LOVNADER:  Miljøvernminister Tine Sundtoft og  statsminister Erna Solberg og resten av klodens feige og mektige har vore samla i Paris til verdensmesterskap i klimatisk sinnelag.   Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
LOVNADER: Miljøvernminister Tine Sundtoft og statsminister Erna Solberg og resten av klodens feige og mektige har vore samla i Paris til verdensmesterskap i klimatisk sinnelag. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Verdensmesterskap i klimatisk sinnelag

Heidi Weng hadde ikkje mye høy i hatten.

Kommentar

DENNE VEKA har Tine Sundtoft og resten av klodens feige og mektige vore samla i Paris til verdensmesterskap i klimatisk sinnelag. Dei overgjekk kvarandre i lovnader utan etiske konsekvensar. Erna Solberg slo til med 600 millionar i avlat. Ho gifta seg i byen og lova truskap i gode og vonde dagar, men klimaløfte er meir uforpliktande.

DEN ERFARNE embetsmannen Eivind Erichsen var finansråd i 28 år og sa «ja vel, herr statsråd» til eit dusin finansministrar frå dei fleste parti. Han skal ha æra for å ha formulert denne grunnleggande politiske visdommen: «Han kan ikke både holde og love; det får holde med å love».

DET POLITISKE Norge er i hoffsorg etter at Anne Grosvold forlét stolen i dax18, for det er der dei liker seg best og føler at dei får snakka ut. Og det var der SV's junioravdeling la fram den einaste gladmeldinga frå det hald sidan Erik Solheim forlét partiet: Billigare øl.

LANDETS FEIGASTE statsråd må vera Ketil Solvik-Olsen. Han stiller gjerne opp når den eine bommen blir lagt ned, men ikkje når dei 99 andre blir tatt i bruk. Nå skal han som ansvarlig statsråd innføra flyseteavgifta på 80 kroner (pluss moms) som partifellane hans fekk skrudd opp frå 50 kroner i budsjettforliket. Som halv-pinsevenn kunne han vel i det minste ha tala litt i tunger om saka, men han blir bare pottesur og sender ubehagelige spørsmål vidare med «ingen kommentar».

Artikkelen fortsetter under annonsen

VEKSTNÆRINGAR er alle på jakt etter, for noe skal vi leva av etter oljen. For tida er sikkerhetsbransjen ein sikker vinnar, men det peikar også framover for øyrekviskrar-bransjen at First House har sikra seg oppdraget med å kvitvaska Vimpelcom. Nå får dei til strø på softisen.

ASYLINDUSTRIEN er likevel den mest lovande. Det er der vi finn morgondagens heltar, heroar og baronar med profitabelt hjartelag. Det medisinske utstyrsfirmaet Blostrupmoen har skjønt kvar framtida ligg og konvertert frå hjertestartarar til asylmottak.

EI SOM IKKJE har skjønt teikninga, er finansminister Siv Jensen. Ho er vel så prinsippfast at ho framleis står på oppfordringa til landets kommunar om å seia nei til å busetta og integrera syriske flyktningar. Det er jo også eit slag mot Jan Tore Sanners storslagne kommunereform at det er små og robuste kommunar som lykkast best i dugnaden.

DEI GLIDANDE metaforars prinsesse, Heidi Weng, hadde ikkje mye høy i hatten etter at ho tok ein Duim i Kuusamo. Der kopierte ho den nederlandske skøyteløparen Hilbert van der Duim som la inn sluttspurten og stoppa ein runde før mål på 5000-meteren under VM på Bislett i 1981. Då han skulle retta opp att feilen dagen derpå, ramla han på 1500. Men ikkje nok med det: Noen veker før hadde han falle frå EM-tittelen på grunn av fugleskit på isen under 10000-meteren i Deventer.

MEN FOR ALL DEL: van der Duim blei verdensmester både året før og året etter, så Heidi Weng treng ikkje grava seg ned i støvet. Og fortsatt bøyer vi oss sjølsagt i hatten for Amund Sjøbrend (63 denne veka) som vann både EM og VM i 1981-sesongen.