FLEIRE SIDER: Mørk maskulinitet kan vera livsfarleg. Men eg trur ikkje vi unngår den ved einsidig å heia fram det feminine, for mennesket har fleire krefter i seg, skriv innsendaren. Foto: Shutterstock
FLEIRE SIDER: Mørk maskulinitet kan vera livsfarleg. Men eg trur ikkje vi unngår den ved einsidig å heia fram det feminine, for mennesket har fleire krefter i seg, skriv innsendaren. Foto: ShutterstockVis mer

Debatt: Kjønnsroller

Vi må snakka om den sunne maskuliniteten

Kva er maskulinitet? Kva skjer viss vi fornektar maskuline verdiar?

Meninger
Maria Tryti Vennerød.
Maria Tryti Vennerød. Vis mer

Heilt sidan eg var ung har eg krangla med ulike menn om forskjellen på menn og kvinner. Kranglane har følgt eit mønster. Mennene har insistert på at jo, det er ein forskjell, men dei har ikkje villa seia kva forskjellen er. Eg har blitt krakilsk og trudd at ei kvar inndeling etter kjønn innskrenkar min fridom. Eg har blitt rasande og redd.

Det viktige for desse mennene har tydelegvis vore å markera at dei er forskjellige frå meg. Eg er ikkje som deg. Eg er mann! Er det difor eg har blitt så sint? Var det på grunn av kvinneforakt at dei ville distansera seg? Eller er det tvert om eg som har hatt kvinneforakt, som ikkje vil bli sett i bås med andre damer?

Åra har gått, og frustrerte menn dukkar opp overalt; i media, i litteraturen, på kjøkenet mitt. Mange klagar over fråværet av maskuline førebilete. Kvinnene har blitt så frie, seier dei, men kva med oss? Korleis skal vi vera? Slutt å sutra, har eg tenkt. Det er ikkje mitt problem.

Men no har eg skifta meining.

For vi har alle både maskuline og feminine sider, sjølv om dei ikkje er likt fordelte mellom kjønna. Og vi veit godt kva feminine verdiar er. Det er modent, sexy og sofistikert når ein mann snakkar om omsorg, viser kjensler, ser fleire sider av ei sak. Men kva med det maskuline?

Det finst nok av mørk maskulinitet i verda. Det er menn som har utført dei største forbrytingane i historia, og som herskar og undertrykker i stor skala. Men kva med den sunne maskuliniteten? Kor finst den?

I mytar og eventyr over heile verda møter vi den unge helten. Det er urmyten om det maskuline: guten som forlet foreldreheimen for å dra ut og konfrontera det ukjende og farlege.

Helten er sympatisk. Vi likar han. Det er den unge idrettsutøvaren som gjennom hard trening og dristige metodar, knuser gamle rekordar. Det er den fattige fiskaren som jobbar seg heile vegen opp, før han blir rik. Det er Askeladden som ved å vera uredd, kreativ og snill, drep trollet, vinn prinsessa og halve kongeriket.

Den kanadiske psykologen Jordan Peterson har nyleg blitt intellektuell superstjerne med den kontroversielle boka 12 Rules for Life. Her minner han oss om maskuline verdiar. Rett deg opp i ryggen. Rei senga. Ver snill mot dyr, set grenser for ungane dine og viktigast: Ta ansvar for eige liv, seier Jordan Peterson. Særleg unge menn elskar det.

Maskulinitet er mannleg – men ikkje berre for menn! Alle treng sunn sjølvkjensle, personleg styrke og trua på at ein sjølv spelar ei rolle i denne verda. Eg kan drepa draken. Og: berre ved å aktivera min indre prins kan mi indre prinsesse få blomstra til fulle, og eg kan bli eit heilt menneske.

Det skjer eit rollebyte når folk får makt. I beste fall blir prinsen ein klok og god konge. Men det gjeld å forvalta makta rett.

Den unge og sjarmerande Petter Northug framstår annleis når han er vaksen og går over streken. Den friske Trond Giske er mindre frisk når han som toppolitikar ikkje forstår rolla si.

I nokre tilfelle blir maskuliniteten korrupt og tyrannisk. Eit eksempel langt borte er Robert Mugabe i Zimbabwe, som på 70-talet var frigjeringshelt. Fram til i fjor var han diktator på fjerde tiåret.

Verdshistoria viser at folk som kjenner seg undertrykte lenge nok, ikkje nødvendigvis tar rolla som passive offer. Nokre gonger slår dei tilbake med frykteleg kraft. Eg trur det same gjeld menneskelege eigenskapar.

Mørk maskulinitet kan vera livsfarleg. Men eg trur ikkje vi unngår den ved einsidig å heia fram det feminine, for mennesket har fleire krefter i seg. Både som individ og samfunn treng vi å snakka om, forstå og framelska den sunne maskuliniteten.