Var Heyerdahl mormon?

THOR HEYER-DAHL: I det siste har det vore spekulert i pressa om Thor Heyerdahl eigentleg var nazist. Han meinte i alle høve at polynesarane var late bastardar som umogleg kunne ha utvikla kulturen sin på eiga hand. Sjølv er eg forundra over at han i årevis fekk kolportere dei amerikanske mormonane si lære om kulturkontakt mellom den gamle og nye verda, og dét som om dette var hans eigne idéar.Arkeologar, kulturforskarar og genetikarar er samde om at dei amerikanske indianarane vandra over landbrua mellom Sibir og Alaska for mange tusen år sidan, og at polynesarane, som stammar frå Sør-Aust Asia, har folkesett Stillehavsøyene over ein periode på 2-3000 år. Kulturen sin har dei utvikla sjølv. Men på Heyerdahls fyrste reiser i Stillehavet må han ha støytt på innfødde som kunne fortelje han at folket i Polynesia var komne frå Amerika. Dette hadde dei nemleg lært av mormonar som heilt sidan fyrste halvdel av attenhundretalet dreiv intens misjonsverksemd blant øyfolket. Der fortalte dei om The Book of Mormon som grunnleggjaren av mormonkyrkja, Joseph Smith, «fann» nedgraven utanfor Manchester i staten New York i 1827. Her står det at amerikanske indianarar og polynesarane stammar frå Israels folk, og at dei sigla frå Midtausten omkring år 600 f. Kr. I den nye verda utvikla dei seg til to ulike kulturar, ein med lyshuda menneske og velutvikla samfunn, og ein med mørkhuda villmenn. Frå Amerika sette dei over «havet i vest» til Påskeøya, Marquesas, Tahiti, Hawaii og alle dei andre øyene i det vi kjenner som Polynesia. Her skiljer dei lyshuda og høgreiste polynesarane seg frå dei mørkhuda melanesarane på øyene nærare Asia (Fiji, Ny-Caledonia, Vanuatu, Solomonøyane), og dei blei derfor sett på som «the noble savages».

Artikkelen fortsetter under annonsen

DEN AMERIKANSKE forfattaren Paul Theroux har peika på at mormonane sin bodskap liknar det Heyerdahl seinare lanserte som sin eigen teori, då med den vrien at det var kulturen, ikkje nødvendigvis alt folket, som hadde kome frå Amerika. Han «beviste» dette ved å krasjlande Kon-Tiki på revet til ein atoll i Tuamotuarkipelet i 1947. Seinare fylgde ekspedisjonane med Ra I og Ra II som skulle sannsynleggjere den fyrste delen av «teorien», nemleg at den mellomamerikanske høgkulturen hadde sitt utspring i Midt-Austen. Joseph Smith ville ha sagt seg nøgd med resultatet. Paul Theroux uttrykkjer det slik: Ein skulle tru Heyerdahl sto på mormonane si lønningsliste. Folket på øyane i Stillehavet har vorte brutalisert av kolonimakter, hjernevaska av misjonærar, og til sist kom Heyerdahl og prøvde å ta frå dei kulturhistoria òg: Det var peruvianarar, ikkje polynesarar, som brakte kulturen til Stillehavet, meinte han. Til liks med sine åndsfrendar, mormonane i Jesu Kristi Kirke av de Siste Dagers Hellige, var Heyerdahl livet ut totalt upåverka av at det aldri har vore funne fnugg av evidens for teoriane hans, korkje på det amerikanske fastlandet eller i Stillehavet. Det er på tide at vi nordmenn gjer bot og tek eit oppgjer med alt tøyset til bløffmakaren Heyerdahl.