Vere glad-leiken

Kva har ein irriterande barnebokjubilant til felles med ein spesialist i kognitiv terapi?

TENK POSITIVT: Pollyanna er ei fattig og foreldrelaus jente som i kvar vanskelege stund leikar «the glad game», og klarer å sjå noko positivt i alt som hender. Her frå filmen «Pollyanna» (1920), med Mary Pickford i hovudrolla. Foto: NTB SCANPIX
TENK POSITIVT: Pollyanna er ei fattig og foreldrelaus jente som i kvar vanskelege stund leikar «the glad game», og klarer å sjå noko positivt i alt som hender. Her frå filmen «Pollyanna» (1920), med Mary Pickford i hovudrolla. Foto: NTB SCANPIXVis mer

Ein barnebokkarakter som kan irritere vettet av sjølv det mest sindige menneske fyller 100 år. I 1913 fekk barn bli kjend med den ukuelege optimisten Pollyanna, ei fattig og foreldrelaus jente som i kvar vanskelege stund leikar «the glad game»: uansett kor mørkt det ser ut, og uansett kor stor uretten begått mot henne er, klarer ho å sjå noko positivt i situasjonen.

Når ho i starten av boka ønsker seg ei dokke til jul, men i staden pakkar ut eit par krykker, trøystar ho seg med kor heldig ho er som ikkje treng å bruke dei.

Like heldig er ho ikkje mot slutten av boka. Då blir ho overkøyrd og kan ikkje lenger gå. Så får ho då endeleg bruk for krykkene sine likevel, men framtidsutsiktene er svartare enn nokon gong. Pollyanna leikar «vere glad-leiken» til den store gullmedaljen, og fortel seg sjølv at ho er heldig som fekk behalde beina sine, sjølv om dei ikkje kan brukast. Og ho trener seg naturlegvis sakte men sikkert opp, med sitt beundringsverdige pågangsmot, og kan til slutt gå.

Det skulle eigentleg vere eit samantreff altfor godt til å vere sant, men der historia om Pollyanna sluttar, startar historia om Ingvard Wilhelmsen. I 1984 opplevde han å i løpet av få timar å gå frå å vere fullstendig frisk, til å bli lam frå brystet og ned, grunna virussjukdomen transvers myelitt. Etter eit halvt år med opptrening kom han seg likevel ut av rullestolen, men ville resten av livet vere plaga av spastiske bein. Han gav seg sjølv følgjande val: skal eg no la alt handle om at eg ikkje lenger kan spele fotball, eller skal eg tenke på at eg slepper rullestol og kan gå i 100 prosent jobb? Han valte det siste, ikkje overraskande, og fann seinare ut den nye livssituasjonen eigna seg ypparleg til ei forskarkarriere.

Slik blei det. I dag er han spesialist både i indremedisin og i psykiatri, han er grunnleggar av Hypokonderklinikken i Bergen, populær foredragshaldar, og forfattar av fleire bøker i den meir seriøse enden av sjølvhjelpssjangeren. Behandlingsforma hans er kognitiv terapi.

Kognitiv terapi har ei relativt kort, men eksplosiv fartstid. Utvikla på 1970-talet av Aaron Beck, introdusert for alvor i Noreg på 90-talet. Kognisjonar er automatiske tankar, oppfatningar, refleksjonar, haldningar. Mange av oss har tankar som saboterer liva våre i varierande alvorsgrad. Klarer ein å vri desse tankane opp av sine fastkøyrde spor, kan ein kvitte seg med mange plager.

I motsetnad til tradisjonell psykoterapi er den kognitive terapien meir opptatt av notida enn fortida, meir konfronterande enn medfølande: Greitt, skaden er skjedd. Korleis skal du forholde deg til det? Skal du gå vidare? Ein av pasientane Wilhelmsen fortel om, greidde ikkje å ete anna enn suppe, grunna ein ikkje spesielt velfundert skrekk for at mat skulle sette seg fast i spiserøyret.

Vere glad-leiken

Hos ein «vanleg» psykolog ville kanskje scenen utspele seg slik:
Pasienten: Eg klarer ikkje å ete nokon ting, eg er så redd maten skal kvele meg.
Psykologen: Nei, så forferdeleg. Stakkars deg. Korleis er forholdet ditt til far din?
Kom han inn på rommet ditt etter at du hadde lagt deg?

Wilhelmsens tilnærming er derimot omlag slik:
Pasienten: Eg klarer ikkje ete nokon ting, eg er så redd maten skal kvele meg.
Wilhelmsen: Er du heilt på jordet?

Det er sjølvsagt ei overdriving, men ikkje så langt unna det Wilhelmsen sjølv fortel om korleis han praktiserer. Wilhelmsen gir sine pasientar anten to eller fem behandlingstimar. Det er det heile. I løpet av desse timane handlar det om å få pasientane til å fortelje om og grunngi sine meir eller mindre irrasjonelle plager eller oppfatningar av verda, og få dei til å sjølv innsjå kor dumt det høyrest ut.

Eg kan ikkje seie noko om kor vidt det faktisk fungerer, sidan eg aldri har vore Wilhelmsens pasient, men tankar som høyrest plausible ut inni hovudet har jo ein tendens til å endre karakter når ein prøver å seie dei høgt.

Det eg derimot kan seie noko om, er den siste boka hans med den flotte, om enn ikkje heilt presise, tittelen. For det er jo faktisk meir synd på somme enn på andre. No er det sjølvsagt ikkje meininga at ein skal gå opp til folk og seie «Hei, høyrde du mista barnet ditt forrige veke? Så utruleg kjipt. Eg veit om ei kjempebra bok du berre må lese: Det er ikke mer synd på deg enn på andre!»

Dette er og Wilhelmsen nøye med å understreke.

Tittelen er derimot replikken Wilhelmsen iskaldt leverte til bokas gjennomgangsfigur, pasienten Berit, og som blei vendepunktet for henne. Berit hadde etter eige utsagn «marinert seg» i offerrolla gjennom mange år, etter ein særs vanskeleg oppvekst. Ho hadde utvikla alvorlege psykiske problem, og redsle for å bli ramma av ei lang rekke sjukdomar, deriblant prostatakreft (!). Og fått psykologhjelp i årevis, utan synlege resultat. Ho reagerte med indignasjon på beskjeden, men det blei første steget på veg mot frigjering frå fortida.

Det er dette som er Wilhelmsens grunnprinsipp: Me kan ikkje endre fortida vår, men me kan endre haldninga vår til henne: «Dersom man etter et overgrep blir kronisk bitter og nekter å ta ansvar for sitt eget liv, er man offer for et nytt overgrep, denne gangen fra seg selv».

Denne tanken er tungt til stades i dagens positiv tenking-ideologi, på godt og vondt, men har lange røter bakover, til dei stoiske livsførselsfilosofane via Auschwitz-fangen Viktor Frankl, og faren i Pettersons «Ut og stjæle hester», når han dreg opp brennesler med berre nevane: «Du bestemmer sjøl når det skal gjøre vondt». Og altså jubilanten Pollyanna. Han inneber ei ansvarleggjering av offeret — ikkje for det som har skjedd, men for det som skal skje vidare. Det kan vere tungt å svelge. Ofte kan det vere direkte urettvist. Men livet er jo dét.

For folk som har verkelege problem, er eg ambivalent til denne «det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det»-linja. For av og til hjelper det ikkje uansett kor lite synd ein synest i seg sjølv, og uansett kor mange krefter ein bruker på vere glad-leiken. Alt er ikkje alltid opp til deg. Tungrodde system og strukturar — sosiale, politiske og økonomiske — set av og til ein effektiv stoppar for sjølv den mest stoiske Pollyanna.

For oss utan dei heilt store problem, derimot, er boka fin først og fremst i samhandling med andre menneske. For verda er som kjend full av idiotar. Derfor bør alle notere seg følgjande råd frå Wilhelmsen, for det er verd si vekt i gull: «Man kan plassere bestemte personer i kategorien ?tillegges ingen injurierende kraft?».

Eg har ei pen liste.

Agnes Ravatn er journalist i Dag og Tid og forfatter. I denne serien i Dagbladet presenterer hun klassikere innen selvhjelpslitteraturen.