Vakkert om endetid

Poeten inviterar oss inn i ei magisk verd; der den demente er.

BOK:I ein mjuk omskriving av eit Bukowski-sitat får Oddveig Klyve åra til å springa over bakkane som sauer om våren. Og etter mange år ender mange menneske opp i ein tilstand der fantasi og annan røynd ikkje er så lett å skilja. I ei bok sett med lesarvenlege 14 punkt, og i eit uvanleg enkelt og presist språk, skildrar Klyve med vare ord den prosessen det er å sjå si eiga mor eldast, og oppleva at hennar grenser går i oppløysing og nye erfaringar kjem til uttrykk. Mora er på ein aldersheim. Og denne boka handsamar det vanlegvis frustrerande og provoserande ved at eins eigne foreldre kan fjerna seg slik i synet av verda, at dei ikkje kjenner oss att. Det støkk i ein når den gamle mora brått har eit nyfødd barn i bylten som ikkje er synleg: Er han ikkje vakkerEller ser du det ikkjeat han er komen nohan som var borte på vegenDu må bruka det andre blikketdet som serat alt er mogleg Ein skal vera ein tøff tommelfingernagl om ikkje denne boka rører ved ein. Og for ein som underteikna som har tent si verneplikt ein slik stad, er det godt å sjå dette skildra på denne nyanserte og direkte måten. For poeten har laga ei bok som viser ein annan måte å oppfatta denne situasjonen på. Klyve har så stor respekt for heile mennesket, at også dette bare må takast inn og vera med i heilskapen. Du lyser i glededer du sitmed restar av egg på haka Ho inviterar lesaren inn i dette som ei magisk verd. Som ei verd der eventyret og surrealismen har vore. Kva kan me få lov å oppleva om me vågar å vera med den gamle inn i dette og lytta og ta del så langt me maktar?Klyve varierer skrivemåten med meir prosaliknande stykke når mora går inn i demente fantasiar og det er fin rytmisk flyt i desse. Ho skriv og tvitydig og vakkert og skiftande om tida som eit varmmjukt dyr som fortærer alt i marerittaktige visjonar og «blir borte med bitar av/vegger og tak som/tygg i seg namn». Nå er det ikkje alle gitt å ha eit slikt avklara og kjærleiksfylt forhold til foreldra sine, sjølv om dei vert gamle og hjelpelause. Men dei meir kompliserte og innfløkte og nevrotiske knutane har jo litteraturen gitt oss mange innblikk i. Difor er dette ei kjærkomen bok også slik sett. Den like reelle atmosfæren av å gradvis mista nokon ein er veldig glad i og har hatt mange gode minne saman med veks fram frå boksidene. Nå går mora lenger attende i eigne minne og er der; «gre meg likevel/vil vera fin/for eg skal jo på skulen». Det som slår ein når ein les, er kor gjennomkomponert boka har blitt, slik at dei små og rytmiske rørslene i bokstavrima, i skifte mellom nå og då her og der, i fantasiens flukt både hjå den demente, men og hjå den som minnast korleis barndommen baud på syklande englar og himmelblå støvlar. Dette stillferdige musikalske kammerspelet her også ein vev som inneheld renningar av angst og uro, men der eit kjærleikens lys fell innover det, ser me «morgonen sin perlevev»: Å grublemor grovbrødmorbedemor bademorskrubbemor skramlemorÅ lesemor lyttemorsyngemor sankemorruslemor raslemorÅ klippemorklappemorgrytemor gråtemortrøstemor traskemorÅ nynnemor nattmormånemor morgonmorsolmor livmorÅ mor