Vi tener på kvotering

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

KVOTERING: Vi tilfører ny kompetanse ved å kvotere. Kvotering vrakar ikkje dei beste kandidatane slik kritikarane trur. Feilslutninga er at det berre er formelle kriterium som tel ved tilsetjingar. På alle arbeidsplassar er det ulike formelle kriterium for utveljing av jobbsøkjarar, men tilsetjingar skjer alltid med eit innslag av skjønn. Når to kandidatar har tilnærma like kvalifikasjonar, må arbeidsgivaren velje ein av dei. I slike tilfelle skal innvandrarar som søkjer gå føre.

Sjølvsagt finst det ei rekkje eksempel på ikkje-vestlege innvandrarar med stor suksess i arbeidslivet. Men slike historier forandrar ikkje statistikken. Fakta viser at arbeidsløysa blant innvandrarar er tre gonger høgare enn resten av folkesetnaden. Mazyar Keshvari (Frp) sin påstand i Dagbladet 11. januar om at arbeidsmarknaden fungerer heilt fint fordi det finst solskinshistorier, fell dermed på si eiga meiningsløyse. Politikk vert heldigvis ikkje styrt av eksempel.

Innvandrarar har tøffare vilkår på arbeidsmarknaden. Det er fakta. Vi må gjere noko for å motverke dette. Mange arbeidsgivarar har ein del førestellingar om at det er utfordringar knytte til å tilsetje ein innvandrar. Somme er redde for dårlege språkkunnskapar, mens andre synest det er vanskeleg å tilsetje ein med ein litt annan kulturell ballast. Kanskje er ein del redde for at visse tema vert for sensitive å diskutere i lunsjen. Underliggjande førestellingar om «dei andre» vert ein barriere for kompetente innvandrarar.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer