Veit folk kva Frp forfektar?

SEXSLAVAR: Tysdag 25.mai hadde Stortinget ein viktig debatt om fattige unge kvinner/barn som kjem hit til landet og vert misbrukt som sexslavar. Det var Marit Høybakk i Arbeidarpartiet som reiste debatten gjennom ein interpellasjon til utanriksministeren,Bakgrunnen for interpellasjonen er alle dei jentene spesielt frå Nigeria, aust-europesiske/tidlegare russiske land som er lurte hit av hallikar som tener pengar på kroppen deira. Jentene som er ned i 14-15 års alderen er ofte lova heilt andre framtidsutsikter enn prostitusjon i Norge. Og som vi har lese om i intervju i avisene, har dei ofte ikkje sjanse til å kome seg ut av det igjen fordi dei blir trua med represalier viss dei bryt ut. I Oslo kan alle sjå desse jentene ståande på gatehjørna langs Karl Johan med halliken i bakgrunnen.

DET VAR EIN alvorleg debatt der mellom anna utanriksminister Jonas Gahr Støre oppfordra mennene spesielt til å engasjere seg. Og det var eit samrøystes Storting på tvers av alle partigrenser som denne dagen drøfta korleis ein skulle hjelpe desse jentene til å kome seg ut av det helvete dei opplever - og korleis Norge gjennom internasjonalt arbeid og gjennom politiet sitt arbeid i Norge kan vere med å få slutt på denne uverdige menneskehandelen. Samrøystes så nær som frå Framstegspartiet sin Christian Tybring-Gjedde. Han var meir oppteken av korleis Stortinget skulle få ordna det slik at norske menn skulle sleppe å bli kontakta av desse jentene når dei gjekk langs Karl Johan. Han minte om at «Stortingets oppgåve er å ivareta nordmenns interesser i Norge».

Vinklinga er nesten ikkje til å tru - og utruleg skremande! Dei som ønskjer å lese debatten, kan gå inn på Stortinget sine sider. Der ligg referatet frå denne debatten med presise gjengitte referat frå alle som hadde ordet.