17. MAI-TEAMET: NRKs programlederteam 17. mai. F.v: reporter Dennis Vareide, radioprogramleder Pål Plassen, radioprogramleder Hege Holm, TV-programleder Haddy N'Jie og kommentator Noman Mubashir. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
17. MAI-TEAMET: NRKs programlederteam 17. mai. F.v: reporter Dennis Vareide, radioprogramleder Pål Plassen, radioprogramleder Hege Holm, TV-programleder Haddy N'Jie og kommentator Noman Mubashir. Foto: Tore Meek / NTB scanpixVis mer

Vårens styggeste eventyr

En fryktsalat: Den intense debatten om utenlandske flagg, innvandrere i bunad og mørkhuda programledere.

Meninger

Så er det over for denne gongen. Vårens styggaste eventyr; den intense debatten om utanlandske flagg, innvandrarar i bunad og mørkhuda programleiarar i NRK 17. mai. Ein fryktsalat.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

På Twitter fleipa eg, etter kvart som 17. mai nærma seg, med at snart byrjar årets flaggdebatt. Ein følgjar repliserte: «Hjemme hos oss får ikke barna gå barbeint eller ha på seg sommerjakke før flaggdebatten har startet.» «Fleipa» fordi eg var sikker på at temaet var utdebattert. Men den gong ei. Plutseleg eksploderte det i alle media. Verre enn nokon gong. Det er så ein blir sittande og undre seg på om deler av det norske folk har gått fullstendig av skaftet og gløymt at raus inkludering og mangfald også er norske verdiar.

Flaggdebatten kunne ha vore komisk i sin absurditet om han ikkje blir så tragisk. Det er i utgangspunktet ein ikkje-debatt på lik linje med bønnerop frå moskèar. Folk viftar ikkje med utanlandske flagg i utide 17. mai. Slike flagg er ikkje totalt fråverande, men der dei førekjem, er det som regel ein planlagt del av eit innslag i eit barnetog.

For mange år sidan deltok eit nederlandsk musikkorps i barnetoget i Stavanger. Dei hadde dekorert instrumenta med nederlandske og norske flagg. Folk klappa og tykte det var stor stas. I dag hadde kanskje «flaggpolitiet» grepe inn og fjerna den nederlandske delen av dekoren? Der har dei òg ein stolt tradisjon med ei flaggborg som viser at Stavanger er ein internasjonal by med innslag av folk frå mange nasjonar. Ein tradisjon som òg blir applaudert av Stavanger-folk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg kallar den årvisse, angstbiterske diskusjonen om utanlandske flagg på 17. mai ein ikkje-debatt fordi det rett og slett ikkje er vanleg å sjå utanlandske flagg i norske barnetog, Om dei altså ikkje er ein del av spesielle innslag. Likevel har diskusjonen i år nådd nye høgder.

«17. mai vil vi bare se norske flagg! Enig?» spurte Jan-Ove Fromreide, administrator for den høgreradikale FB-gruppa «Fedrelandet viktigst» på Twitter. Eit retorisk spørsmål eigna til å hausse opp ei stemning rundt eit ikkje-eksisterande problem. Eg er kasta ut av gruppa hans, men ein treng ikkje vere klarsynt får å spå at flagg-debatten var heit og heftig der i garden.

Følgjande melding stod å lese på Twitter nokre dagar før nasjonaldagen: «Muslimer i bunad. Det blir helt feil. Og norske flagg? Det blir helt feil. De hater jo norske tradisjoner.»

I år blei bunad-debatten også heit og heftig. Ikkje bare om kva som er riktig slags bunad. Vi har fått to typar bunadspoliti. Dei som vil kontrollere saum og kvalitet og altså dei som vil bestemme kven som har lov å ha på seg bunad.

I Bergens Tidende skreiv Camilla Ahamath, kvinne med litt meir eksotisk utsjånad enn Karier flest: «Jeg orker ikke tanken på hva jeg utsetter barna mine for ved å gå i bunad 17. mai.» Ho fortel at ho då risikerer å bli spytta på, igjen. Å bli kalla luksusflyktning (den var ny!), jævla muslim, pakk og liknande. Ahamath seier at ho er kry av bergensbunaden sin og at ho er stolt bergensar frå Laksevåg. At 17. mai er den einaste nasjonaldagen ho har. Likevel ville ho vurdere å ikkje kle seg som ho helst ønskte på 17. mai.

Og eg tenkjer: «Har folk blitt steikje galne?» Det blir fortalt historiar om sjølvgestalta, fundamentalistisk moralpoliti på Grønland i Oslo som ser det som si fordømte plikt å passe på at homofile ikkje går hand i hand og at muslimske kvinner ikkje ikler seg vestlege gevantar. I vårens styggaste eventyr dukka det opp eit tilsvarande norsk moralpoliti. Det skulle ikkje forundre meg det grann om dei òg, i tillegg til å heve sine nasjonale peikefingrar, skrik opp om norske, kristne verdiar.

Det har gått opp for meg at ein del nordmenn må kjenne smerte gnage langt inne i den norske folkesjela si når dei ser mørkhuda landskvinner og -menn ha suksess innan idrett, kultur, politikk eller til dømes som dyktige programleiarar på tv. Det blei i alle fall rabalder då NRK kunngjorde at to av dei som skulle kommentere barnetoget på tv i år, var litt-mørkare-i-huda-enn-folk-flest Haddy N`Jie og Noman Mubashir. Og det på sjølvaste nasjonaldagen, den norskaste av alle norske dagar. Ei fornærming av dimensjonar mot gode nordmenn.

Den som tok det aller lengst ut, var Karine Haaland som i Nettavisen skreiv ei betasuppe av konspirasjon og rasisme om NRK som sette opp ei «rasistfelle» ved å bruke stakkars Noman Mubashir som åte for å fornærme og såre etniske, kvite nordmenn på sjølvaste nasjonaldagen. Dette skulle dei gjere dei ved å eksponere mørk hud for eit stakkars, av NRK hundsa, feststemt folk. Haaland omtalte forresten NRK-åtet i panegyriske vendingar. Han er visst verdas søtaste, snillaste, mest fredselskande muslimske, homofile tullebukk, tøysekopp og Noregs-venn som ingen kan bli sinte på. Tenk som Haaland, i front av andre bunadskledde, flaggpynta moralpolitikonstablar, pusta letta ut då det blei streik i NRK og etter kvart bare ein halvtimes mørkhuda programleiar til å øydelegge den norskaste av alle norske dagar.

Nasjonaldagen ligg bak oss, flagg er rulla saman og bunader hengt inn i skapa att. Men ikkje fortvil; om eit knapt år er det bare å kvesse tastatura på nytt og gjere seg klar til enda eit stygt våreventyr som kryp fram frå gøymene sine..

Lik Dagbladet Meninger på Facebook