ORIGINAL HYLLEST: - Kvinner er eksotiske og gåtefulle akkurat som flaggermusa, sier Magne Rike om hvorfor han sammenlikner kvinner og flaggermus i sitt junidikt.
ORIGINAL HYLLEST: - Kvinner er eksotiske og gåtefulle akkurat som flaggermusa, sier Magne Rike om hvorfor han sammenlikner kvinner og flaggermus i sitt junidikt.Vis mer

Våger seg ut i lyset

Etter åtte år oppgir Magne Rike anonymiteten som Dagbladet-poet.

Bak månedens poet for juni, poet ad hoc, står Magne Rike. Etter å ha deltatt i Diktkammeret under nick som repo og kveldsvandrar, som har gått henholdsvis til topps og til finalen tidligere, våger han seg nå fram fullt navn. 

- Eg er ein nokså sjenert person som liker å liggje lågt i terrenget, men eg oppgir då anonymiteten. Eg har talt litt på knappane med omsyn til engasjement og anonymitet. Ei stund tenkte eg at eg på ein måte hadde lagt skrivinga på hylla, men det er vanskeleg å gå vekk frå sin eigen natur. Eg har alltid skrive, så det er ein del av meg, forteller han.

Eksotiske og gåtefulle
Junidiktet hans er en hyllest til flaggermusa, eller «Eit dikt til skinnvengja», som det heter.

- Det er noe sanselig, direkte, nesten hverdagslig, men også mørkt over det. Hvordan kom det til deg? Var det et streif av en svart vinge sent en kveld, eller var det en idé meir enn noe i den fysiske verden?

- Eg fekk motivet etter ein sein kveldstur då flaggermusa fauk omkring på tunet. Det er ofte ytre inntrykk som gjer at eg får idé til dikt. Eg synes flaggermus er eksotisk og vekkjer ei spesiell form for naturstemning. Eg har også eit rugdetrekk over garden, både skinnvengja og rugda er noko for seg sjølv i naturen. Her har eg ein del til felles med Tusten i Vesaas sin roman «Fuglane».

- Og plutselig bringer du inn kvinner med paraply. Hvor kom dt bildet fra? Og hvorfor ønsket du å binde skinnvingen til kvinneverdenen?

- Kvinner er eksotiske og gåtefulle akkurat som flaggermusa. Samanlikninga er eit visuelt bilete, då flaggermus opnar vengjene seint og «etappevis», rørsla liknar på når nokon opnar ein paraply litt nølande og prøvande. Eg har eit bilete i hovudet om kvinner som opnar paraplyen slik. Hos effektive og stressa personar seier det bare "pang!", og så er paraplyen oppe før dei hastar av garde i regnet.

- Ordbruken er også interessant, der «skinnvengja» nesten har noe Ragnar Hovlandsk over seg. 

- Sidan eg skriv på nynorsk, vel eg ofte arkaiske ordformer for å få fram rytmen og musikken i språket. Kanskje det har med fordomar å gjere, men det er mange som meiner at nynorsk er meir eigna som poetisk språk enn fagspråk. Eg veg einskildorda veldig nøye når eg skriv.

- I juryens kommentar skriver Helge Torvund blant annet at det virker som om «den som talar i dette diktet kjenner et slags slektskap med skinnvengja», og «liker å vandre ute i 'skinnvengja si tid'». Stemmer dette inntrykket?

- Eg føler slektsskap med flaggermusa i den forstand at eg føler eit nært forhold til naturen. På mange måtar symboliserer flaggermusa stille og ettertanke ved vandring i døger og natur, noko som er viktig for skriving av poesi. Juryens inntrykk av denne holdninga er rett, for det å skrive poesi er einstydande med å seie ja til ting. Ein må ha ei lyttande og open innstilling.

Sans for detaljer
Rike forteller at han alltid har skrevet.

- Hvor lenge er «alltid»?

- Eg har skrive sidan 20-årsalderen, artiklar og dikt i sørlandsavisene, og mange smådikt i Dagbladet, det gamle formatet under Kort og godt og på Bysiden.

- På hvilken måte former skrivinga deg — og i hvor stor grad former du skrivinga? Med andre ord: Kommer ideene ustoppelig og tvinger seg ut i skrift, eller er du en mer intellektuell poet, som tenker ut motiv og temaer og linjer/strofer før du setter deg ned?

- Skrivinga formar meg slik at eg får meir sans for detaljar. Ideane kan dukke plutseleg opp, men også etter lang planlegging. Og skrivekonseptet er viktig, eg jobbar mykje med den enkelte teksten. Me lever i ein fragmentarisk verden, og eg prøver å lappe den saman til eit heile. Eg prøver å skape ei syntese av stemning og episk undertone, menneske, natur og tid. Epokane bør løpe saman, romantikk og modernisme sameinast. Verdiformidlande sentrallyrikk og tendenslyrikk eller skildringa av mørke sider er like viktig. Ein kan ikkje ha noko standardoppsett for skrivekonsept.

- Du sier du «har talt litt på knappane med omsyn til engasjement og anonymitet». Er skrivinga noe privat for deg?

JUNIPOETEN VÅGER SEG FRAM: Magne Rike har deltatt i Diktkammeret av og på i åtte år. Nå står han fram med fullt navn. Foto: Privat
JUNIPOETEN VÅGER SEG FRAM: Magne Rike har deltatt i Diktkammeret av og på i åtte år. Nå står han fram med fullt navn. Foto: Privat Vis mer

- Anonymitet er ikkje noko spesielt poeng for meg, og det å skrive for skrivebordsskuffen er meiningslaust. Eg vil gjerne få tekstene ut til folk, men er ikkje særleg aktiv sjølv med å realisere dette. Men eg må innrømme at det gjev ei veldig god kjensle at junidiktet, som eg er fornøgd med og ikkje skammar meg over, snart kan få eit betydeleg stort lesartal gjennom Dagbladet.

Gir driv
Rike har deltatt i Diktkammeret i rundt åtte av forumets ti år, med en pause på fem år.

- Den har bestemte årsaker, men nå er det full fres igjen! Det som er veldig bra med Diktkammeret, er at ein får ein pådrivar til å realisere tekster og vere produktiv. Tilbakemeldingar er viktig i den samanheng, mener Rike.

- Og hva er forumets svakheter, synes du?

- Somme kjem med ufine innlegg, opererer kanskje med fleire nick, og set i gong meiningslause debattar og personlege samtalar. Det er lite ein kan gjere med det. Den enkelte deltakar får her gå i seg sjølv og vurdere kva for profil han synes passar best til sin person.

For først og fremst synes likevel junipoeten det er givende å delta:

- Så det blir kanskje innfallsvinkelen til å prøve eit manus ved forlag ved seinare anledning. Hittil har det ikkje lukkast, men ennå er der vel eit håp, sier han.

I mellomtida vil juryen gjerne fortelle at Diktkammeret blir bok på Samlaget dette året — nærmere bestemt en større jubileumsbok med Helge Torvunds leksjoner, alle månedens dikt samt en portrettdel. Vi kommer tilbake med mer informasjon når det nærmer seg utgivelse, men kan i mellomtida avsløre at vi gleder oss!

Les juryens kommentar:

«faldar ut dei uhøyrlege vengene sine/slik tankefulle kvinner opnar ein paraply» ... Denne fabelaktige sekvensen i «Eit dikt til skinnvengja» kastar brått diktet ut frå ein fin forteljande flyt og vert til eit slikt sprang som er eit av poesiens sterkaste kort som uttrykksmiddel. Eit biletkort! Brått fell to heilt ulike univers i eitt samlande bilete og utvidar det episke og samanhengjande med ei så kraftig og plutseleg rørsle at det nærast sprengjer forteljinga, men gjer ikkje det likevel. Skapar bare nye samanhegnar og uventa assosiasjonar. Den som talar i dette diktet er godt kjent med den vanlegaste oppfatninga av flaggermusa, «den ekle blodsugaren», men delar ikkje heilt denne, i staden kjenner han ein slags slektskap med henne, får ein inntrykk av, og liker å vandre ute i «skinnvengja si tid».

Det er ei opphoping av spørsmål etter å ha opplevd «overflata av ein dag» som fører personen ut i den blå togna der skinnvengja finst. Diktet har noko litt traust og ei tradisjonell diktarrolle over seg i måten det fortel dette. Den eine som kjenner seg utanfor går og tenkjer på alt som det ikkje finst svar på. Men så kjem altså dette modernistiske, ja, nærast surrealistiske biletet, der flaggermusvengjene og paraplyane til tankefulle kvinner fell saman. Det  trauste er borte. Diktet skjelv stille i eit sus av bilete. Og flagrar ut av togna og vert månadens dikt!  

For juryen,
Helge Torvund

DIKT I DAGBLADET:
Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladet.nos diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er tilsvarende et diktforum for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer løpende utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Helge Torvund, Kristian Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladets papirutgave. Én av finalistene fra hvert forum blir dessuten kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbyr Dagbladet Dikt.no, et skriveverksted der det i tillegg til dikt er mulig å sende inn og diskutere sjangere som noveller, sangtekster og sakprosa.

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange av kammerpoetene har etter hvert debutert i bokform. Dagbladet har laget to bøker i tilknytning til foraene:
• «Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund på Samlaget (2001) med leksjoner i diktskriving og dikteksempler.
• «Faen ta tyngdekrafta» med poeter fra Skolekammeret på Gyldendal Norsk Forlag (2008).
• I tillegg jobbes det med en større jubileumsutgave for Diktkammerets ti første år, som er planlagt utgitt på Samlaget høsten 2011.

• Les alle Helge Torvunds leksjoner — en gavepakke til skrivende