Vart og rått

Stor miniatyrdiktar.

BOK: Denne boka opnar med ei samling vakker kjærleikspoesi. Roll er som så ofte før konsent-rert og treffsikker der han lar hennar auge fyllast av «sildrende småfisk» i overraskande surrealistiske bilete på møter mellom mann og kvinne. Siste diktet, før røynda strammar grepet, er strålande vakkert:

To svaler boltrer seg

mellom kirketårnene

Med loddrette skrik

gjør de sommeren

med barn

I dei følgjande avdelingane, før «fraværets betong» kjem til syne, bruker han ein del kraftigare skyts for å få fram konfliktstemningar. Her går det i bomber og granatar og pistolar. Ofte med rystande gjenkjennelege kvardagsassosiasjonar, men òg med nokre meir overflatiske tekstar som vert ståande i det råflotte.

Men det går ikkje lenge mellom sterke og omfattande bilete: «Du står ved vinduet / med en fillete sol i munnen / Fra den venstre munnviken / renner en tynn stripe blod / ned mot det venstre brystet».

Roll er i stand til å skape store leseopplevingar med veldig sparsame midlar. Mange av desse dikta er bare på 3 til 6 linjer. I ein del tilfeller bruker han meir slagkraftige ord, men dei er av og til merkeleg tomme i denne samanhengen. Det skapar ein hol og tøff klang som eg vert litt usikker på om er tilsikta: «I dag er en tung dag / Gestapo på landtur». Men Roll er ein miniatyrdiktar av dimensjonar når han har observert og formulert noko gjenkjenneleg. Her er eitt av fleire dikt om prostitusjon:

Jeg ser henne gå fram og tilbake

På fortauet

Alle stirrer på

det kalde vannet

på bunnen av øynene hennes

Han skapar land og kontinent av kjensler og erfaringar. Og oppsummerar i ein avdeling om det å skrive, poesien på denne måten:

Lengst nord i språket

holder lynene pusten

før de gjennomborer syntaksen