TOMMEL OPP? Alt du likar på Facebook blir vidareformidla til alle på venelista di, og dette kan juridisk bli problematisk. Foto: NTB Scanpix
TOMMEL OPP? Alt du likar på Facebook blir vidareformidla til alle på venelista di, og dette kan juridisk bli problematisk. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Vår digitale verden

Vår «vedunderlege nye, digitale verd»

Kvar gong du søkjer etter noko på nett, blir data om dine ønskje og behov selt til relevante tilbydarar.

Meninger

Du ser ei digital reklametavle på eit kjøpesenter, og tenkjer at du er jo faktisk litt svolten. På skjermen lyser det opp freistande tilbod med bilete av ferske, lekre matrettar frå restauranten like ved. Dersom du er kvinne, kanskje litt for feit, ser du bilete av ein fargerik salat med berre 299 kaloriar til kun kr. 99,- Dersom du er mann, viser skjermen deg bilete av store pizzastykker med rennande ost og eit spesialtilbod: Et alt du orkar for under hundre kroner.

For reklametavla veit faktisk kven du er. Øvst i ramma står eit kamera, kobla til ei datamaskin som sorterer folk etter utsjånad. Den analyserer mellom anna om du er mann eller kvinne, omtrentleg alder, kroppsbygnad, høgde, om du har briller eller ikkje, om du smiler. Difor får du i løpet av sekundar eit personleg tilpassa reklametilbod på tavla.

Dette er ikkje framtidsfantasiar. Dette vart avslørt i mai, då Dagbladet fekk eit tips frå ein kunde som hadde stått framfor ei slik digital reklametavle. Den var diverre defekt, noko hadde gått gale i computeren, slik at kodeteksten vart synleg på sjølve tavla – i staden for reklamane for Peppes Pizza. Tipsaren forsto dei rare meldingane, for han visste korleis algoritmar og digital ansiktstolking fungerer.

Denne veka kom nyheita om at det kan bli straffbart å dele ut «likar» på Facebook, altså å gje ein tommel opp for noko som er rasistisk eller på anna vis straffbart etter norsk lov. Problemet er då ikkje at du sjølv har slike meiningar, men at du ved å like ting andre publiserer på nett også er med på å oppmode til rasisme eller andre ulovlege ytringar. Alt du likar på Facebook blir nemleg vidareformidla til alle på venelista di, og dette kan juridisk bli sett på som om du samla dine 1000 nærmaste vener på torget og jublar for ein hatefull appell mot til dømes jødar.

For oss småparanoide datanerdar, som alt i mange år har hatt ein liten bit svart elektrotape framfor det innebygde kameraet på datamaskina vår, er reklametavler som les oss både sjokkerande – og ikkje overraskande. Tavla med Peppes-reklamen vart rett nok straks kopla ned, men debatten er ikkje ferdig: Vi lever i eit samfunn der mange veit stadig meir om oss. Det er faktisk ikkje Storebror Staten vi bør frykte mest i vårt land, der slit dei ulike instansar med så mykje feilslått datainvestering og manglande internkommunikasjon at dei ikkje har tid til å samankople alt dei veit om deg. (Det er difor folk med to amputerte bein må få fastlegen sin til å sende inn stadfesting tredjekvart år, slik at dei som steller med uføretrygd kan vera sikre på at folk ikkje har dyrka fram nye føter i løyndom, og dermed snyltar på felleskassa og oss som faktisk må jobbe.)

Nei, det er du sjølv som heilt frivillig gir frå deg informasjon. For kvar app du takkar ja til, om det er Rema 1000 eller fagforeininga di, finst ei lang liste over alt den kan gjera på datamaskina eller telefonen din. For kvar gong du søkjer etter noko på nett, blir data om dine ønskje og behov selt til relevante tilbydarar. Du melder om ein konsert du har sett, eller i verste fall om kva politisk parti du hatar. I desse dagar, fram mot september, går store deler av valbudsjetta hjå norske parti til digitale profileringsspesialistar. Har du likt ein video der snertne wannabe-budeier dansar på Karl Johan og vil ha gratis mjølkekurs? Bønder er særs «hot» og «in» denne valkampen. Så då kan du rekne med at alle parti er med i bodrunden, alle vil kjøpe meir info om deg, og sjølvsagt retten til å sende akkurat sin reklame i fleisen på deg neste gong du loggar på. Slikt er kanskje ikkje så farleg, vi har då trass alt eit demokrati der dei fleste ikkje kan unngå å få med seg eit motargument eller fem. Men i smalare saker, i saker som er mindre stovereine og dermed vanskelegare å fronte offentleg, der gir dei nye personaliserte kommunikasjonstriksa mykje makt – til få folk.

Meiner du at vår Høgsterett er kjøpt og betalt av sosialistar og farlege muhammedanarar, og at det vart bevist no torsdag då dei nekta ein stakkars martyr å leggje saka si fram på nytt?

Då er du kanskje mellom dei få som kan gle seg over vår vedunderlege nye, digitale verd. For folk flest i Noreg var Orwell gamaldags alt i 1984, men for deg gir Huxley framleis von.