Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Vegen frå kanten av skogane i Canada til lesaren sitt hjarta

Helge Torvund skriver om den kanadiske poeten Alden Nowlan.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Dagbladet.no): Nokre av leksjonane mine vil, som de har sett, vera presentasjonar av poetar som eg meiner ein ikkje vil ta skade av å lesa.

Den første poeten i haust kom frå Canada og namnet er Alden Nowlan. Han er helst lite påakta i Noreg. Eit søk på norske nettsider kjem opp med eitt treff; pensumlista til Bardufoss vidaregåande skule! 10 poeng til dei!

Då eg las opp frå «Morgondikt» saman med Robert Bly på Bjørnsonsfestivalen for nokre år sidan, var det eit par bøker han gjerne ville eg skulle ha. Den eine var «What Happened When He Went to the Store for Bread». Eit utval av dikta til Alden Nowlan. Seinare har eg skaffa meg fleire av dikta hans.

Bly har kalla Nowlan den største kanadiske poeten i det tjuande hundreåret, og han siterer poeten sjølv og seier at Alden skriv slik at me «finn ut kva det tydar/å vera menneske og kor ulikt det er/ frå det me bare for nokre timar sidan tenkte det ville vera».

I eit svært berømt dikt skildrar han møtet med ei psykisk utviklingshemma kvinne («He Sits Down on the Floor of a School for the Retarded») og korleis han handlar slik han kjenner er rett, medan han halvvegs reknar med at nokon som har noko med det, vil koma og trekkja ho bort frå han.

Han sluttar diktet slik:

Ja, det er dette me alle ønskjer til sjuande og sist,

ikkje å verta dyrka, ikkje å verta beundra,

ikkje å vera berømte, ikkje å vera frykta,

ikkje ein gong å bli elska, men ganske enkelt å verta haldne.

Ho gjev meg ein klem nå, denne utviklingshemma kvinna, og eg klemmar henne.

Me er bror og søster, far og dotter,

mor og son, mann og kone.

Me er kjærastar. Me er to menneske

som sit tett saman ei lita stund ved bålet

i istida, for to hundre tusen år sidan.

Depresjon

Nowlan var fysisk ein ganske stor mann, og laga ein varsam karikatur av seg sjølv der han skriv at «Eg ville ikkje lika å vore ein/ av kvalrossfolket/for resten av livet/men eg skulle ønskja at eg kunne tilbringa/ein solvarm ettermiddag/ med å liggja saman med dei på svaberga.» Men eigentleg var det bare så vidt at han vart eit menneske frå starten av:

Godt å vera her

Eg har kome i ulykka, sa ho

til han. Og det var første

gongen i historia at nokon

snakka om meg.

Det var i 1932 og ho

hadde nett vorte fjorten

og menn som han

jobba heile dagen for

ein lusen dollar.

Me kan jo bruka kinin, sa ho.

Forbanna tullprat, sa han til ho.

Så gret ho og

ei lang stund sa ingen av dei

noko som helst og så

vart røystene høgare til

dei skreik til kvarandre

og så vart det stille igjen lenge og så

byrja dei snakke veldig lågt saman og til slutt sa han

vel, me får vel bare gjera det beste utav det.

Medan eg låg samankropen

med bankande hjarta,

i mørkret inne i henne.

Slik skildra Alden Nowlan korleis mor hans, som altså var svært ung, fortalde faren hans, ein fattig mann utan fast arbeid, at ho var gravid. Dette skjedde i Novia Scotia. Alden Nowlan vart fødd året etter. Den store depresjonen herja i landet, og mora hans skulle koma til å forlate han og faren då gutungen var 8 år. Farmora tok seg av han, men då ho døydde i 1947 var Alden så anemisk og deprimert at han vart innlagd på sjukehus. Oppveksten var prega av slit og fattigdom. Faren fekk aldri fast jobb, og Nowlan skriv om han:

Eg veit han kunne krope saman

i ullteppet sitt

på sitt eige låvegolv

og sove takksam

over å få lov til å liggja der.

Raseri og kraft

Alden Nowlan gjekk bare på skule i fem år, men det var lenge nok til å verta mobba. Han fekk tidleg interesse for bøker. Han søkte tilflukt i litteraturen og las alt han kunne få tak i. Han byrja å skriva dikt også. Då han vart skulda for plagiat i samanheng med noko han hadde skrive på skulen, slutta han like godt av heile skulegangen. For andre var det som om han hadde flytta ut av bygda. Det einaste dei såg av han var lyset om kveldane i rommet der han sat og skreiv.

Bakgrunnen hans som eit barn av 30-åra og med eit liv som svært ung arbeidar «ved kanten av skogane», kjem gong på gong fram og pregar dei direkte dikta hans på ulikt vis. Nowlan skreiv oftast om kvardagen til folk, og gjerne om namngjevne personar. Han skreiv ein gong, at «det finst folk her som aldri har høyrt om Canada.» Og ein anna stad skriv han:

«Eg kunne ikkje anna enn vera ein del av mitt folk. Eit folk som heldt fram med å vera tøffe. Det vart bare mogleg for meg å godta meg sjølv, til slutt, då eg innsåg – emosjonelt – at poesien også er tøff, at eit dikt kan innehalda like mykje raseri og kraft som ein knyttneve eller eit slagvåpen.. Det er framleis slik for meg at det mest forunderlege med poesien er at han kombinerer det tøffe med øm kjærleik, og at det eine er umogeleg utan det andre.»

Eit folkebibliotek vart opna i Windsor i 1949, fire mil frå heimen hans. Bibliotekarane innsåg at dei i Alden hadde ein lånar som var heilt spesiell. Han fekk særrettar som andre ikkje fekk og vaks som poet ved å lesa og lesa dei beste han fann. I 1951 prenta eit amerikansk magasin eit av dikta hans. Han vart etter kvart bokmeldar og korrespondent i Windsor Tribune. Ved å skriva eit referansebrev sjølv, lyga på alderen og lyga på seg eit vitnemål frå high school, fekk han jobb i ei avis i Hartland, New Brunswick. Han kom til å arbeida som journalist i årevis før han kunne livnæra seg som forfattar.

Ordet

Sjølv om eg er språkleg gåverik

og kan flytta fjell

er orda mine ingenting

samanlikna med dine,

sjølv om du bare

kikkar opp frå armane mine

og kviskrar namnet mitt.

Dette er ikkje byrgskap

for eg veit

at det er ikkje

namnet mitt du kviskrar

men eit teikn

mellom oss,

lik ordet

som vart ytra

ved verdas byrjing

og bare vil ytrast igjen

ved verdas ende.

Tårer,

lått,

ei livstid!

Alt i eitt ord!

Ordet du kviskrar

når du kikkar opp

frå armane mine

og ser ut til å seia

namnet mitt.

Forelsking og slit

Eit trekk ved poesien til Nowlan er at han på eit overtydande vis uttrykkjer sine observasjonar av klassesamfunnet. Han viser oss fattigdommen på ein måte som ikkje på noko vis idealiserer arbeidarklassen og dei undertrykte, men heller ikkje viser nokon forakt. Han vågar å seia: «slik er det».

Han var ein slik poet som arbeidde mykje med dikta for å få til denne kjensla av at dikta kjem lett og naturleg, som om nokon snakkar direkte til deg. Det finst eit mot i dikta til å sjå både det vonde og det gode, og ikkje fornekta noko av dette hjå menneska. Heller ikkje at det kan finnast uskuld og velvilje der alle har lett for å sjå noko heilt anna. Det å koma frå ein kultur som har si rot på ein plass, ein stad, eit industrisamfunn, eller eit bondesamfunn, og sjå korleis denne kulturen, med alle sine veikskapar, hamnar i eit vakuum når samfunnet ikkje lenger vil vita av han, det kan få folk til flykta inn i ei slags kjensleløyse, alkoholisme, fjernsynskikking, og rare religionar.

Og Nowlan veit, i følgje poeten og essayisten Thomas R. Smith, kor vanskeleg det er under slike tilhøve å halda fram med å vera så vaken og open som det å driva med kunst krev.

Møtet, gjenkjenninga

Det går ein sti gjennom skogen, eller ein korridor

gjennom ein tom bygning. Eg går inn

i begge endar og går sakte mot meg sjølv.

Eg er komplett kanon.

Eg er totalt edru.

Me møtes på midten

og kjenner igjen kvarandre.

«Hallo, Alden!», seier eg.

Det er slik mine beste dikt vert skapte.

Han forelska seg i Claudine Orser som var setter i avisa der han arbeidde, og dei gifta seg. Ho hadde ein son, John, frå før. Dei sleit med dårleg økonomi, men etter kvart han meir og meir kjend for dikta både i USA og Canada. I mars 1966 fekk han vite at han hadde kreft i skjoldbrukskjertelen og gjennomgjekk fleire operasjonar.

Johnnies dikt.

Sjå! Eg har skrive eit dikt!

Seier Johnnie

Og gjev det til meg

og det er om

bestefaren som låg for døden

i sommar, og meg

på sjukehuset

og eg får lyst å gråte,

forstår du det, fordi det betyr ingenting

om det ikkje er så bra:

det som betyr noko er at han veit

og at det var eg, faren hans, som lærte han det

du skriv dikt om det

du kjenner djupast og sterkast.

Han fekk etter kvart stipend og prov på at poesien var verdsett, men hadde dårleg helse. Han skriv: «kor vedunderleg det er/ å koma seg opp av senga, stå opp og gå, ta eit glas/fylla det med vatn, løfta det til munnen, og drikka, med bare så mykje smerte/ i kvar fase av prosessen, at det minner meg om kor heldig eg er, og kor rikt velsigna.»

Han døydde av lungeinfeksjon 50 år gamal.

(Alle overdiktingane er ved Helge Torvund frå «What Happened When He Went to the Store for Bread», The Thousands Press, 2000 og «Between Tears and Laughter», Bloodaxe Books, 2004).

NY LEKSJON: Helge Torvund skriv om nokre av sine favorittpoetar i <a href="http://www.dagbladet.no/kammeret">Diktkammeret</A>.
HARDT ARBEID: Alden Nowlans oppvekst var prega av slit og fattigdom. Hans tid som svært ung arbeidar «ved kanten av skogane», kjem gong på gong fram og pregar dei direkte dikta hans på ulikt vis.