POETER: Litterært samarbeid mellom forfatter Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg, journalist og poet. Foto: Andes Grønneberg
POETER: Litterært samarbeid mellom forfatter Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg, journalist og poet. Foto: Andes GrønnebergVis mer

Vers med vernesko

Sår og rå, humrande og blå Buickpoesi.

Les også intervju med Saabye og Stalsberg her.

ANMELDELSE: Forløparen til denne boka, «Men Buicken står her fremdeles», inneheldt foto, dikt og ein CD med musikk og opplesingar. Alt bygd på inntrykk frå ei reise i USA.

Denne førte til ei rekkje konsertar der Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg med musikarar, las og spela for arbeidsfolk i lunsjen. Frå førti kantiner, som omfattar Sydvaranger Gruve, Draka kabelfabrikk, SAS og Sporveien, har dei samla inntrykk til boka.

Gin og GPS
Og me vert med i Buicken. Dikta er ei skarp blanding, med Rudolf Nilsen og Richard Brautigan i hanskerommet, Frode Grytten og Kjartan Fløgstad haikar eit stykke. Ein glir stille forbi Utøya og regjeringskvartalet som sorgas arbeidarar med 77 elver i hjarta. Neddempa då, men elles sparer dei ikkje på noko. Det er «gin og globus, gåstol og gps».

Vers med vernesko

Men når du trur du får servert ordspelvelling med moroklumpar i, krafsar dei brått poesikloa i deg: utrykka sit som eit skot frå ein spikerpistol. I «Den ustødige rytme av stilleben» vil dei gi «alt under steinene vinger» og «Johnny på nattskiftet» har «tre kilo dårlige minner og resten i godt humør».

Denne poesien for folket skildrar eit Noreg med Norgesplaster, Karlsonslim, «arve opsahls skygge» og ei uventa hylling til målaren Erling Enger. I internasjonale sveip møter me «Dalis klokke hengende i en nervetråd».

Det visuelle
Fotografen Lars Eivind Bones løftar bokutgjevinga med sine intense, stemningsskapande bilete. Designar Andreas Bache-Wiig syr det heile saman til eit imponerande einskapleg verk, frå framsidefotoet av arbeidaren som kviler mot eit monsterhjul til siste veksling mellom foto og tekstoppsett på innsida av omslaget.
 
Eitt foto av band og poetar i aksjon gir oss glimt av atmosfæren dei har skapt. Den maskuline tonen har ikkje vorte mindre påfallande i USA-boka. Dette er dumpardikting, mopedpoesi, loddeboltlyrikk og vernesko-vers. Ein er ikkje ute etter å tilfredstilla dei som er allergiske mot verbal skit under neglene.

For dei som har hovudfag i kantine er det nok heller ikkje noko sakn, anten dei er menn eller kvinner. I ei bok som famnar landet sett frå setet i ein Buick; utanfrå, men inni, møter me dikt som vekker mange minne og som skapar mange nye.