GOD SPRÅKPOLITIKK: Kulturminister Linda Hofstad Helleland bør stanse alle som vil krige mot norsk. Ho må slå fast nokre overordna prinsipp og drive god språkpolitikk ut frå dei, skriv kronikkforfattaren. Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
GOD SPRÅKPOLITIKK: Kulturminister Linda Hofstad Helleland bør stanse alle som vil krige mot norsk. Ho må slå fast nokre overordna prinsipp og drive god språkpolitikk ut frå dei, skriv kronikkforfattaren. Foto: Lars Eivind Bones / DagbladetVis mer

Debatt: Språk

Vi må vinne krigen mot norsk

Skal vi vere generasjonen som slår ein strek over tusen års norsk språkhistorie?

Meninger

Sist veke vedtok styret ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) med éi røysts overvekt at høgskulen skal heite OsloMet – Storbyuniversitetet om han blir eit universitet. Namnet er umogleg: OsloMet er ikkje noko norsk namn, og det er ikkje skrive med norsk rettskriving. Det er sjølvsagt i strid med statens reglar på området, men viktigare er det at det er i strid med norsk språk.

Magne Aasbrenn
Magne Aasbrenn Vis mer

Gjennom to hundre år har norske universitet hatt ei heilt avgjerande rolle i den norske nasjonsbygginga – i å gjere Noreg til Noreg. No har HiOA ein rektor som «(…) synes det skal utrolig mye til for å forsvare å skrive en doktorgrad på norsk», slik Curt Rice har uttalt til Språknytt. Denne rektoren meiner det er bra om vi skriv mindre norsk i Noreg. Dessverre står ikkje Curt Rice aleine, men har eit koppel av forbundsfellar.

Trond Vernegg, formann i Riksmålsforbundet, har nå gått inn for at bokmål ikkje lenger skal heite bokmål, men norsk. Dermed tar han det norske språket som gissel: Om Vernegg får det som han vil, vil ord som «eg» og «ikkje» i framtida høyre til noko anna enn det norske språket. Ja, til og med ordet «kjærleik», som i 2004 blei kåra til det vakraste ordet vi har, kan i framtida stå utanfor norsken. Dialektane som folk flest snakkar, vil vere noko anna enn norsk. Vi kjem ikkje rundt at nynorsk bygger på dei norske dialektane der bokmål kjem frå dansk. I realiteten vil Vernegg reversere norsk språkpolitikk tilbake til attenhundretalet, den gong eliten skreiv dansk og kalla det norsk. Dette er ikkje ein krig om norsk, det er ein krig mot norsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Våren 2017 kom Mediemangfaldsutvalet, under leiing av Knut Olav Åmås, med sin NOU om framtidas mediepolitikk. Åmås-utvalet presterte å skrive nesten to hundre sider utan å tematisere korleis mediepolitikken skal stø opp om dei norske språka, trass i at dette var ein del av mandatet. Dei la fram tiltak for samisk og språklege minoritetar, men nynorsken (og bokmålet) og dialektane heldt dei seg unna. Men fråvær av politikk er òg politikk, og norsk språk er altfor verdfullt til at Åmås kan få viljen sin.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland skreiv i Stavanger Aftenblad i november om kva ho ville legge vekt på i ei ny kulturmelding: «Den kanskje aller viktigste felles grunnsteinen i vårt samfunn er det norske språket. Men i en globalisert og digitalisert verden er vårt lille språkområde under press. Språk er kultur. Vi må bruke det og utvikle det som en felles plattform for kommunikasjon og identitet i vårt mangfoldige felleskap.» Ho har heilt rett.

Når ein dialekt døyr, er det som ei stavkyrkje som brenn ned: Ein umisteleg del av den norske kulturen, som knyter band mellom før og no, går over i sogebøkene. Skulle norsk forsvinne, ville det vere ein kulturell katastrofe. Språket vårt finst berre her. Det er vi som må ta fint vare på det. Kulturministeren bør stanse alle som vil krige mot norsk. Ho må slå fast nokre overordna prinsipp og drive god språkpolitikk ut frå dei. Stortingsmeldinga «Mål og meining» (2008) slo fast verdien til dei norske språka og prinsippet om likeverd mellom bokmål og nynorsk. Meldinga peika òg på at nynorsk som eit mindre brukt språk, treng ekstra vern. Det kan verke som at den nåverande regjeringa har eit meir fjernt tilhøve til denne stortingsmeldinga, og at utarbeidinga av ei mållov stadig blir skuva inn i framtida.

Linda Hofstad Helleland bør invitere Stortinget til å slå fast eigenverdien til språka våre. Vidare bør ho gjere omsynet til norsk til ein grunnstein i kultur- og mediepolitikken, både når det gjeld film, presse og litteratur. Helleland bør snakke med sin statsrådkollega i Kunnskapsdepartementet om korleis vi kan vri teljekantsystemet i akademia i meir norskvennleg retning. I dag er systemet slik at akademikarar får mest att for å publisere i engelskspråklege tidsskrift, medan ein kronikk i ei norsk avis gjev null poeng. Med andre ord: Å formidle faget til dei innbyggarane som betaler for forskinga, gir null tilbake. Dette systemet må vi snu på hovudet: Norsk må lønne seg, ikkje straffe seg. Prosjektet med offentlege barneskular som bruker engelsk i Noreg er det òg på tide å avslutte. Det er viktig å lære engelsk, men vi kan ikkje avskaffe norsk som skulespråk i Noreg.

I arbeidsliv og næringsliv treng vi òg tiltak. Andre land har lover som seier at kontraktar mellom to innanlandske selskap skal vere på det nasjonale språket. Det er eit godt verkemiddel for å fremje nasjonalmålet, og eit slikt vedtak kan vi få oss her òg. Det blir for dumt når Statoil krev at alle norske underleverandørar berre skal skrive til dei på engelsk, slik dei kravde i 2010.

På arbeidsplassar er det viktig å snakke det same språket. Det er ikkje berre fordi det er bra for det sosiale miljøet: På ein byggeplass eller i eit fiskemottak kan mangelen på felles språk vere eit trugsmål mot helse, miljø og tryggleik. I Noreg bør det felles språket vere norsk. Altfor mange arbeidstakarar frå EØS-landa får ikkje norskopplæring sjølv om dei arbeider her i årevis. Det kan Linda Hofstad Helleland endre.

I nesten tusen år har vi hatt eit eige, norsk språk her i landet. Dette er eit av våre bidrag til den store verdskulturen. Trass i 450 år med dansk kolonistyre overlevde norsk gjennom dei norske dialektane og fann sitt skriftspråk då Ivar Aasen skapte landsmålet. Seinare skilde bokmål lag med dansk, og i dag finst bokmål berre her i Noreg. No er det fleire krefter som på kvar sin kant rustar til krig mot norsk. Den krigen må alle vi som er glade i norsk, vinne. Vi kan ikkje bli generasjonen som avskaffa norsk som det samfunnsberande språket i Noreg.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook