NYTT KONTOR: Sylvi Listhaug overtar justisministerkontoret etter forgjenger Per-Willy Amundsen. - På trumspk manér jagar ho flest muleg klikk. Det triste er at monsterutspelet ho kom med, ikkje hjelper eit einaste offer for pedofili, skriver artikkelforfatteren. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
NYTT KONTOR: Sylvi Listhaug overtar justisministerkontoret etter forgjenger Per-Willy Amundsen. - På trumspk manér jagar ho flest muleg klikk. Det triste er at monsterutspelet ho kom med, ikkje hjelper eit einaste offer for pedofili, skriver artikkelforfatteren. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixVis mer

Verdighet i koleraens tid

Eg har så stor tiltru til det norske folk at dei aldri hadde valt Trump til statsminister her i landet. Ei heller ei trumprinsesse.

Meninger

Av Jarl Wåge

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

22. juli 2011 skjedde det utenkjelege i vesle, fredelege Noreg. Ei ugjerning så enorm og barbarisk at eit heilt folk blei sett sjakk matt. 77 sju menneskje, dei aller fleste ungdommar, massakrerte og utrydda. Regjeringskvartalet, sjølve symbolet på demokratiet vårt, blei rasert og gjort ubrukeleg i mange år framover. Ei terrorhandling så ekstrem og gruoppvekkjande at ho skapte sjokkbylgjer verda over. Den høgreekstreme ugjerningsmannen oppnådde akkurat det han hadde håpa på.

Det han ikkje hadde rekna med, var at det ut av terroren hans vokste fram ein statsmann. Vår eigen statsminister, Jens Stoltenberg, blei over natta ein politikar som fekk merksemd og beundring verda over for måten han takla den enorme tragedien på. Det var hans eigne som blei massakrerte. Han kjende mange av dei personleg. Og det var demokratiet Noreg, som han var valt til å leie, som var under åtak.

I samband med rosetoget på Rådhusplassen i Oslo, framfor 200 000 menneskje, heldt han ein tale som retorisk ikkje stod tilbake for Barack Obama på sitt aller beste. Ein tale gjennomsyra av humansisme og appell til samhald. «Vi er sønderknust, men lar oss ikke knekke,» sa han. «Ondskap kan drepe et menneske, men aldri beseire et helt folk.» «Norge skal være til å kjenne igjen. Mer åpenhet. Mer demokrati.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stoltenberg klarte å samle det norske folk på forbilledleg vis. Det blei ikkje lynsjestemning. Vi gav ikkje etter for hat og hemntankar. Terroristen fekk ei rettssak ein rettstat verdig utan at det dukka opp gjallande rop om dødsstraff. Så verdig opptredde vi, at også det norske folk blei lagde merke til verda over.

Slik hadde det ikkje gått om Stoltenberg hadde gjeve seg over til raseriet og sorga han heilt sikkert kjende på. Då hadde det sett tonen i reaksjonane våre i staden.

Ein ting er sikkert; ingen oppegåande menneskje opplevde at den fryktelege udåden blei mindre forferdeleg fordi Stoltenberg ikkje kalla terroristen «eit monster». I talen på Rådhusplassen nemnte han han ikkje med eit ord. Men absolutt ingen var i tvil om kva dette handla om.

Noreg har fått ny justisminister. Noko av det fyrste ho gjorde, var å sette fokus på pedofili og fryktelege overgrep barn blir utsette for. Eit prisverdig og viktig utspel for å prøve å få bukt med eit forferdeleg uvesen. Eit utspel der ho på stoltenbergsk vis for ein gongs skuld kunne ha klart å samle heile det norske folk til ein felles innsats for å sikre barns rettar. Men å samle har aldri vore Listhaugs vis. Splitt og hersk er hennar strategi.

Etter at Carl I Hagen har byrja å ta plass i hornet på veggen, er Listhaug den desidert mest populistiske politikaren vi har. Ho har ei stor tilhengarskare som lar seg blende av stadige, tabloide utspel. Som når ho mediestrategisk riktig kallar pedofile for «monster». Sjølvsagt veit Listhaug at ho haustar storm med eit slikt utsagn. «Listhaug er sterk og tøff som orkar å stå i stormen,» seier tilhengjarane hennar. Ja, ho er tøff og sterk. Og ho elskar å stå i stormen. Ho er rett og slett avhengig av det. Nesten som ein rus.

På trumspk manér jagar ho flest muleg klikk. Dess fleire «lik og del» ho hankar inn, dess meir får ho tilfredsstilt suget etter merksemd. Det triste er at monsterutspelet ho kom med, ikkje hjelper eit einaste offer for pedofili. Vi har ikkje råd til å bruke tid på finne opp og diskutere kallenamn på overgriparane. Ho må kalle dei kva ho vil, men langt viktigare er det at ho konsentrerer seg om det som er viktig, nemleg offera.

Men det er heller ikkje Listhaugs vis. Ho har skapt eit mediekjør utan like med debatt i alle kanalar. I Dagsnytt 18 slo ho, på nedrig vis, ein av dei mest kunnskapsrike og framtredande juristane vi har, Anine Kierulf, langt under beltestaden ved å prøve å framstille det som om ho vernar om overgriparane når ho ikkje kastar seg på monsterbylgja. Og når ministeren seier at ingen skal fortelje henne korleis ho skal omtale folk, slamrar ho samstundes døra i fjeset på vår framste ekspertise på området. Ein ekspertise ho er fullstendig avhengig av for å oppnå resultat i kampen mot pedofili.

Slikt er uvesentleg for vår nye justisminister. For i ekkokammeret hennar er det ovasjonar. Det blir klikka og likt og delt over ein lav sko. Og nåde den venstreekstremistmobbaren av ein pedofilielskande overgripar som måtte finne på å komme med kritikk av o store heltinne. Dei får gjennomgå så det rungar i Listhaug-positive fb-grupper.

Det er mange som påstår at Listhaug går svanger med ein statsminister. Det er til og med ei fb-side som heiter «Sylvi Listhauig som statsminister for nasjonen Norge». «Kunne Trump klare det i USA, kan Listhaug klare det i Noreg,» er omkvedet.

«Kjærlighet i koleraens tid,» heiter ei bok av Gabriel García Márquez. Skal Listhaug ha sjanse til nokon gong å appellere til større grupper enn blodfansen og trone øvst på maktas tindar, må ho i langt større grad enn i dag lære av Stoltenberg og opptre samlande og med «verdighet i koleraens tid». Ho er ein populær politikar. Men truleg òg den mest upopulære vi har. Eg har så stor tiltru til det norske folk at dei aldri hadde valt Trump til statsminister her i landet. Ei heller ei trumprinsesse.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook