PARADISETS BAKSIDE: Mye går utanom for å gå rundt, skriv Andreas Hompland om lærdomen frå ferien i Hellas. Her fra landsbyen Oia på Santorini. Foto: De Vice - Fotolia/Scanpix.
PARADISETS BAKSIDE: Mye går utanom for å gå rundt, skriv Andreas Hompland om lærdomen frå ferien i Hellas. Her fra landsbyen Oia på Santorini. Foto: De Vice - Fotolia/Scanpix.Vis mer

Vi som elskar Hellas

Gresk økonomi går dukken fordi den er så svart, og fordi grekarane har evne og trong til å leva over evne.

||| Vi er mange som elskar Hellas, og vi har gode grunnar til det. Noen har sin åndelige heim der og fortaper seg i den greske antikken. Der finn dei søylene for filosofien, diktarkunsten og demokratiet. Dei vil oppleva ruinar.

Andre har funne ut at sol og sjø og varme er betre på greske øyer enn andre stader i det såkalla Syden. Stemninga er avslappa og folk er vennlige og ujålete. Tavernaene er enkle, hyggelige og rimelige. Nå har dei også har fått att sitt eige Mythos-øl etter å ha vore underlagt Amstel og Heineken i mange år etter at Fix forsvann. 

Noen av oss har i tillegg he sterke politiske og kjenslesmessige band til Hellas som skriv seg frå militærjuntaens tid. Kuppet i 1967. Juntastyre og militærdiktatur i eit alliert NATO-land. I demokratiets vogge. Pattakos og Papadopoulos var skjellsord og oberstregimet var forferdelig, men det hadde også mye fortidig grusomhet å læra av: Slik er det å vere ein gamal  krigar- og kulturnasjon.

Kvar generasjon har sin krig som gir forvirrande, men skilsettande og formande erfaringar og blir eit referansepunkt: den spanske borgarkrigen, den andre verdskrigen, kolonikrigane i Afrika, Vietnam, Irak, Afghanistan.

For meg fekk Hellas ein slik posisjon. Eg prøvde å gjera mitt vesle i kampen mot juntaen: Dansa mye zorba, høyrte mye musikk av Mikis Teodorakis, framført av Melina Mercouri, og ikkje bare på ein søndag. Eg jobba saman med forfølgde, greske, politiske flyktningar, og det var fortvilande fordi dei lukta konspirasjonar overalt og hadde så mye uoppgjort seg imellom frå gamle fraksjonskampar. Dei forskusla mange aksjonar fordi dei hata kvarandre meir enn juntaen. Diasporaen forsterkar og forherdar slike forhold. Deira norske kampfellar formulerte slagordet: Den dag to grekarar bli enige om noe som helst, fell juntaen. 

Artikkelen fortsetter under annonsen

Juntaen fall i 1974 då den forskreva seg på Kypros. Etter det har eg hoppa frå øy til øy i Hellas kvart einaste år. Dei første åra etter juntaens fall måtte vi nyfrelste Hellas-elskarar vera forsiktige med kva vi sa og gjorde, for det hender at folket elskar sine undertrykkarar. Eg opplevde å bli kasta av bussen på ein øde strekning fordi sjåføren var ein svoren tilhengar av militærstyret, rimeligvis, for det var jo juntaen som hadde bygd vegane: Dei skar seg som ferske operasjonssår langs fjellsidene, og det var alt kome opp minnesmerke over dei som hadde kjørt deg i hel i den uvettige kjøringa. 

Ein kan seia mye stygt om militærdiktatorar, men dei har sitt ingeniørvåpen og er gode til å bygga store monument og vegar. Slik oppnår dei tre-i-eitt: Det blir arbeid å få, og det blir lettare å få fram militærstyrkar og dermed kontrollera folk. Dessutan var det NATO som finansierte vegbygginga.

Den ein elskar, tuktar ein. Så heiter det i ordspråka når Herren er bytta ut med det allmenne ein. Salomo skal ha vore ein klok mann, men her tar han feil. Den som er forelska, kjenner seg forplikta til ikkje å forsømma noe høve til å forklara og forsvara, forlata og forbarma seg over den ein elskar. Ein blir litt forheksa og fortrenger mye. Sånn har eg det med Hellas.

Gresk økonomi har gått i dass. Landet er forgjelda. Statsfinansane er sett på mager middelhavsdiett. Velferdsordningar blir barbert. Prisane stig. Lønningane fell. Pensjonar blir kutta. Demonstrasjonane rullar vidare. Delar av samfunnet stoppar opp. Tilliten forvitrar. Det politiske systemet blir forpesta. Situasjonen er fortvila.

EU og Pengefondet ser den greske tragedien som fortent ris til eigen bak for juks og bedrag. Dei er forarga og fordømmande. Dei formanar og forlangar forpliktande forandringar. Tida er komen for å gjera opp rekninga: Logariasmå, parakalå.

Bankfolk forfektar at Hellas kjem til å gå konkurs. Det vil seia at det blir så dyrt å forsikra lån til Hellas mot konkurs at ingen vil låna dei pengar utan at renta blir så forpestande høg at dei går konkurs av den grunn, dersom dei ikkje forbetrar seg. Uansett vil folk flest måtta forsaka og bli forarma.

Grekarane har levd over evne, både ein, to og tre gonger; det er den forterpa forenklinga. Dei har vore forblinda og forhasta seg på seg på veg inn i den EURO-peiske standarden . Dei spelte også fotball over evne og blei forbløffande nok europamester, formynda over av den tyske trenaren Otto Rehhagel. Fortryllinga var forførande, men like forgjengelig som Drillo-effekten. Årets fotball-VM var formørkande. Grekarane blei fornedra.

Med den økonomiske krisa som bakteppe har eg sett mange ting i eit nytt lys nå i sommar. På tavernaen, for eksempel: Saman med ouzoen, tzatzikien og brødet får du ein kassalapp i eit lite glas. Når du så har ete og drukke godt og grundig og bed om rekninga, dukkar det ikkje opp fleire trykte kvitteringar. Då kjem kelneren med ein handskriven lapp på noe som liknar på ei tilfeldig avkryssa yatzy-blokk.

Det er sånn det er i gresk økonomi  og samfunnsliv: Mye går utanom for å gå rundt. Og jo meir som går utanom reviderbare kanalar, jo mindre skatt og avgift får staten inn, og jo færre utgifter kan det offentlige bera. Du må ordna meir sjøl, og det kan ein bare klara dersom ein lurer noe unna. Og sånn går sirkelen rundt. Og butikken. Å vera lur er ein gresk dyd, og den er klassisk: Også i antikkens Hellas blei lurendreieriet sett høgt. Som då Odyssevs lurte trojanarane med trehestar, eller då han kom heim til Ithaka.

Turistane sviktar, klagar vertinna, for dei er skræmt bort av alt tullet i Athen. Men skatten er den same uansett, forklarer ho. Derfor vil ho ha oppgjeret uoffisielt og kontant. Kort er sjølsagt teknisk mulig, men dei kan sporast og fører til ugreie i den svarte økonomien. Og eg kan ikkje forsmå å støtta greske vertinner i ei krisetid. Som Hellasfarande blir eg sjølsagt ein del av den formastelige svarte økonomien: Du kan ikkje omgås feiarar utan å bli svart når svart er ein vernefarge og alle feiar som best dei kan for si eiga dør.  

Grekarane har sikkert levd over evne, men dei fortener det. For det er jo det som er det flotte med grekarar og Hellas: At dei har evne til å leva over evne. Det er derfor vi elskar å vera der.

Men det er ikkje lett å ta det greske med seg heim. Det er som med harpiksvinen Retsina: Den er nydelig der, men udrikkelig her. Eg har prøvd igjen og igjen, men utan hell. Det greske passar nok best i Hellas.

FALT TIL SIST: Den greske juntaen falt i 1974. Her sees diktatoren Papadopoulos sammen med sine støttespillere. Foto: AP Photo/Eurokinissi.
FALT TIL SIST: Den greske juntaen falt i 1974. Her sees diktatoren Papadopoulos sammen med sine støttespillere. Foto: AP Photo/Eurokinissi. Vis mer