Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Velkomne til den verkelege verda

Etter 11. september 2001 veit alle at menneskelivet er kort, eksistensen skrøpeleg og sjaber. Det nye er at nå veit vi at dette også gjeld for dei rike og mektige, sjølv midt i hjarta av Imperiet, skriver Kjartan Fløgstad.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Gjennom dei vidunderlege amerikanske populærkulturane er vi alle oppvaksne på Manhattan. Vi tenner lys for dei døde nyyorkarane. Vi sørger med dei etterlatne. Dei er oss, og vi er dei, om vi vil det eller ei. Men vi kan ikkje, som Arundhati Roy seier, la amerikanarane stela sorga til heile verda, for berre å dyrka og hemna si eiga sorg, gjennom bomberegn over skuldige og uskuldige og gjennom eit massemedialt bombardement vi ennå berre ser starten på.

  • Etter 11. september 2001 veit alle at menneskelivet er kort, eksistensen skrøpeleg og sjaber. Særleg for fattigfolk og folk i den tredje verda er dette inga ny erkjenning. Gode kunstnarar har også alltid visst dette. Det nye er at etter 11. september veit vi at dette også gjeld for dei rike og mektige, sjølv midt i hjarta av Imperiet. Velkomne til Historia. Velkomne til den verkelege verda.
  • Alle er vi utsette og sårbare. Det er eit godt utgangspunkt å møtast på. Kanskje det einaste, når vi kjem frå kvar våre moralske univers. Både før og etter 11. september står dei vestlege demokratia i spissen for ei antidemokratisk verdsordning. Etter andre verdskrigen har USA bomba 23 andre nasjonar, og gjer det igjen. Både før og etter 11. september må USA importera 60 prosent av oljeforbruket sitt. Både før og etter ligg 65 prosent av dei globale oljeressursane i Persiabukta. Både før og etter brukar seks prosent av folket i verda 60 prosent av alt fossilt brennstoff (tala er tatt etter minnet).
  • Så lenge rikdommen er fordelt på denne måten, vil USA og NATO halda fram med å belønna brotsverka til sine venner, og straffa brotsverka til fiendane sine. Like lenge vil USA visa suveren forakt for resten av verda gjennom vilkårleg valdsbruk, gjennom å nekta å slutta seg til forbodet mot biologiske våpen frå 1972, gjennom ikkje å underskriva Kyoto-avtalen, gjennom ikkje å anerkjenna internasjonale rettsinstansar der Kissinger og andre av «Manhattans Milosevics» kan dømmast og eventuelt straffast side om side med bin Laden.
  • USA armerte sjølv fundamentalistbomba som nå har detonert mellom hendene deira. Etter 11. september ser det ut til at også dei andre demokratia tar i bruk meir despotiske maktmidlar for å trygga den antidemokratiske verdsordninga rikdommen vår kviler på. Berre i liten grad ser dette ut til å plaga våre lokale statthaldarar. Tapet av demokratisk innhald i politikken har opna for ytterleggåande individualisme. Dette er den andre sida av marknadsliberalismen.
  • Når innbyggarane ikkje lenger veljer med stemmesetelen, men stemmer ved kassaapparatet, er feltet opna for ekstrem valdsbruk, der ikkje eingong livet har anna enn marknadsverdi. Men som det profetisk heiter hos Sergio Leone, og som mange i dag får erfara: Sjølv der livet er utan verdi, har døden sin pris.
KJARTAN FLØGSTAD, som i høst er ute med den kritikerroste "Shanghai Ekspress", skriver om verden etter 11. september.Foto: TOM MARTINSEN
Hele Norges coronakart