SEIERSGLEDE: MDG jublar over å vera blokkuavhengige og ha oppfylt den vidunderlige draumen om vippeposisjon. Foto: Tomm W. Christiansen
SEIERSGLEDE: MDG jublar over å vera blokkuavhengige og ha oppfylt den vidunderlige draumen om vippeposisjon. Foto: Tomm W. ChristiansenVis mer

Valet som alle vann

Men MDG kan bli knust i ein våg dei ikkje har visst om.

Kommentar

DENNE VEKA har alle tapande parti kappast om å forklara at dei egentlig gjorde eit godt val. Det gjeld bare å finna eit passande samanlikningsgrunnlag. Siv Jensen, som denne valnatta stilte i mørkeblått eller tilpassa svart, var krampaktig begeistra over at pilane peika oppover etter at den første prognosen var så låg. Og så trøysta ho seg som vanlig med Trollmannen frå Os, og med at det snart skal lukta meir asfalt av Ketil Solvik-Olsen.
Det må jo gå galt når partiet for folk flest samlar seg til valvake i Speilsalen på Grand. Det kunne ha blitt Morn'a Siv om ikkje gamlehøvdingen Carl I. Hagen frivillig hadde tatt på seg å vera syndebukk. Han har jo lang erfaring i å dyrka offerrolla.

HØGRE fekk svidande slag, særlig i store og robuste byar som Erna Solbergs Bergen. Men det kan jo omskrivast til det nest beste kommunevalet på 25 år. Sant?

SV-LEIAREN Audun Lysbakken gjorde eit nytt val på sperregrensas gravkant. Heldigvis kommenterte han resultatet då partiet låg noen tidelar høgare, så han tolka det som ein gjenoppstandelse. Samanlikna med meiningsmålingane på forsommaren, rimeligvis.

KRISTENKVIKKASEN Knut Arild Hareide la seg på jamne kunstløpstal. Det er jo passande for ein som i valkampen fekk betre karakterar for utførelse enn for vanskelighetsgrad. Då alvoret slo inn over han utover valnatta, gjekk han inn i ein interessant språklig metamorfose og slo over i ein slags felles bibelbelte-dialekt. Han begynte på Bømlo, seig forbi Haugesund, Stavanger og Bjørheimsbygd og hamna i noe nær Moi og Flekkefjord. Han er nok meir påverka av kona, Lisa Maria Larsen, enn Erna Solberg er av sin ektefelle, Sindre Finnes.

DET VINNANDE Arbeiderpartiet, der Jonas Gahr Støre flørtar i Vandrehallen og skal lave en ny politikk med åpen kyrkjedør, hadde også sine nederlag. Dei tapte 30 prosent i Årdal, landets lengstlevande eittpartikommune.

MILJØPARTIET De Grønne jublar over å vera blokkuavhengige og ha oppfylt den vidunderlige draumen om vippeposisjon. Det er nesten ufint å minna dei politisk grøne om at den draumen gjerne endar som mareritt i ei morgonstund. Ein forskrevar seg i vakling om kva retning det skal vippast mest i. Det er like vanskelig å vera i vippeposisjon som å satsa på å halda eit stort parti i øyrene, for det fører til indre strid mellom strammarar og slapparar om kor hardt det skal haldast. MDG kan koma til å bli knust til vrakgods i ein våg dei ikkje har visst om.

KALIFATET har ikkje kome nærare etter dette valet som blei stang ut, men det er utsikter til å få ein Mohammad som sultan i Oslo rådhus.

DET ENDELIGE resultatet av det åpne, levande og snodige valet til den forkledde statskyrkja, som i tid og stad kliner seg opp til det sekulære valet, kjem rimeligvis ikkje før ei veke ut i advent. 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook