Varmt og brutalt

Eit nært språk som sparkar frå mot fråværet.

BOK: Med bakgrunn frå mellom anna forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø og etter å ha markert seg på Dagbladet sitt Diktkammer, debuterer nå Gro Kaasen med ei samling dikt prega av god observasjonsevne og eit varmt og levande, men også til tider brutalt og overraskande språk. Det er noko friskt over mange av desse dikta, eit uttrykk som om nokon nettopp har sett eit merke av kroppen sinn i dei, eit fingeravtrykk eller eit fotspor. Dikta kan òg ha ein rar spontanitet og leikande klangglede som gjer dei aktive og mindre konvensjonelle, men som av og til kan gje eit litt rufsete og uferdig inntrykk. ove er en streksnor segrundt et tre, ingen derå se, noen drovar detgro? Her er dikt prega av dialogar som brått kan ta av inn i det eventyrlege: «vingene dine er våte, roper jeg etter deg». Nokre av dikta er så fulle av surrealistisk humor at ein bare må gje seg over: ei flaggermusog en halv sitrongul? spør jegseptember, svarer musaog rekker meg en naken mann Ho har lært seg å stole på dei poetiske bileta ho skapar og forklarer aldri dikta i stykker. Men det hender at dikta lukkar seg om sine rørsler og vert delvis ugjennomtrengelege sjølv etter mange lesingar, eller ein opplever at ho presser eit lite bilete til å innehalda for mykje. Medan andre dikt er gjennomført befriande opne og enkle: vannet i bekkenfinner sitt eget leieglitra jentatil gutten Her er dikt om van Gogh sine «hungrige strøk», her kan ein lesa eit «jazzen er eit berg», presise namngjevingar av visse sanseopplevingar. visse vanskeleg fangbare rørsler og aningar, som kanskje poesien er det einaste medium som kan laga fellesskap utav. I mange av dikta kann ein ana, trass den positive energien, krafta og dei flotte svingane, at det ligg eit trugande fråvær like under, like ved, som språket sparkar frå mot: lousie er så nydeligselv kjolen holderpusten