Våger å vinna og feila

Detaljerte sansingar kopla med originale refleksjonar slår gneistar når det fungerer.

Denne boka ønskjer lesaren bokstaveleg talt velkommen med eit eksistensielt alvor: «Det är ingenting annat än det föreståande avskedet som återigen gör världen mirakulös,» siterer han Johannes Edfelt. Det første diktet «Velkommen» byrjar med følgjande ord: «Det er din livstidsmorgen; du sitter på en benk.»

Fragmentarisk

Rune Christiansen fører saman eit uhyre detaljert språk frå den sansa verda, med uventa og originale abstrakte refleksjonar. «Hva betyr den, evigheten? Kanskje den hastige skyggen når et fly passerer, det langsomme regnet.» Eller i eit anna dikt: «Vi blir eldre, snøfnuggene snakker til oss.» Når dette går i hop, slår det gneistar av poesi, og me vert rivne med og opp og inn i diktet sin klare autoritet. Når det ikkje fungerer, skuldast det at sansingane vert for fragmentariske, og at refleksjonane vert for kryptiske, «statistisk sett tygger du en forlatt nøtt» er ikkje ein setning det er mange gitt å oppleva.

Innleiande alvor

Med denne boka med dikt og meditasjonar har Christiansen gått vidare på ein skriveveg der han våger å vinna og feila. Han vil kunna forsvara tekstane med at han ikkje tenker dikt som noko heilskapt og avslutta, men prøver å fange små refleksjonsopplevingar sett i gang av sanseinntrykk.

Likevel opplever eg som lesar eit problem når svært gode avsnitt vert sett saman med ting som verkar umotiverte og mindre språkleg spennande. Eg er nok fordomsfull her, og vil gjerne ha tekstar som fungerer frå ende til annan. Christiansen speglar ei røynd som ikkje er slik, og lagar difor nokre tekstar som er skitt og kanel i uskiljeleg blanding.

Men det finst mange, heile tekstar som fungerer svært godt, og som set i gang ting og opnar små dører, der ein bitte liten sti fører oss ut i poesiens surrealistiske landskap, der ingenting er gitt, men der formuleringar som er igangsetjarar, får ropeteikn og plussteikn i margen under lesinga. Det er når den frigjorde språkbruken vert kopla med det innleiande alvoret, at Christiansen vert best: «Så skjør den var, den avskjeden som åpnet de to stillhetene hjertet aldri vennet seg til.»