Verda treng ein global miljøpris

PRISER: Ved tildelinga av Nobels fredspris til Al Gore og FN sitt klimapanel har den norske Nobelkomiteen vilja markere kor viktig dei meiner miljøsaka og klimaspørsmålet er i dag. Bodskapen til enkeltmenneske og politikarar i heile verda er utvetydig: «Gjer meir for å minke miljø- og klimatrusselen!» I denne saka er det relativt lite usemje, særleg i dei land som har ein høg levestandard, basert på naturskadeleg ressursbruk.

Det Nobel-komiteen uttrykkjer, kan seiast omtrent slik: «Miljøsaka er så viktig at alle krefter må setjast inn. Vi vil gjere vårt. Og sjølv om miljøsak truleg ikkje eingong streifa Alfred Nobel då han skreiv sitt testamente, så brukar vi nå denne prisen for ei slik god sak. Dessutan er det sikkert at miljøproblema vi kan sjå framfor oss, inneheld svært alvorleg konfliktstoff. Så miljøbevarande arbeid er viktig for freden!»

Nobel-komiteen har nok notert seg at når det gjeld internasjonale prisar for å stimulere til initiativ og tiltak på områder som er viktige for verdas store utfordringar med omsyn til fattigdom, miljø og levestandard, så er der ingen pris på Nobel-nivå i dag. Men ved å strekke tolkinga av fredspris-testamentet, kan Nobel-komiteen rette på denne mangelen ein gong i ny og ne. Det står rett nok ikkje til å nekte at mange finn grunn til å setje eit spørsmålteikn ved den praksisen som Nobel- komiteen legg seg på. Det kan vere grunn til å diskutere den, utan at vi skal ta den debatten her.

Det vi ynskjer å streke under, er det rettmessige ynskjet Nobel-komiteen har om å bøte på mangelen av ein global miljøpris på Nobel-pris nivå. Her er vi på linje med Nobel-komiteen. Og nett difor har to viktige nasjonale, norske vitskaplege institusjonar, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) og Norges Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA), gått saman om eit forslag som sidan juni i år har lege på Regjeringas bord: Forslaget om ein global pris for forsking som skapar berekraftig utvikling. Her er sjølvsagt miljøspørsmål heilt sentrale. Mangel på berekreaft skuldast nettopp teknologiar, naturinngrep og andre menneskelege aktivitetar som ikkje bevarer miljøet, inklusive klimaet.

Årets fredspis bør vere ei sterk påminning til Regjeringa om å gå vidare med den saka dei to vitskaplege institusjonane har femja, og å gjere det nå. Miljøsaka hastar. Her er eit tiltak som verda og Noreg kan setje i verk på relativt kort sikt. Det er mange som ventar i forventning og spenning på at Regjeringa vil fremje saka for Stortinget. Det kan vere grunn til å minne om at vi nyleg har fått vite at den faktiske utviklinga innan global oppvarming går ennå raskare enn det modellane til FNs klimarapport forutseier. Det er all grunn til å gå til handling når det gjeld å stimulere til forskingsinnsats, slik vi meiner den føreslegne miljøprisen vil gjere.