Utrulig useriøst

STATSRÅDENE: Avisene er fulle av terningkast over regjeringa, og det ser ut til at dei fleste har terningar bare opp til 3. Det kan vere fire grunnar til at en statsråd scorar dårlig: 1.  Folk veit lite om kva han/ho har gjort. 2.  Folk er desinformerte av media og politiske motstandarar. 3.  Ein er ueinig i den politikken statsråden fører. 4.  Han/ho gjer faktisk ein dårleg jobb. Når folk flest skal svare på ein gallup, så vil alle desse punkta spele inn, ikkje minst 1 og 2, fordi tabloide media informerer lite, men forstørrar opp problem, tabbar, ueinigheiter.Men av ein seriøs politisk redaksjon burde vi vente meir. Vi burde kreve at ein politisk redaksjon, med hjelp av fagfolk som ikkje har sin eigen agenda, gjekk grundig og systematisk gjennom dei saker statsråden faktisk har fremma og det arbeidet som har blitt gjort. Det kunne blitt opplysande, ikkje bare ein ny grand prix-avstemning.

DERFOR ER DET skuffande at Dagbladet tar så lett på det som i siste karaktersetting, der det ser ut til at vurderinga blir gjort på dei same overfladiske medieoppslaga som elles fyller avisene, og det statsrådane faktisk har gjort, blir latterleggjort og avfeia med lettvinte kommentarar. Djupedals tunge mattesatsting, som han har fått mykje ros for av fagfolk både innen skule- og næringsliv, blir sett i anførsel. Og når fornyingsministeren (saman med fungerande statminister Halvorsen og kunnskapsministeren) får i land eit av dei vanskelagste offentlege lønnsoppgjer på lenge, så blir den dementerte vandrehistoria om Vallas telefon til Stoltenberg igjen trekt fram for å så tvil om innsatsen. Når fornyningsminsisteren blir æra med eit angrep i veka i Dagens Næringsliv, så er ho kanskje ikkje heilt tannlaus (men DN dekker samtidig seriøst det ho og andre statsrådar gjer).

DETTE ER skuffande useriøst, og blir bare overgått av oppslaget der tre forsmådde tidlegare statsrådar fekk fritt spelerom til å karakterisere sine etterfølgarar. Revystoff, ja vel, men lite informativt. Dagbladet skriv til og med ein gravalvorleg leiar på grunnlag av sine lettvinte terningskast. Eg håpa på noko betre frå Dagbladet.