Verdige og uverdige offer

ADVOKAT Vidar Helgheim ser ut til å meina at rettsystemet bør skilja mellom verdige og uverdige offer. I Oslo tingrett står fire litauiske menn tiltala for å ha valdteke, truga og mishandla eit tiltall litauiske kvinner og for å ha tvinga dei til prostitusjon. Fordi kvinnene var prostituerte frå før, var ikkje valden verre enn det dei er vande med, og difor noko dei må tola, hevda Vidar Helgheim, advokaten til ein av dei tiltalte i Dagbladet 30. juni. Eg vil setja spørsmålsteikn ved den noko eigenarta logikken Helgheim legg til grunn i argumentasjonen sin, at kvinnene må tola det fordi dei er vande med vald. Tyder dette at Helgheim meiner at straffbare handlingar ikkje lenger skal vera straffbare, om ofra har vore gjennom mykje frå før? Eller er dette kanskje ein spesialregel som Helgheim meiner berre gjeld for prostituerte kvinner som ikkje er norske statsborgarar?

EG HÅPAR at dommaren i denne saka ikkje let Helgheim sine kvinnefiendtlege synsmåtar leggja premissa for dommen. Eg håpar at dommaren ser desse kvinnene som har vore utsett for vald og valdtekt, og som vel å ta opp kampen mot gjerningsmennene gjennom rettsystemet, som menneske med like rettar som alle andre. Helgheim er ikkje den einaste aktøren i det norske rettsvesenet som ser ut til å meina at utlandske prostituerte er offer i klasse b. I vår vart straffelovsparagraf § 224 mot menneskehandel for fyrste gong prøvd i ei norsk rettsak. Dommar Carl-Collin Hansen klarte ikkje å sjå at dei tiltala hadde utnytta dei kvinnelege ofra, som i dette tilfellet var estiske prostituerte. «Det som er gjengitt i gjerningsbeskrivelsen om deres arbeidsforhold er i og for seg ikke verre enn det som er høyst vanlig i andre bransjer: Man må utføre jobben på tilvist arbeidssted. Bussjåfører må gi fra seg billettpengene,»

HELGHEIM normaliserer rettnok ikkje prostitusjon på den måten Collin Hansen gjer. Han ser at kvinnene har vore utsette for overgrep, men avfeier det med at «om de er blitt knullet en eller to ganger mot sin vilje, så er det jo det hele virksomheten deres går ut på». Tilnærminga er annleis, men både Helgheim og Collin-Hansen har tydelege problem med å sjå utlandske prostituerte som menneske med same rettar som andre. Difor vil eg oppmoda Vidar Helgheim om å ta med seg dommar Carl Collin Hansen på eit juristkurs som tek opp spørsmål om kjønn og makt. Dessutan burde han også sjekka litt opp i dette prinsippet om at loven er lik for alle, står det verkeleg nokon stad at rettsystemet bør skilja mellom verdige og uverdige offer?