Vi kan snu AIDS-epidemiane

Vi har eksempel på at tiltak verkar relativt raskt blant majoriteten av befolkninga. Det best kjende eksempelet er Uganda, og det aller ferskaste er Zambia.

I 16 land i Afrika sør for Sahara har HIV/AIDS-epidemien ei utbreiing på over 10% i befolkninga 15- 49 år. Blant dei aller verst ramma av desse finn vi storparten av Noreg sine hovudsamarbeidsland. Epidemien utgjer her ein humanitær katastrofe. Konsekvensane i form av raske og omfattande demografiske, sosiale og økonomiske skadeverknader blei først synlege i løpet av 1990-talet. Den gode trenden i raskt stigande levealder gjennom dei siste 40 år snudde brått, og blei i løpet av eit ti-år reversert til nivået på 1960-talet. HIV framstår som den største barrieren for utvikling.

Bistanden frå den rike delen av verda er framleis fattigsleg. Klimaet ser likevel til å ha endra seg positivt det siste året, og utspelet frå administrasjonen til Clinton kan i så måte ha bidratt; at AIDS-problemet i utviklingsland oppfattast som eit nasjonalt sikkerhetsproblem for USA - fordi epidemien potensielt kan destabilisera regionar. Omfanget av norsk bistand til HIV-kontroll ligg i alle høve ikkje attende for det andre land bidreg med, men dagens innsikt i den særlege situasjonen i dei fleste afrikanske landa vi samarbeider med, tilseier langt større og raskare omleggingar av bistanden.

Den 13. Internasjonale AIDS-konferansen (AIDS 2000) blir i desse dagar arrangert i Durban, Sør-Afrika. Temaet er «Break the silence». Det er første gong den globale konferansen er lagd til Afrika, og då til eit land som opplevde den mest eksplosive spreiinga av HIV på 1990-talet: frå eit 2%-nivå då Nelson Mandela marsjerte ut frå fengselet - til nær 20% av den vaksne delen av folket i dag. Slike konferansar har tidlegare vore lite prega av at 95% av alle smitta med HIV bur i utviklingsland - og at over 70% lever i Afrika sør for Sahara. Vi får tru at AIDS 2000 kan bli ein milepæl i så måte. Under har skjedd før.

Forspelet har kanskje ikkje vore det mest ideelle. President Mbeki stilte for ein del månader sidan spørsmål ved om HIV faktisk er årsak til AIDS. Med dette gjekk han inn i ein gamal kontrovers, der nokre få forskarar står mot rådande vitskapleg konsensus. Fordi det er Mbeki som tar dette opp, har kontroversen blomstra på nytt. UNAIDS skuldar Mbeki for å bidra til å skada pågåande førebyggande arbeid, og forskarverda har trua med boikott av konferansen. Slikt brukar å roa seg. Mbeki sin posisjon vil bli kraftig imøtegått på konferansen. Den forskingsgruppa eg arbeider med i Zambia legg eksempelvis fram funn som klart støttar «konsensus-synet». Med basis i vår serie av befolkningsstudiar, syner vi at HIV i løpet av ein periode på tre år var årsak til 60- 80% av alle dødsfall i aldersgruppa 15-49 år. Vi legg dessutan fram særs oppmuntrande forskingsresultat om utviklinga av epidemien i Zambia på 90-talet: epidemien er på nedtur som resultat av omfattande endring i åtferd.

HIV spreier seg primært heteroseksuelt i Afrika. Det førebyggjande prosjektet blir derfor også noko anna og langt meir omfattande enn i epidemiar som er avgrensa til menn som har sex med menn og til narkomane: få i gang ein prosess for åtferdsendring i den generelle befolkninga av menn og kvinner. All historisk erfaring om slike prosessar tyder på at slikt tar tid. Vi har likevel eksempel, frå to av dei mest tunge HIV-epidemiane i Afrika, på at tiltak verkar relativt raskt - og blant majoriteten av befolkninga. Det best kjende eksempelet er Uganda, og det aller ferskaste er Zambia.

I begge desse landa eksploderte epidemien tidleg på 80-talet (i Sør-Afrika 10 år seinare), mens tiltak ikkje kom i gang før 5- 8 år seinare. I denne tidlege fasen, før informasjonsarbeidet var i gang, var smittespreiinga raskast blant grupper med middels og høg utdanning. Studiar frå tidleg på 90-talet synte ei smitteutbreiing som var 3- 4 gonger høgare blant dei med høg utdanning samanlikna med grupper med lite utdanning (både i urbane og rurale strøk). Globalt var derimot epidemien primært utbredd i fattige land. Etter 10 år med tiltak er situasjonen radikalt endra. I yngre aldersgrupper er samanhengen mellom HIV og utdanning snudd, og slik sett er epidemien også her på rask veg mot å primært bli eit problem for dei aller fattigaste. Bak dette ligg det omfattande endringar i åtferd, blant majoriteten av befolkninga - slik at epidemien totalt sett er på retur. Men «vegen fram» kan bli lang. Store befolkningsgrupper er ikkje nådd fram til, og den særlege utfordringa i neste tiltaks-fase blir å nå dei aller fattigaste. Det er likevel eit poeng at desse unikt raske endringane blei oppnådd ved bruk av særs knappe ressursar. Bistanden utanfrå har vore avgjerande viktig, men totalt sett fattigsleg. NORAD sin rolle spesielt i Zambia er det grunn til å framheva: som den aller mest sentrale bidragsyter til omfattande nasjonal satsing på førebygging på tvers av sektorar, innan media (aviser, radio, TV) og ikkje minst innan teater og musikk.

Den sterke overrepresentasjonen av høgutdanningsgruppene som blei smitta i den tidlege fasen førte med seg særs høg dødelighet blant arbeidsstokken innan byråkratiet, utdanninga, helsetenesta, leiinga i næringslivet etc. Dette gjer tilgangen på kompetanse til eit særleg problem dei nærmaste ti-åra, og inkluderer kompetansebehovet for vedlikehald og vidareutvikling av HIV-relaterte program. Når det gjeld det siste, ser vi at viktige nasjonale program stagnerer eller stoppar opp pga. mangelen på personar med tilstrekkeleg fagleg bakgrunn. Vi manglar seriøs og langsiktig innsats her. Det bør vera naturleg for norsk bistand å ta denne utfordringa, og særleg på bakgrunn av eigne formulerte målsettingar om særleg satsing på kompetansebygging.

Sidan 1996 har verda hatt tilgang på medikament som forlenger livet til HIV-smitta. Den høge prisen gjer at dei aller fleste som er smitta ikkje har tilgang. Dessutan er administrasjonen av denne behandlinga særs komplisert. Sjølv med svært mykje lågare pris på medikamenta, ville dei fleste afrikanske land måtta bruka enorme ressursar og tid for å byggja eit slikt tilbod. Det er stor grad av konsensus om at ressursar til effektiv førebygging må sikrast aller først, men i praksis er det å føreta slike val særs etisk vanskeleg. Eit riktig førstesteg vil vera å gi allmenn tilgang på frivillig HIV-testing. Slik tilgang er klar menneskerettsleg fundert, retten til å vita (og samstundes til ikkje å vita) eigen smittestatus. Dessutan har rådgjeving knytt til testing vist seg å vera effektiv førebyggande sett, og samstundes opna dørar for tilgang til støtte/omsorg og til helsetenesta (og til det behandlingstilbodet som eksisterer). Utfordringa ligg i at majoriteten av befolkning i dei fleste afrikanske land ikkje har slik tilgang. Forsøk når det gjeld å organisera slikt tilbod, som bl.a. NORAD har vore bidragsyter til, har synt at ein også her møter «kompetanseproblemet», og at støtte til tiltaket må knytast nært opp støtte til langsiktig kompetansebygging.

Den globale konferansen, AIDS 2000, siktar mot styrking av og endra fokus i forsking - og samstundes - mot å bidra til «gjennombrotet» for kollektiv handling. Deltaking forutset ikkje reise til Durban. Presentasjonane blir sende direkte sendt på internett i perioden 9.- 14. juli (webcast.aids2000.com).