OVER TIL DERE: Det var et voldsomt medietrykk på Giske saken, men har ikke vært tilsvarende trykk på sakene i Høyre og Frp, mener artikkelforfatteren. Foto: Nina Hansen / DAGBLADET
OVER TIL DERE: Det var et voldsomt medietrykk på Giske saken, men har ikke vært tilsvarende trykk på sakene i Høyre og Frp, mener artikkelforfatteren. Foto: Nina Hansen / DAGBLADETVis mer

Debatt: #metoo

Utslitt av Giske

Det som gjør meg så forbanna, er å se hvor defensive media har blitt når det gjelder de siste avsløringene. Som om de har brukt opp all energien på Trond Giske.

Meninger

Då Trond Giske-saka dundra og gjekk, var det eit mediekjør som ein ikkje unner sine verste fiendar. AP skaka i grunnvollane, og Jonas Gahr Støre var under kolossalt press som partileiar. Men kjøret var på sin plass. Det blei avslørt ein uverdig sex- og ruskultur. AP blei tvinga til å ta ei gedigen hovudreingjering og rydde i eige hus.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

I kjølvatnet av #metoo har sexavsløringar eskalert. Namn på politikarar som er tatt med buksene rundt knea, har dukka opp så fort at ein knapt har fått registrert eitt før nye stjerner sloknar på den stadig mørkare politiske himmelen.

Mange foreldre har vore overlukkelege over at barna har engasjert seg i noko så samfunnsnyttig som politikk. Dei har trudd at det tryggaste dei kan gjere, er å sende avkommet på samlingar og seminar i partia sin regi. Trygt fordi dei skulle vere under oppsyn av ansvarsmedvitne, politiske leiestjerner. Kor feil er det muleg å ta? Det hadde pinadø vore tryggare å sende dei backpacking i Asia enn på landsmøte i politiske parti.

Det som gjer meg så eitrande forbanna, er å sjå kor håplaust defensive media har vore når det gjeld dei siste avsløringane. Som om dei har brukt opp all energien på Trond Giske.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kristian Tonning Riise-saka er den grovaste så langt og hamnar kanskje i retten. Mange i Høgre har hevda at det ikkje blei varsla om Tonning Riise. Det er blank løgn, viser det seg. Allereie i 2014 mottok Høgre sin generalsekretær varsel. Det fekk null konsekvensar. Han blei leiar i Unge Høgre, og i fjor blei han valt inn på Stortinget for Hedmark.

Det er ei gigantskandale at han har fått gå under radaren i årevis. Erna Solberg påstår at ho ikkje har visst om (!) den sentrale politikaren sitt frynsete rykte! Og kva gjer media? Dei godtar det! Og eg tenkjer: «Er Solberg freda av pressen? Har dei verkeleg ingen oppfølgjingsspørsmål?»

Det har i alle fall eg: Korleis er det i det heile tatt muleg, Erna Solberg, at du ikkje har fått begymringsmeldingar eller høyrt rykte om Tonning Riise? Er det ikkje vanleg i Høgre at den øverste leiinga blir informert om mulige sexovergrep? Då saka eksploderte i media var din fyrste reaksjon: «Dette er trist for Høgre og Tonning Riise». I kor stor grad har det å verne om partiet og overgriparen sitt rykte vore viktigare enn omsynet til offera for overgrepa? Kor trygt er det for unge menneske å melde seg inn i Unge Høgre i dag?

Graverande er òg Ulf Leirstein-saka i Frp. Han har sendt pornobilde på e-post til ein 14 årig gut i partiet og planlagt med ei kvinne å ha trekantsex med ein på 15. «Slikt kan vi ikkje godta,» sa partileiar Siv Jensen. Og det er omtrent alt vi har høyrt både frå den kanten. Og frå media. Men dei har vel nok med å rapportere frå Farmen kjendis.

Sanninga er at slikt godtar dei i Frp. Terje Søviknes hadde sex med ei 16 år gammal jente i fylla. I dag er han minister. Bård Hoksrud tok med seg fleire medlem frå ungdomspartiet til Riga, og gikk på horehus. Det har slett ikkje svekka hans posisjon. Han er renominert og innvalt på Stortinget, har vore statssekretær og har ei rekke tillitsverv.

Allereie i Søviknes-saka såg vi kor elendig Siv Jensen er på krisehandtering. Ho grein på tv og gav inntrykk av at det var ho og Frp som var offer. I går kom det fram at ho i 2012 fekk varsel frå tidlegare stortingsrepresentant for Frp, Jon Gåsvatn, om Ulf Leirstein sitt uortodokse sexliv. Gåsvatn fortel at ho avbraut han og sa at han ikkje skulle fortelje meir. At dess mindre ho visste, dess betre.

No må media gå henne på klingen og spørre: «Har ikkje du ein gigantisk opprydningsjobb å gjere? Kvifor forstår du ikkje at det må grunnleggjande haldningsendringar til for å få tatt ondet ved pikkrota? Kan du i dag garantere at det er trygt for ungdom å søkje seg til partiet? Og etter dei siste opplysningane: «Vurderer du å ta din hatt og gå?»

I KrF varsla ei ung jente om sextrakassering. No har ho meldt seg ut av partiet. Ho påstår at ho ikkje har blitt tatt på alvor, at partiet har vore meir oppteke av å redde eigen ære enn å innsjå at det er ho som er offeret. Kvifor stiller ikkje media Knut Arild Hareide til veggs og grev og spør om kva slags tiltak han vil sette i gong for å hindre at noko slikt skjer igjen? Om han klarer å sette partiomsyn til side til fordel for dei som er offer? Om han kan han garantere at samfunnsinteresserte unge trygt kan engasjere seg i KrF?

I Hedmark dukka det nyleg opp enda ein ulv i menneskeklede. Fylkesordførar for Senterpartiet, Dag Rønning, har trekt seg på grunn av sex-varsel. Ikkje fyrste gong slikt skjer i SP heller. Kvifor heng ikkje media på Trygve Slagsvold Vedum som kleggar og let det hagle med spørsmål om kva han har tenkt å gjere for å garantere at senterungdom kan føle seg trygge i partiet?

Det ligg nye saker og vaker som snart blir jaga opp til overflaten av #metoo. Sånn skal det pokker meg ikkje vere. Ungdommen er framtida vår. Dei skal overta styre og stell. Difor trengst det leiarar som har integritet og mot nok til å hindre at klåfingrar jagar talenta ut av politikken. Og vi treng massemedia som ikkje gløymer at jobben deira er å vere årvakne vaktbikkjer.