Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Vev av meiningar

Diktdebutant med dristig satsing og gode dikt, men noko sprikjande heilskap.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Denne boka stiller opp sterke kontrastar frå første side, idet eit foster utstilt i glasmonter vert sett opp mot det fosteret som ligg i mors mage, der «eit auge (heldt) på å dannast» .

Ei dotter og mora hennar skapar spenning vidare i boka.

Her finst tekstar som riv ein med, som får opp engasjementet og gjev frå seg klare bilete. Nokre av dei spring ut av djupe kjelder. Etter kvart vert Krypskyttaren innført. Han er mangfaldig og står for ulike maskuline og marginale verdiar i utkanten av det konvensjonelle; «retten til å hevde uretten» , og lader tekstane med spenning. Her er fortetta erindringsrestar og kjensleminne. Tematikken mor/dotter, mann/kvinne og jeger/bytte vert fletta inn i kvarandre, og det oppstår ein vev av meiningar og spenningar.

Til å vera ein debut, er prosjektet dristig og komplekst. Dikta viser ein særeigen poetisk evne til observasjon, og mange formidlar det sårbare, det erotiske, det barnlege på ein uredd og frisk måte.

Problemet ligg i at ho prøver å famna for mykje i ei bok, og det finst noko overdrive poetiserande som viser kor flink ho er, men som øydelegg for det råe og direkte som ho jaktar på. Ho skriv ulike typar dikt, knekkprosa og komprimerte kortdikt, og til samman vert uttrykket i boka litt sprikjande. Her og der vart gode oppslag øydelagde ved at ho fører inn for mange element.

Men det er ingen tvil om at Storholmen har eit språkleg talent utover det vanlege. Og viljen til å laga eit gjennomført prosjekt, som forlaget støtter fint opp om ved å laga ei «lovsamling» av omslaget, peiker framover. Mange av dikta om mor og dotter har ei stille formidling av innsikt og kompleksitet, og brått samlar essensen seg i dikt med stor lyskraft.

Hele Norges coronakart