Tar veg på alvor: Frp har tatt vegene på alvor her i landet. Etterslepet er på retur, skriv Nils Petter Tonning. Foto: Privat.
Tar veg på alvor: Frp har tatt vegene på alvor her i landet. Etterslepet er på retur, skriv Nils Petter Tonning. Foto: Privat.Vis mer

Vi står på for riksveg

Eg trur vi kjem til å sjå ei utbetring av Fylkesveg 65 om Frp får fortsette i regjering.

Meninger

Surnadal Frp kjempar for utbetring av fylkesveg 65. Fylkesveg 65 (Fv65) går mellom Betna i Halsa og Fannrem i Orkdal. Veglengda er 107,9 km, av dette 74,7 km i Møre og Romsdal og 33,2 km i Sør-Trøndelag. Vegen forlèt E 39 ved Betna og går i retning sør-aust til Skei, så austover forbi Rindal til Storås og vidare nordover til Fannrem, der han møter E 39 igjen.

Storåsbakken er den store utfordringa blandt mange på denne strekninga. Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men han har no status som fylkesveg etter at forvaltingsreforma trod i kraft. Vi skal jobbe hard for å få omklassifisert Fv65 til RV65.

Litt av utfordringa er at FV65 går gjennom to fylke. Vi jobbar opp mot regjeringa for å få fortgang i dette. Den er høgt prioritert fra Møre og Romsdal Frp etter siste fylkesårsmøte. Vi skal stå på for å gjere denne vegen til RV og til ein farbar veg for transportnæringa.

Vi jobbar også for å få til en ferjefri forbindelse mellom Surnadal, Sunndal og Tingvoll. Planen som er framlagd er no godkjend frå Fylkestinget. Det vil også bli ein lettare veg for trafikken frå Kristiansund. Derfor auker trafikken på FV65 slik at det må komme ei utbetring på denne strekninga.

Frp har tatt vegene på alvor her i landet. Etterslepet er på retur. Fleire veger blir asfaltert, og eit vegselskap til over 70 milliarder til vidare utbetring av vegene er på plass. Eg trur derfor vi kjem til å sjå ei utbetring av FV65 om Frp får fortsette i regjering.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook