Regionsreform som demokratireform: Mitt håp ved dette valet er at KrF, Ap og Sp finn saman og gjennomfører ein demokratireform, skriv Karl Johan Hallaråker. Foto: Privat.
Regionsreform som demokratireform: Mitt håp ved dette valet er at KrF, Ap og Sp finn saman og gjennomfører ein demokratireform, skriv Karl Johan Hallaråker. Foto: Privat.Vis mer

Vi treng ein regionsreform

Tenk om Sanner bytte språkbruk - robuste regionar i staden for såkalla robuste kommunar? Det ville vore nyskapande politikk!

Meninger

Dei blå-blå partia gjekk til sist val med ønske om kommunesamanslåing. Fylkeskommunen og generalistkommunen skulle avviklast for å få store og robuste kommunar.
 
Vi veit at dei ikkje har stortingsfleirtalet med seg. Likevel kan det tyda på at dei nesten får det som dei vil - med litt flikking her og der.

Dette er tradisjonalisme og lite nytenking. Vi treng heller ei grunnleggande regionsreform med store og robuste regionar. Det er det som kan flytta makt ut frå sentralt hald.

Tenk om Jan Tore Sanner bytte språkbruk - robuste regionar i staden for såkalla robuste kommunar? Det ville vore nyskapande politikk!

Livskraftige regionar gjer det enklare å halda på generalistkommunen for dei nære ting, og få til naturleg maktfordeling mellom dei tre forvaltningsnivåa.

Mitt håp ved dette valet er at KrF, Ap og Sp finn saman og gjennomfører slik demokratireform. Liberalistane si sentralisering har ikkje framtida sine svar på utfordringane for demokrati, verdiskaping og infrastruktur.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook