Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Verda som munn

Ny bok i serie med originale og vitale gjendiktingar.

BOK: Eg vil gjerne nytta høvet til ikkje berre å gjera merksam på ei interessant diktsamling, men å påpeika at denne boka er del av ein svært spennande gjendiktingsserie der Rune Christiansen er redaktør og skriv etterord. I denne serien har me tidlegare fått den skarpt underhaldande Glasgow-poeten Frank Kuppner (gjendikta av Christiansen sjølv), som stiller saman høgt og lågt på ein måte som slår gneistar:

Takket være en eksplosjon for kanskje åtte milliarder år siden

skynder vi oss til toget; og vi rekker det akkurat.

Me har møtt dei eksakte og opne observasjonane av ein fabrikk og kjensler ved eit samleband i boka til franske Leslie Kaplan, gjendikta av Hanne Ørstavik. Den italienske språklærde Nanni Cagnone (gjendikta av Tommy Watz) skriv subtilt og krev at poesien blir «stående på terskelen, hverken snakke eller tie: det er stillheten». Han hevdar at ein «må allerede være lykkelig, for å søke. Bare slagget har rett».

Bukkeritt

Og så kan eg nemna det konglomoratiske filosofiske bukkerittet til Marc Cholodenko der han skildrar «fristelsene på strekninga Rimbaud», omsett av Thomas Lundbo. Her står det mellom anna: «Kom hit! Her blir det fest, musikk og viderverdigheter. Se, her er sverdliljen, perlen, dromedaren og en fullkommen himmel.» Her bare så vidt nemnd nokre tidlege utgjevingar i ein serie som for meg gjer det lettare å vera norsk, og som vil føre poesisvoltne sjeler til antikvariata i framtida, på jakt etter denne lyrikkens «gule serie». I desse bøkene vert det vist korleis det smale og marginale ofte inneheld det originale og vitale. Ein takk til seriemeister Rune Christiansen.

Peter Waterhouse og hans merkverdige «Mennsk» er altså siste skot på stammen. Eit oppkome av ei bok der subjektet, etter det forfattaren seier i eit intervju, er meir eit «me» enn eit «eg», og der dette «me» står på likefot med tinga. Kanskje derfor det reduserte menneske i tittelen? Waterhouse har ein utruleg evne til å gå inn i språket og granska korleis det kan forhalda seg til opplevingar, hendingar, ting. Han grev og spør og svarar klart ja og like etter like klart nei på same spørsmålet. Og rett blir det.

Lykkekjensle

Og sjølv om nokre av desse tekstane kan verta sprikande og absurde til det uuthaldelege, kan andre faktisk gje i alle fall denne lesaren ei lykkekjensle.

Det skjer når Waterhouse lykkast i å bryta tinga så langt ned at verda og språket liksom oppstår på nytt, heilt frå det eksistensielle jordsmonn, som i diktet «Leire», som handlar om bestefars gravferd. I diktet «Verden som hund» står det brått: «Er verden en munn? Ja, den (eller noe lignende) er en munn.» Og eg, som er ein hund etter epledikt, bit meg sjølvsagt også merke i følgjande glimrande diktopning:

For å begrense galskapen sa vi ofte: Eple.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media