Rettslause: Kommunane, her representert ved Utsira, landets minste kommune, er langt på veg rettslause overfor staten, meiner kronikkforfattarane. Arkivfoto: Nina Larson/AP/Scanpix
Rettslause: Kommunane, her representert ved Utsira, landets minste kommune, er langt på veg rettslause overfor staten, meiner kronikkforfattarane. Arkivfoto: Nina Larson/AP/ScanpixVis mer

Veikt lokalt sjølvstyre

Noreg er omtrent det einast landet i Europa som ikkje har forankra kommunalt sjølvstyre i grunnlova.

Lokalt demokrati krev eit visst minstemål av kommunalt sjølvstyre. Utan eit kommunestyre som har handlingsrom til å velje sin eigen veg, er det ikkje meiningsfullt for veljarane å stemme på parti som står for ulike vegval. I Noreg er handlingsrommet for kommunane i ferd med å bli så smalt at lokaldemokratiet står i fare for å bli eit skodespel på valdagen men utan reelle konsekvensar i kvardagen. Det er kanskje dette veljarane siktar til når undersøkingar viser at bortimot halvparten av veljarane ikkje ser nokon skilnad mellom dei lokale partia? Då er det kanskje heller ikkje så overraskande at det plar vera relativt lågt frammøte ved kommunevala samanlikna med nasjonale val?

Det er fleire signal om at det lokale sjølvstyret, trass alle fine ord, står veikt i Noreg.

Det kommunale sjølvstyret manglar grunnlovsfeste. Noreg er omtrent det einast landet i Europa som ikkje har forankra kommunalt sjølvstyre i grunnlova og dermed bryt med si plikt etter Det europeiske charteret om lokalt sjølvstyre. Grunnlovsfesting gir er eit signal om at lokalt og nasjonalt demokrati er likeverdige og komplementære. Slik er det ikkje i Noreg. Det ligg nå føre eit framlegg til ein grunnlovsparagraf om lokalt folkestyre. Sjølv om ein paragraf om folkestyre vil vere litt mindre vern mot ein mektig stat enn ein om lokalt sjølvstyre, er det å vone at forslaget snart blir vedtatt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommunane er langt på veg rettslause overfor staten. At kommunane ikkje blir tilkjent søksmålskompetanse overfor statsforvaltninga er også ein unik tilstand av rettsløyse i samanlikning med andre europeiske land. Mange statsorgan har kontroll- og tilsynsansvar og kan gi kommunane pålegg om å endre vedtak. Særleg fylkesmannen fører eit tett og forgreina tilsyn med kommunane. Slikt tilsynsmynde kan gje viktige garantiar for samfunnsborgarane overfor kommunane og for at kommunane spelar på lag i tråd med nasjonale mål. Men det som er spesielt i Noreg, er at vi manglar organ som kan fungere som nøytral tredjepart når kommunane er usamde i korleis dei statlege forvaltnings- og tilsynsorgan tolkar lov og forskrift, og som fører til overprøving av kommunale vedtak. Eller er det berre kommunane, men ikkje statsforvaltninga, som er bundne av lova?

Vi meiner slike organ må innførast. I nærskyldte land finst mange føredøme, til dømes forvaltningsdomstolar etter svensk og fransk mønster, underavdelingar innanfor det ordinære domstolsapparatet etter britisk mønster eller partssamansette fagpanel. Også domstolsliknande forvaltningsorgan bør vurderast. Slike finst det mange døme på i Noreg frå før - men ingen handsamer usemje mellom statsforvaltninga og kommunane.

Finansiering av statleg initierte reformer som kommunane skal iverksette, er eit ståande debattema i Noreg. Velferdsstaten treng kommunar med lokalkunnskap og handlingsevne i møte med varierte lokale behov. Men kommunane hevdar gjerne at det ikkje følgjer nok pengar i forhold til ambisjonane. Overføringa av eit omfattande vegnett til fylkeskommunane gjev eit aktuelt eksempel. Staten på si side hevdar at om kommunane berre driv effektivt nok, så er det nok pengar.

Ei undersøking som er rapportert i boka, viser at kommunane ofte har rett når dei opplever reformer som underfinansierte. Underfinansiering kan skrive seg dels frå planleggingssvikt i staten, dels frå kommunikasjonssvikt mellom stat og kommune som medfører at kommunane ikkje tar høgde for alle kostnadene i si eiga planlegging. Difor trengst det forhandlingar og tydelege kontraktar mellom stat og kommune om gjennomføring av reformar. Ein slik praksis ville medvirke til at kostnadskomponentar blei avklara tydelegare, ikkje berre for sektoren samla, men også for kvar einskild kommune. Det kan vere store skilnader mellom kommunane når det gjeld kostnadene ved å innføre ei reform.

Kontraktar ville sjølvsagt virke begge vegar. Dei vil ikkje berre forplikte staten til å dekke reelle kostnader, dei vil også forplikte kommunane på gjennomføringa, kanskje med dagbøter om dei ikkje oppfyllar sin del.

Samspelet mellom stat og kommune er risikofylt. For staten inneber det risiko for at kommunane ikkje lever opp til nasjonale mål. For kommunane inneber det risiko for å måtte ta ansvar for nasjonal politikk som kanskje ikkje passar ut i frå lokale forhold, eller som er underfinansiert og dermed trengjer ut oppgåver som folkevalde lokalt opplever som meir presserande.

Med dei tiltaka vi har peika på, kan risikofordelinga bli meir rettvis. Men minst like viktig er det at ansvarsfordelinga mellom stat og kommune blir klarare. Dermed blir det lettare for veljarane å sjå kven som har ansvaret når noko går godt eller gale, og meir meiningsfullt å velje mellom dei lokale partia. Resultatet blir eit meir meiningsfullt lokaldemokrati.

Kronikkforfattarane utgjeve i sommar boka «Lokalt demokrati uten kommunalt selvstyre?».