tide at vi tek denne gruppa, med høg dødelegheit meir på alvor.

Det må vere ei medisinsk vurdering som ligg til grunn for kva slags medikament som brukast i helsehjelp til rusavhengige, som til andre pasientgrupper, ikkje ein politikk basert på ein nedsettande moral. Alle land som har starta med forsøksprosjekt med heroinklinikkar, har deretter gjort det til eit permanent tilbod, grunna positive resultat.

Den gong LAR blei berekna for å kunne hjelpe nokre få hundre personar, var dei aller fleste med tung avhengigheit allereie utdefinert som potensielle pasientar. Rigiditeten var den gong tilsvarande det vi i dag gjenkjenner får land som Sverige og ei rekke land i Aust-Europa, der dødelegheita stadig er skremmande høg. Det blir difor feil å framstille talet på brukarar i LAR som eit symbol på uheldig utgliding i retning det Grøvan oppfattar som å gje opp desse, i kampen for rusfridom.

Vidare ynskjer vi å kaste ein brannfakkel til KrF og Grøvan. Sidan dei fleste forskingsrapportar viser at om substansar framleis berre er tilgjengeleg illegalt er det ikkje til hinder for at bruk og besittelse av dei kan handterast utanfor straffelova, slik vi allereie gjer i program mot køyring i ruspåverka tilstand. Kva skal til for at Grøvan og KrF tek innover seg forsking og ei utvikling som har pågått i fleire tiår?

Tida er overmoden for ein enno større gjennomgang av erfaringar og utvikling av modellar som kan erstatte dagens praksis. Heroinassistert behandling er ein av desse.

Som Grøvan korrekt refererer til, så har vi om lag 8000 brukarar på LAR. Når vi veit kor vanskeleg det er å få realisert rehabiliteringsdelen, bør vi heller diskutere kor langt ein skal gå vidare med behandling av substitutt og til kva slags pris. At Grøvan er bekymra for at prøveprosjektet skal bli gjort permanent og utvidast vonar vi ikkje er representativt for KrFs tankegong - at om noko fungerer betre enn det gjer no, så vil ein helst unngå det.

Avslutningsvis kan det vere verdt å minne Grøvan på det som står i KrFs politiske program:“«Den kristne nestekjærligheten innebærer en radikal grunnholdning for hvordan vi skal møte våre medmennesker, som også må få konsekvenser for politikken. Nestekjærligheten gjelder alle mennesker, uavhengig av hvem de er og hvor de bor. Den inkluderer selv de vi måtte oppfatte som våre fiender, og den krever aktiv handling».

Det er ikkje ei aktiv handling for medmennesket å reversere prøveprosjekt som vil gi ein sjanse til nokon av dei mest sårbare i vårt samfunn.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.