I TIDSKLEMME: Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV) leiar eit utval i SV som har sett på politiske tiltak for å redusere tidsklemma. Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
I TIDSKLEMME: Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV) leiar eit utval i SV som har sett på politiske tiltak for å redusere tidsklemma. Foto: Lars Eivind Bones / DagbladetVis mer

Vi kan gjere noe med tidsklemma

Ein kan ikkje avskaffe stress. Men den perioden i livet då det er mest intenst kan vi gjere noko med.

Meninger

Eg opnar inngangsdøra heime, og går inn - klar for det som ofte er dagens mest intense timar.

Ein kort runde med korleis dagen har vore. Så; Kva skal vi ha til middag tru?

Det må gå fort i dag. Mac?n Cheese! Ein av dei mange tinga USA har bidratt med til verdas barnefamiliar. Eg set på steikeovnen. Den eldste har til ei forandring gjort alle leksene, men den yngste må settast i gong. Den mellomste har med ei venninne heim, dei har gitt seg med leksene utan å vere ferdig. Makaroni og saus klart. Opp i ei form, ost på toppen, i ovnen. Den yngste må ta på fotballtøy før middag, den eldste handballtøyet. Kom igjen! Tilbehør? Brokkoli, på med ei plate. Skjær opp nokre cherrytomatar. Maten er servert. Men kjære, skulle ikkje du skifte tøy? Eg er trenar, og kan ikkje kome for seint!!! Middag tar ti minutt, før eg skiftar til treningstøy og køyrer (ja, eg rakk ikkje anna). Den eldste vert slept av ved hallen. Den yngste og eg skal på fotball, vi kjem eit minutt for seint. Ein time seinare er det heim med ho, ei venninne vert slept av på vegen. Den eldste skal plukkast opp. Klokka er litt over sju, rakk akkurat ikkje kona før ho måtte ut igjen. Sjekke lekser, kveldsmat, den yngste i seng. Klokka er ti på åtte.

Dette er ein vanleg, tidsklemt ettermiddag - bortsett frå at kona mi har opplevd den langt oftare enn meg dei siste åra.

Det siste året har eg leia eit utval i SV som har sett på politiske tiltak for å redusere tidsklemma for barneforeldre. Vi har ulike jobbar, ulike familiar og ulike fritidsinteresser - men tidsklemma har mange familiar til felles. Tidsklemma er eit omgrep som vert brukt på mange vis, vi har definert den som:

Ein periode på dagen, slik den eg skildra over.

Ein periode i livet der ein får barn, med alt det medfører av tid brukt på dei. Men i den same perioden skal vi etablere oss i arbeidslivet, og pleie familien som heilskap.

Bakteppet er store samfunnsendringar dei siste tiåra. Fleire par har to fulle eller nesten fulle jobbar, på grunn av auken i kvinners sysselsetting. På 1970-tallet gjekk eit fåtall barn i barnehage, i dag går om lag 97 prosent av femåringar i barnehage. I løpet av de siste tjue åra er skuledagen blitt lenger, og ikkje minst; SFO er innført. Lekser er meir omfattande enn for nokre tiår sidan, og barn har fleire idretts-, kultur- og fritidstilbod å vere med på.

For mange betyr det at timane frå foreldre og barn er heime, til barna skal legge seg, er færre - og meir pressa.

Tidsklemma heng også saman med to viktige samfunnsutfordringar:

Demografi: Mange vestlege land har låge fødselstal, noko som hemmar økonomisk vekst og velferd. Noreg har hatt eit høgt nivå europeisk samanheng, 1.98 i 2009. Sidan det har vi opplevd ein påfallande nedgang til relativt låge 1.76 i 2014. Vi veit frå tidlegare periodar at det er ein samanheng mellom fødselstal og demografiske og politiske endringar. Då kvinner storma ut i arbeidslivet på 1970-tallet, gjekk fødselstalet ned. Mange venta med å få barn på grunn av vanskane med å kombinere barn og arbeid. Utviding av fødselspermisjon og utbygging av barnehage fekk gradvis fødselstala til å auke og halde seg relativt høgt dei neste tiåra.

Likestilling: Det er godt belegg for å seie at tidsklemma rammar kvinner meir enn menn. I ein familie må nokon passe på bursdagar, skuleavslutningar, foreldrekaffe, turdag, treningar og kampar, at alle har parkdress til vinteren og sko til 17. mai. At familien fungerer. Denne logistikken er det i stor grad kvinner som står for. Når familiar skal finne strategiar for å handtere den, er det oftast kvinner som går ned i stilling, eller blir heime med sjukt barn. Forskaren Sigtona Halrynjo har studert kjønnsskilnadar i arbeidslivet i mange år. Ho finn at det i familiar med relativt likestilte haldningar og to som vil gjere karriere, også fort endar med at mannen stig i gradene medan kvinna finn seg ein «familievennleg jobb» med meir regulert arbeidstid, lite reising og nærleik til heimen.

Det er ikkje eit enkelt svar på tidsklemma. Familiar er ulike, situasjonar er ulike. Men SV-utvalet eg leia peikar på eit knippe svar der mange vil ha glede av nokre av dei. Enkelte av forslaga er vi trygge på, andre bør utgreiast nærare eller prøvast ut først. Vi ser særleg tre typar tiltak vi trur på:

1.
Løysingar som gjer det lettare å kombinere arbeid med familietid. Dei bør føre til ei betre organisering av dagen, og særleg lette timane etter normalarbeidsdagens slutt. Eit sentralt svar her er å innføre heildagsskule, eller meir avgrensa variantar av same tankegong - som at lekser blir gjort på skulen. Å legge fleire kultur- og fritidsaktivitetar til skulefritidsordninga (aktivitetskulen) er også del av svaret. Desse endringane er, slik eg ser det, dei aller viktigaste.

2. Løysingar som tek utgangspunkt i arbeidslivet, og kan gi den enkelte meir fleksibilitet og muligheit til å bestemme over eigen arbeidssituasjon. Det kan vere å styrke retten til tilpassa arbeid som den enkelte har og å betre høvet til permisjon i særleg vanskeleg situasjonar (som ved skilsmisse, eller når ein må gje ekstra omsorg til foreldre og barn). Betre grunnbemanning i velferdsyrka vil også gje breie grupper meir fleksibiliteten i arbeidsdagen.

3. Løysingar som reduserer arbeidsmengda i denne perioden, eller som fordeler arbeidstid mellom periodar i livet, og som gir meir tid med barna i småbarnsperioden. Vi lanserer to alternative forslag som bør prøvast ut; Anten redusert arbeidstid i perioden frå barnet er 1-5 år, til dømes som to år der kvar av foreldra har 30 timers uke eit år kvar - eller dobbelt så lenge med halvparten av tidsreduksjonen (evt andre modellar). Eller ein småbarnspermisjon på ti veker for den enkelte forelder, 20 veker til saman for eit par, som ein kan ta ut som ein vil pr barn i alderen 1-5 år.

I begge modellar må det vere ein individuell rett som ikkje kan overførast mellom foreldra.

Vi blir ikkje kvitt tidsklemma. Ein kan ikkje avskaffe stress. Men den perioden i livet då det er mest intenst, dei timane på ettermiddagen då det toppar seg, kan vi gjere noko med. Vi bør diskutere fordomsfritt kva forslag som best får til det.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook