||| VENEZUELA: «Jeg er ingen kuppmaker» skreiv venezuelanar og Oslo Freedom Forum-deltakar, Leopoldo López, i eit debattinnlegg i Dagbladet 31. mai. Han hevda vidare at Chávez den 11. april 2002 gav ordre om at det skulle skytast på demonstrantar frå opposisjonen, og at 23 menneske blei drepne som følgje av dette.
FULLT SÅ ENKEL og ukomplisert er imidlertid ikkje historia. Dilemmaet for kuppmakarane i Venezuela er at dokumentasjonen av det som skjedde i 2002 er rik, og kan hentast fram både frå opptak gjort av deira eigne støttespelarar i private venezuelanske media, og frå reportasjer gjort av internasjonale journalistar og filmfolk.
Det López ikkje nemner i Dagbladet, er at det også var ein annan stor demonstrasjon på gang 11. april 2002 - til støtte for Chávez-regjeringa. Gjennomgang av tv-opptak frå kanalen Venevisión, saman med videopptak, dokumentaren «Claves de una Masacre», utarbeidd av Ángel Palacios, og bilete tekne av den franske Le Monde-fotografen Maurice Lemoine, viser at dei fleste av dei drepne var Chávez-tilhengjarar. Dei forsvarte seg mot kuleskot som kom ovanfrå, frå snikskyttarar plasserte i høghus ved Puente Llaguno i Caracas. Ifølgje aktor Antonio Molina fungerte det kommunale politiet som «den væpna fløyen til opposisjonen, 11. april 2002».
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger