Uviklinga i distrikta

I sommar har det vore fleire interessante innlegg om distrikts- og regionalpolitikken. Det synest å vera semje om at utfordringa er stor, og at det må tenkjast nytt og dristig, dersom ein skal lykkast med målsettjinga om å snu flyttestraumen, som Regjeringa har sett seg.

Norsk distriktspolitikk har hatt som viktigaste drivkraft at spreidd busetjing har ein eigenverdi, ut frå ynskje om eit kulturelt og sosialt mangfald. Dette mangfaldet utgjer i sum heile nasjonen sin identitet. Problemet er at i ei tid då det meste dreiar seg om materielle spørsmål, vert desse verdiane lett taparar i den politiske debatten. Dei store strukturendringane i samfunnet, knytt til endringar i teknologi, økonomi osb., har dessutan verka einsidig sentraliserande, så lenge dei ikkje har blitt politisk styrt. Derfor har mange gjeve opp, eller aktivt tatt avstand frå målet om å oppretthalde og vidareutvikle ein politikk for spreidd busetjing. Når ein i tillegg får hengt ein prislapp på utkantane, som gjev inntrykk av at nettokostnadene for samfunnet er fleire titals milliardar for norske skattebetalarar, kan ein skjøne at mange mistar både mot og ambisjonar. Strengt tatt lever dessutan dei fleste av oss bra med både færre bunader og dialektar. Norske byar er dessutan framleis relativt små.

Det vi derimot ikkje kan leve med, er å ikkje utnytte det potensialet for verdiskaping som ligg her i landet, og som på sikt kan gjera oss uavhengige av å pumpe mesteparten av velferden ut av oljebrønnane. Skal dette kunne gjerast på ein berekraftig måte, må heile landet takast i bruk.

Fire enkle grunnar støttar opp om synspunktet om at landet si framtid er avhengig av levande distrikt:

Statistikken over eksportinntekt pr. innbyggjar viser klart at Distrikts-Noreg yter mest til landet sine valutainntekter.

Sjølv med endringar i næringsstruktur og større grad av kunnskap- og service-intensivitet i verdiskapinga, vil landet sine inntekter og i framtida i vesentleg grad ha sitt utgangspunkt i våre naturressursar. Skal desse ressursane utnyttast og foredlast, må det som regel skje der dei finst. Eit opplagt døme i så måte er reiselivsnæringa. Lofoten lar seg vanskeleg flytte.

Dersom dei såkalla kunnskapsnæringane skal gje inntekter til landet, er ein avhengig av at det til stadig skjer nyskaping og nyetableringar. Små og mellomstore bedrifter utgjer hovudstamma i desse næringane. Skal dette potensialet utnyttast best mogeleg, er det viktig at personar med denne type kompetanse finn det attraktivt å busetje seg også utafor dei store sentra. Elles vil talenta lett bli oppslukt av store etablerte bedriftar, eller det offentlege, slik arbeidsmarknaden er i dag.

Drivkrafta for å lykkast som næringsdrivande er ofte større i små samfunn, med tette og forpliktande band mellom folk, enn i store og mindre oversiktlege.

Kort oppsummert kan ein seie at landet manglar verdiskaping og distrikta manglar folk. Skal vi lykkast med det fyrste, må vi gjera noko med det siste. Sentrumsregjeringa meiner derfor at det er eit overordna mål å arbeide for å halde oppe den spreidde busetjinga, og leggje til rette for at distrikta får ein alders-, kjønns- og kunnskapsmessig samansetning som gjer dei livskraftige framover. Det er fyrst og fremst opp til lokalsamfunna sjølve å sørgje for at dei framstår som attraktive bustader. For å stimulere til tiltak retta mot målgrupper som ungdom og kvinner, har Regjeringa etablert fleire ordningar som set fokus på dette viktige området.

Vi trur ikkje at dei relativt avgrensa distriktspolitiske verkemidla aleine kan motverke sentraliseringstendensen, men i kombinasjon med ein meir målretta distriktspolitisk innsats innanfor dei tunge sektorområda som samferdsel, utdanning/forsking, næringspolitikk og kommuneøkonomi, trur vi at dette kan gje gode effektar. Utfordringa ligg i å samordne dei ulike sektorane. Denne samordninga må skje like mykje sentralt, regionalt som lokalt.

Sjølv om vi no meiner å ha funne nye grep som vil gje betre effekt, er det grunn til å vera audmjuk overfor dei oppgåvene ein står overfor, og villig til å endre kurs, dersom erfaringar eller nye tankar tilseier det. Derfor er eit breitt engasjement om distriktspolitikken svært viktig, ikkje minst som grunnlag for ei ny stortingsmelding om distriktspolitikken. Det undrar meg at organisasjonar som t.d. NHO og LO, som vanlegvis snakkar varmt for auka verdiskaping, ikkje engasjerer seg sterkare på dette området.

Auka regionalisering er eitt tema som vil stå sentralt i denne debatten og som er omtalt i tidlegare innlegg. Det er mange gode grunnar til å gje både regionane og kommunane større handlefridom, ikkje minst innanfor utviklingsspørsmål. At graden av detaljstyring frå staten er for stor i dag, er denne regjeringa klar over, og innstilt på å gjera noko med, m.a. i samband med prosjektet «eit enklare Noreg».

Likevel er det langt herfrå til noko som kan kallast eit fullt regionalt sjølvstyre. Nasjonalstaten vil også framover vera viktig for å sikre grunnleggjande behov og interesser knytt til demokrati, sosiale tilhøve og minoritetar. Samanliknar vi Noreg med mange av dei regionane som vert utvikla innanfor og på tvers av nasjonalstatane i Europa, er framleis Noreg sine vel fire millionar innbyggjarar «ein liten region». Auka regionalisering i Noreg må sjåast i eit slikt lys.

Korleis så få mest mogeleg effekt ut av offentlege verkemiddel, og ikkje minst sikre demokratisk påverknad og engasjement? Eit hovudprinsipp må vera at staten nøyer seg med å definere måla og at ein gjev store rom for lokale og regionale tilpassingar. Mykje er alt gjort for å få til lokale og regionale tilpassingar når det gjeld bruk av distriktspolitiske verkemiddel. Her har vi stilt rammer til disposisjon for fylka, og overlate til fylka å fordele pengar på dei ulike ordningane slik at pengebruken avspeglar utfordringane i det enkelte fylke.

Den lokale kunnskapen om ressursane og utfordringane representerer ein føremon som vi skal utnytte maksimalt. Fylkesplan og årlege regionale utviklingsprogram vil derfor få auka status. For næringsliv og regionale statsetatar vil det bli langt meir spennende å delta i slike planprosessar, då dette arbeidet trekkjer opp hovudretninga som skal følgjast i fylket. Her vil utvikling av sterke partnarskap mellom privat og offentleg sektor vera ein føresetnad for å kunne lykkast med utviklingsarbeidet. Statlege/offentlege midlar i kombinasjon med private investeringar er god bruk av oljeformuen, når den vert bruka til å leggje til rette for framtidig verdiskaping. Liberalistiske land som USA og England går lenger enn Noreg her.

Teknologisk utvikling, m.a. informasjons- og kommunikasjonsteknologi, har hovudsakleg så langt ført til rasjonalisering og tap av mange distriktsarbeidsplassar. Dette har sett mange lokalsamfunn på prøve. Svaret ligg ikkje i å prøve å hindre ei naturleg teknologisk utvikling.

Tvert om ligg utfordringa i å bruke dei frigjorte ressursane og den nye teknologien aktivt til å skape ny og framtidsretta aktivitet i distrikta, både innanfor offentleg og privat verksemd.

Erfaringar tilseier at om lag 10 % av noverande verksemder blir lagde ned kvart år. I ein rapport som er lagd fram for Regjeringa sitt Forum for verdiskaping, peiker ein på at det må skapast 800000 nye arbeidsplassar i Noreg i løpet av dei næraste 20 åra. Distrikta må skape ein stor del av desse arbeidsplassane dersom vi skal klare den jobben.

Derfor får tiltak for å vidareutvikle regional kompetanse, utvikling av regionale kunnskaps- og verdiskapingsmiljø og tiltak som fremmer innovasjon og nyskaping ein stadig større del av dei økonomiske verkemidla. Truleg må innsatsen retta mot forsking og utvikling aukast monaleg for å fremme eit framtidsretta næringsliv i distrikta. Det same gjeld behovet for auka midlar til risiko- og såkornfond. Ser vi utover dei verkemidla Kommunal- og regionaldepartementet rår over, er oppbygginga av regionale høgskole-, universitets- og forskningsmiljø viktige ledd i satsinga på å møte framtidas utfordringar. Alt dette er eit nasjonalt ansvar. Så er det opp til dei lokale krefter å få butikk av det.