Våpen og utstyr i politiet

ME HAR LAGT

merke til at Dagbladet ikkje gjev seg lett. På leiarplass onsdag 21. april, understrekar avisa nok ein gong at den er i mot å væpna norsk politi. Det er me også, sjølv om Dagbladet nektar for det.

Skilnaden på Politiets Fellesforbund og Dagbladet er kva me meinar med ordet «væpning». Det at politifolk ute på oppdrag har våpen med seg i bilen, er ikkje det vi kallar å væpna politiet. Dei må framleis innhenta løyve frå leiinga for å bruka våpenet. Det dei slepp er å reise tilbake til lensmannskontoret eller politistasjonen for å henta det. I vårt land med store avstandar mange stadar, er det ein stor fordel, både for publikum som treng beskyttelse og for politiet sin tryggleik.

At Dagbladet definerar det å ha våpen i bilen som «væpning», er greitt. Men for Politiets Fellesforbund blir det først væpning av norsk politi, når kvar tenestemann har sitt eige våpen «på hofta». Ei slik væpning er me imot.