INFRASTRUKTUR: Sjølv om vi både byggjer betre jernbane og kollektivtrafikk, er mange framleis avhengig av bil, skriv artikkelforfattaren. Foto: Thomas Rasmus Skaug / Dagbladet
INFRASTRUKTUR: Sjølv om vi både byggjer betre jernbane og kollektivtrafikk, er mange framleis avhengig av bil, skriv artikkelforfattaren. Foto: Thomas Rasmus Skaug / DagbladetVis mer

Debatt: Veibygging

Vi byggjer ut gode veger som har vært sårt trengde og etterspurde i mange år

Det Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kallar galskap, kallar eg sunn fornuft.

Meninger

Vi byggjer landet. Det er eitt av regjeringas hovudmål. Betre infrastruktur styrkjer næringslivets konkurranse, og utvider bo- og arbeidsregionar. Det gjer det både mogleg og meir attraktivt å etablere seg utanfor bysentrum. Vi har for så vidt ikkje mangla planer for betre infrastruktur i Noreg. Men det har skorta på gjennomføringa. Ting har blitt gjort stykkevis og delt. Regjeringa endrar på det. Mellom anna byggjer vi ut gode veger som har vært sårt trengde og etterspurde i mange år.

SAMFERDSELSMINISTER: Jon Georg Dale (Frp).
SAMFERDSELSMINISTER: Jon Georg Dale (Frp). Vis mer

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom skriv i eit debattinnlegg om det dei omtalar som regjeringas motorveggalskap, og karakteriserer planane om ny firefelts motorveg mellom Stavanger og Kristiansand som planar ute av proporsjonar. Eg er ikkje einig. God infrastruktur er ei investering i framtidig velferd og velstand, og betre veger skapar ein betre reisekvardag for pendlarar, godstrafikk og oss alle. E39 mellom Stavanger og Kristiansand er ein viktig ferdselsåre lokalt og regionalt. Ein ny og betre veg vil gje vesentleg kortare og meir behageleg reiseveg mellom dei to byane.

Auka trafikktryggleik er ei hovudsatsing for regjeringa. Trygge og sikre veger er vesentleg i arbeidet med trafikktryggleiken. Både lang reisetid , men ikkje minst fleire ulykker viser at strekninga mellom Stavanger og Kristiansand ikkje tilfredsstiller dagens og framtidas krav. Ein ny trafikktrygg veg vil gje drastisk reduksjon i risiko for ulykker. Vi såg at framskynda opning av E18 i Vestfold umiddelbart gav færre ulykker.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er bekymra for jordvernet og miljøet. Men jordvern er ikkje noko vi har gløymt. Når vi planlegg ny infrastruktur så er jordvern eksplisitt ein viktig føresetnad for lokalisering og utforming av alle tiltak. Det same gjeld andre miljøomsyn som naturmangfald, kulturarv og friluftsliv. Når det kjem til jordvern, har faktisk denne regjeringa oppnådd ein reduksjon i nedbygging av dyrka jord samtidig som vi har kraftig vekst i vegbygging.

Dei to naturvernorganisasjonane meiner også det er bortkasta pengar å satse på jernbane samtidig som vi byggjer veg. Eg kunne ikkje vert meir ueinig. Denne regjeringas storstilte jernbanesatsing gjer passasjerar og næringsliv eit stadig betre togtilbod. Vi ser ein kraftig vekst i talet på reisande, og de reisande er meir tilfredse.

Talet på avgangar aukar, og togstallen vert stadig oppgradert. Ein viktig grunn er regjeringas satsing på vedlikehald. Og satsinga held fram. I siste Nasjonal transportplan har vi lagt inn ei eiga godspakke med målretta tiltak som skal styrkje konkurranseevna til den skinnegåande transporten ytterlegare.

Det er positivt for både miljø, trafikktryggleik og framkome at både folk og gods vert frakta på jernbanen i staden for på vegen der det er høveleg. Samtidig må vi satse på betre veger. For sjølv om vi både byggjer betre jernbane og kollektivtrafikk, er mange framleis avhengig av bil. Over 60 store vegprosjekt er under bygging. Ikkje fordi det er gøy, men fordi det bindar landet vårt betre saman.

Vi må heller ikkje gløyme at morgondagens bilpark vil vere både grønare og smartare enn i dag. Nok ein grunn til at vi framleis skal tenke på korleis vi kan byggje ut betre veger. Det Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kallar galskap, kallar eg sunn fornuft.