Var det fornuften som vann?

PASIENTHOTELLET: Så har saka om sjukehotellet på Radiumhospitalet funne si løysing. Hotellet blir bygt, av Kreftforeninga og Staten. Sjukehuspersonalet, diverse aktørar og media jublar. Sunn fornuft og folkeleg press har vunne over forbeina byråkrati og regeltenking. Den avsette direktøren, Åge Danielsen, leverer i Dagens Næringsliv ein velformulert søknad på den oppseiinga han alt har fått. Helseministeren har overprøvt styret i helseføretaket og vist handlekraft. Styret og styreformann er audmjuka og latterleggjort og sit i skammekroken og slikkar såra sine.

Så er alt vel. Sjukehotell er bra, svært bra. Eg har vore innom eit par slike og veit det. Men er alt sagt med det?

Det starta med helseministerens gardinpreike i Stortinget. No måtte helseføretaka, Herren fløtte meg, halde orden i eigen økonomi. Dei hadde fått meir pengar enn nokon gong, og det nytta ikkje å kome og hente nye pengar. Svaret var nei. Statsministeren sto bak henne. Orda var sterke, harde og eintydige. Dei var ikkje til å misforstå.

Når det så viste seg at direktøren på Radiumhospitalet hadde starta eit stort byggeprosjekt, utan styrevedtak, utan budsjettdekning og utanfor gjeldande prioriteringsliste, gjekk alarmen. Med helseminsterens sterke ord i øyro sette styret foten ned. No var det tid for økonomisk og organisatorisk orden!

Og no er det heile over. Hotellet blir bygt. Helseministeren hadde nye pengar, som ho ikkje hadde for eit par månader sidan. Men det ligg fleire konklusjonar i dagen. Vi har eit sjukehussystem i økonomisk ubalanse, underskota skyt i veret. Snart blir det problem med lønnsutbetalingane den 20. I kvar månad. Samtidig har vi eit system der makta ligg ein stad og ansvaret ein annan. Det kan ingen organisasjon leve med i lengda.

Sjukehusreforma var eit forsøk frå det politiske systemet på å organisere seg bort frå tunge og vonde politiske val. Dei lokale styra i helseføretaka skulle frå no ha ansvaret for sjukehusa og slite med dei ekle prioriteringane. Så viser det seg, gong på gong, sist no i sjukehotellsaka, at eigaren, statsråden, grip inn med si tunge hand når eit styre har gjort eit upopulært vedtak for å berge budsjettet. Greier media og andre aktørar å piske opp sjøen, bøyer statsråden unna, og styret, med sitt budsjettansvar, bøyer nakken. Og så held statsråden ei ny gardinpreike når styret kjem med sitt sprengde budsjett. Det er nokså uforståeleg at nokon vil ta styreansvar på slike vilkår, der ansvar og makt ligg i ulike hender.

Det kan hende at det var fornuften som vann i sjukehotellsaka. Viktigare var likevel noko anna. Saka viste at sjukehusreformen byggjer på ein illusjon. Det er uråd for sentrale politiske organ, som regjering og statsråd, å organisere seg bort frå tunge politiske val og prioriteringar ved å leggje det ut til føretaksstyre eller kva no syndebukken heiter. Nissen skrattar på vognlasset. Helse er politikk.

I politikk og i samfunnet elles er det felt der prossessen fram til eit vedtak kan vere vel så viktig som sjølve vedtaket. Konstitusjonen vår, styreforma, er eit slikt felt. Å endre konstitusjonen er eit seint og tungt arbeid, og slik skal det vere. Han skal ta vare på mange sårbare verdiar. Den tungrodde prossessen fortel om eit balansert og stabilt samfunn. Han har ein eigenverdi, utover resultatet.

Hos oss er det regjeringa som utnemner biskopar. Mange meiner det er uverdig. Kyrkja, kven no det er, bør få gjere dette sjølv. Det ville føre til fleire homofobar og færre kvinner i bispekollegiet, men det ville vere betre enn å ha Trond Giske til kyrkjefyrste. Prossessen er viktigare enn resultatet.

I sjukehotellsaka vart prossessen viktigare enn resultatet. Resultatet vart ikkje så dårleg, sjukehotell er bra. Men prossessen viste at vi har eit sjukehussystem ute av styring, og utan fungerande styringssystem. Og vi har eit system der makta og media kan audmjuke og latterleggjere dei som prøver å utøve den styringsfunksjonen dei er pålagde, av den same makta.

Og rundt i regionane sit dei rundt sine styrebord og veit ikkje om dei skal le eller gråte.

Det kan bli god plass rundt styreborda i helseføretaka i tida som kjem.

Og lang kø hos statsråden.

At vi i lengda skal kunne leve med at vår største næring, som bruker dei fleste milliardane, og som skal ta vare på helsa vår når det røyner på, har eit styringssystem som vi har sett siste månaden, det er vondt å tru.

Også om systemet, nærast av vanvare, skulle levere eit framifrå sjukehotell på Radiumhospitalet.