LEIR: Azraq flyktningeleir i Jordan, som huser over 21,000 syriske flyktninger. FOTO: Muhammad Hamed / Reuters
LEIR: Azraq flyktningeleir i Jordan, som huser over 21,000 syriske flyktninger. FOTO: Muhammad Hamed / ReutersVis mer

Vi kan ikkje kjøpe oss ut av denne situasjonen, Siv Jensen og Per Sandberg

Kven skal ta imot flyktningane frå Syria viss ikkje vi skal?

Meninger

Vi er vi vitne til den største flyktningstraumen sidan 2. verdskrig. Menneske på flukt frå krig og naud. Innsatsen vår må vera eit bode og, ikkje enten eller.

Vi må sette i verk tiltak både her og der. Viss ikkje Norge kan ta imot flyktningar frå Syria, kven kan då ta imot? Det på tide at Frp kjem med eit svar på det.

Det er positivt at Frp har snudd og endeleg vil auke bistandsbudsjettet for å hjelpe fleire flyktningar i nærområda. Vi står globalt overfor ei av dei største humanitære katastrofane verda har sett.

Per dags dato har vi ifølgje FN fire humanitære kriser på høgste krisenivå. Millionar er ramma av konfliktane i Syria, Irak, Sør-Sudan og Jemen. I tillegg kjem kriser i Den sentralafrikanske republikk og Nepal.

Vi veit talla og me begynner å fatta omfanget. Vi må difor ha to tankar i hovudet samstundes. Berre i Syria har krigen ført til 4 millionar flyktningar i utlandet, 7 millionar internt fordrevne.

KrF tar difor til ordet for at Norge må ta eit internasjonalt ansvar og be EU og FN vurdera ei internasjonal «Marshallhjelp» for flyktningar i Syrias nærområda.

Krigen kan væra årsak til at ein heil generasjons kompetanse og kunnskap går tapt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi må difor sette i verk tiltak som kan skapa meiningsfulle liv og sysselsetting, ikkje bare husly, helsetilbod og skule. Det vil bidra til å kunne skapa noko form for meining midt oppi all nauda. Vi bør difor sjå nærare på bistandseksperten Paul Colliers forslag om industriparker i Jordan og andre naboland, slik at syriske flyktningar kan få brukt sin arbeidserfaring og kompetanse til næringsutvikling.

For KrF er det ikkje eit enten eller, det er ikkje slikt at vi enten skal hjelpa der eller hjelpa dei her. Vi må klara å ha to tankar i hovudet samstundes.

I valkampen køyrer partiet, med partileiinga Siv Jensen og Per Sandberg i spissen, ein kampanje mot at kommunane skal ta imot fleire flyktningar.

Partiet vrir seg kategorisk unna det uomtvistelige faktumet i debatten om korleis vi kan hjelpe flyktningane best: Kva med alle de som ikkje kan hjelpast i nærområda, kor skal dei gjere av seg? Eg vil ha eit svar, slik ein må forvente av eit parti som vil vera eit ansvarleg regjeringsparti.

For det første er Libanon og Jordan overfylt. I den grad vi skal snakke om kapasitet til å ta imot menneske på flukt, er denne kapasiteten fullstendig sprengt der.

Det fører til at mange flyktningar ikkje ønskjer å bli verande i desse to landa, men legg ut på ei livsfarleg reise mot tryggare hamner.

For det andre er det mange menneske som ikkje kan få hjelp i nærområda. FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har rekna ut at dette gjeld for kring 380 000 menneske, og at desse på ein eller annan måte må hjelpast ut av nærområda.

Her snakkar vi om modige opposisjonelle som i starten av den arabiske våren kjempa mot Bashar al-Assad sitt brutale regime eller folk som sidan har kjempa i den blodige krigen - anten mot Assad eller ISIL.

Det er snakk om dei som ikkje kan få tilstrekkeleg hjelp i ein flyktningleir, som for eksempel sjuke eller funksjonshemma personar.

Det er snakk om homofile, som risikerer å bli forfølgd, anten dei blir att inne i Syria eller held fram livet i ein flyktningleir i Jordan.

Det er snakk om einslege barn som har mista både mor og far i den no snart fem år lange borgarkrigen som har krevd over 320 000 menneskeliv.

Det er snakk om religiøse minoritetar, slik som yezidiar eller kristne, som like fullt risikerer å bli forfølgd i Libanon, som dei gjorde bak krigens frontlinjer inne i Syria.

Det er snakk om åleinemødrer som opplever sterk utryggleik av å bu åleine med borna sine i ein flyktningleir.

Dei som ikkje kan få beskyttelse i nærområda er nokon sine born, mødrer, sysken eller kanskje besteforeldre. Det er menneske med akkurat det same menneskeverdet som deg og meg. Det er menneske med framtidsdraumar, håp og tankar.

Ikkje minst er det menneske som vi har råd, moglegheit og plikt til å hjelpe.

Trur Frp at syrarar risikerer sitt eige og borna sine liv ved å flykte over Middelhavet for velstanden si skuld eller fordi dei er misfornøgde med standarden på telta i flyktningleiren?

Dei flyktar fordi dei fryktar for liva sine. Minst 380 000 av dei kan ikkje få beskyttelse i Jordan, Libanon eller Tyrkia.

Derfor gjentar eg spørsmålet mitt: Viss ikkje vi i Norge kan ta imot nokre av desse flyktningane, kven kan då ta imot dei?

Nokon har kanskje akseptert at Frp ikkje vil gje noko godt svar. Det har ikkje eg. Eg håpar alle kan delta i den norske dugnaden, også Frp. For som Angela Merkel nyleg sa: Kunne vi redde bankane, så kan vi også redde flyktningane.»

For medan bileta av døde barn, kvinner og menn på Europas strender fyller avisforsidene, og medan vi ser hjarteskjerande scener over heile Europa, så seier Frp nei til den norske flyktningdugnaden.

Ja ikkje berre seier dei nei - dei bed kommunane i realiteten sabotera vedtaket Stortinget har gjort. Det er ikkje haldbart.

Vi kan ikkje kjøpe oss ut av denne situasjonen, så Siv Jensen og Per Sandberg: Kven skal ta imot flyktningane frå Syria viss ikkje vi skal? Det er våre medmenneske som no døyr på Europas strender.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook