Unge Land$mål?: Aasen skreiv den aller fyrste norskspråklege raplåten som kom på plate. (Foto: Ivar Aasen-tunet/NPK)
Unge Land$mål?: Aasen skreiv den aller fyrste norskspråklege raplåten som kom på plate. (Foto: Ivar Aasen-tunet/NPK)Vis mer

Var Ivar Aasen Noregs fyrste rappar?

Nei då, sjølvsagt ikkje. Men han skreiv, heilt ufrivillig, Noregs fyrste raptekst — som er full av multirim, og som tar pulsen på samtida, både då og no.

Når eg ikkje skriv om raptekstar, skriv eg helst raptekstar og rappar dei, og eg har gitt ut nokre plater. Fordi eg rappar på ein dialekt som liknar ein del på skriftspråket nynorsk, møter eg ofte folk som vil snakke med meg om nynorskens far — og om rap på nynorsk, som om det er det eg held på med. Folk har ofte sagt til meg: «Ivar Aasen var på ein måte Noregs fyrste rappar, veit du!» Det er sjølvsagt berre tøv. Eller: «Du veit, hadde Ivar Aasen levd i dag, så er det sikkert rappar han hadde vore, han òg!» Det tvilar no eg sterkt på. Eg trur ikkje Aasen var tøff nok i trynet til å vere rappar, verken på ekte eller ironisk — eller nokon plass i mellom.

Likevel finst det nynorsk rap, skrive av Ivar Aasen. Ikkje nok med det, Aasen skreiv den aller fyrste norskspråklege raplåten som kom på plate. Dei fyrste hip-hopparane som spelte inn og gav ut rap på norsk, var Gatas Parlament med tolvtommaren «Autobahn til union» i 1994, tett fylgt av Ellers Det med EP-en «Ellers takk». Men nesten ti år før det, rappa Henning Sommerro «Lovtale yver Culturen» av Ivar Aasen.

EN BOSS: var akkurat det Ivar Aasen poserte som i Karl Johans gate rundt 1892. (Foto: Ivar Aasen-tunet/NPK)
EN BOSS: var akkurat det Ivar Aasen poserte som i Karl Johans gate rundt 1892. (Foto: Ivar Aasen-tunet/NPK) Vis mer

Henning Sommerro kjem frå Surnadal på Nordmøre, og er songar, komponist, organist og pianist med ein svært allsidig karriere. For folk flest er han mest kjend for låten «Vårsøg», som er ei tonesetjing av eit dikt av Hans Hyldbakk. Då Sommerro gav ut plata «Neonlys på Ivar Aasen» i 1986, var tanken å shine opp den gamle språkhøvdingen. Plata kom ut på Kirkelig Kulturverksted, og var eit samarbeid med kulturredaksjonen i NRK P2. Denne utgivinga var ei av dei viktige hendingane som auka fokuset på Ivar Aasen på åtti- og nittitalet, noko som kulminerte i Dei nynorske festspela i 1992, Ivar Aasen-året i 1996, og endeleg opninga av det nye Ivar Aasen-tunet i 2000.

På plata tolkar Sommerro mange kjende Aasen-tekstar, som «Dei gamle fjell» og «Nordmannen» (Mellom bakkar og berg), og ein del mindre kjende tekstar. Låtane har dynamiske og eksperimentelle arrangement, tydelegvis inspirert både av folkemusikk og samtidsmusikk. Då Sommerro oppdaga «Lovtale yver Culturen», som fyrste gong stod på trykk i bladet Dølen i 1866, slo det han at teksten enno var aktuell, og at det ikkje var så mykje som hadde endra seg på 120 år. Teksten handlar nemleg om snobberi og den overdrivne bruken av framandord. Derfor måtte teksten få eit notidig uttrykk, og kva var vel meir aktuelt og moderne i 1986 enn rapmusikk?

Sommerro sine eigne hip-hopreferansar avgrensa seg til det han hadde høyrt på radio og fjernsyn, og med dette utgangspunktet programmerte han ein trommerytme, skar vekk over halvdelen av den lange teksten, og rappa så godt han kunne. Tempoet er høgt (111 bpm), og det er tydeleg at teksten ikkje er skrive som rap; nokre linjer har for mange stavingar, så Sommerro må ofte skunde seg litt for mykje for å nå å seie fram alle orda i kvar takt. Men oftast glir det bra, og det meste av teksten liknar mykje på rap, som til dømes: «Soleid skal det trivielle / vika for det ideelle, / alt det smaa og specielle / jamnast i det generelle.»

Rimmønsteret er det same gjennom heile teksten; det er bolkar med fire linjer med det same enderimet heile vegen. Men Sommerro rappar to linjer per takt, og gjer det altså om til kuplettar med innrim. I tillegg kjem endå fleire innrim og bokstavrim strødd utover. Mengda med rim er høg, og stilen minner på denne måten om raptekstar som kom mykje seinare enn 1986.

Betyr det at Ivar Aasen var før si tid, og laga rap for 150 år sidan? Nei, det berre minner oss om at lite er heilt nytt, at nye sjangrar og uttrykksformer ofte berre er nye variantar av noko gammalt. Og det å uttrykke seg med rim og rytmar er noko tidlaust og svært menneskeleg.

Professor i nordisk litteratur, Vigdis Ystad skriv dette om Aasens poetikk: «Diktinga skal vere ei atterspegling av folket sine tankar; lette hugen og vekkje mod. Siktemålet for Aasen var å skrive folkeleg nyttepoesi som kunne verke frigjerande og sanningsskapande.»
«Lovtale yver Culturen» lettar hugen med sitt ironiske og satiriske blikk på samtida. Men fyrst og fremst er det brifing med multirim; som ein annan rappar held Aasen det gåande lenge etter me har forstått poenget (hugs at originalteksten er mykje lenger enn i Sommerro sin versjon).

Folkeleg nyttepoesi som virtuos ordsjonglering. Det er rap, det.