8. MARS I ÅR: Bak hver eneste parole i toget i Oslo bar kvinner masker av Sumaya Jirde Ali, i solidaritet med debattanten som har vært utsatt for massiv hets. Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
8. MARS I ÅR: Bak hver eneste parole i toget i Oslo bar kvinner masker av Sumaya Jirde Ali, i solidaritet med debattanten som har vært utsatt for massiv hets. Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixVis mer

Ytringsfrihet:

Vi kan ikkje trues til stillheit

Prisen nokre kvinner må betale for å bruke sin ytringsfridom er høg. Altfor høg.

Meninger

Ytringsfridom er ikkje ein uendeleg størrelse. Det er ikkje plass til alle ytringar. Nokre ytringar hindrar andre ytringar, og dei hindrar menneske i å bruke sine stemmer. Og ikkje berre stemmer, dei hindrar menneske frå å leve sine liv. Nokre ytringar hindrar folk frå å kunne gå ut, studere, jobbe, le og puste med magen.

Akkurat no er det Sumaya Jirde Ali som vert hetsa på nettsida Resett. Mange andre kvinner har opplevd det same. Dei vert trua på livet og trakassert i kommentarar, på personlege meldingar og i postkassa si når dei ytrar seg. Dette gjer at prisen dei må betale for å bruke sin ytringsfridom vert høg. Altfor høg.

Slik vil vi ikkje ha det! Vi vil at alle, også melaninrike kvinner, skal få kunne skrive i aviser, delta i debattar og ytre seg fritt utan å bli møtt med rasistisk og sexistisk hets.

Om det betyr at andre må moderere sine ytringar, så er det ein pris vi er villige til å betale. Det er ikkje ytringsfridom å godta alle ytringar. Det fører derimot til at dei som roper høgast får halde fram med hetsen sin, og at alle vi andre blir utslitte og stumme.

Eit fritt demokrati er avhengig av at vi kan ytre oss utan å bli hetsa, trua og trakassert. Resett og andre høgreekstreme miljø er ein stor trussel mot vår ytringsfridom.

No er det Sumaya Jirde Ali, ein annan gong er det andre som vert ramma. Vi står saman for å hevde vår og alle kvinners rett til å delta i samfunnsdebatten utan å bli forsøkt trua til stillheit.