UNIKT INNBLIKK: Unni Eikeseth teiknar eit nyansert bilete av May Britt Moser, Edvard Moser og dei andre personane bak oppdagingane. Lesaren får eit unikt innblikk i prosessane som gir forskingsresultat i verdsklasse, skriv innsendaren. Her Moser og Moser på nobelprismiddagen i Stockholm i 2014. Foto: Fredrik Sandberg / NTB Scanpix
UNIKT INNBLIKK: Unni Eikeseth teiknar eit nyansert bilete av May Britt Moser, Edvard Moser og dei andre personane bak oppdagingane. Lesaren får eit unikt innblikk i prosessane som gir forskingsresultat i verdsklasse, skriv innsendaren. Her Moser og Moser på nobelprismiddagen i Stockholm i 2014. Foto: Fredrik Sandberg / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Populærvitenskap

Vi treng ikkje fleire boktitlar som rimar

Populærvitskap bør gjere meir enn å formidle fakta. Her er tre bøker som viser verdien av ny kunnskap.

Meninger

Gjennombrotet til «Sjarmen med tarmen» i 2015 starta ei ny bølgje av populærvitskap i Noreg. Ein handfull av dei mest omtalte bøkene har det til felles at dei har titlar som rimar. Fleire av desse bøkene er innsiktsfulle og viktige, og bidreg til å bryte ned tabu og til å gjere lesaren kjent med funksjonen til eit bestemt organ.

Åsmund H. Eikenes.
Åsmund H. Eikenes. Vis mer

Men det er sjeldan at bøkene klarar å løfte blikket frå den utvalde kroppsdelen og sette kunnskapen inn i ein større samanheng. Det tapar lesarane på.

Lesarane fortener bøker med større ambisjonar enn å formidle faktainformasjon. Populærvitskapen er på sitt beste når den opnar opp ei ny verd for lesaren, når historiene utforskar overraskande og store spørsmål som får oss til å tenke.

Her er tre gode eksempel frå 2018, tre viktige bøker som handlar om meir enn berre fosterutvikling, grunnstoff og hjernens GPS:

«Det første mysteriet»: I eit biletrikt og leikent språk rettar biolog Katharina Vestre linsa mot det gåtefulle som skjer mellom befrukting til fødsel. Forfattaren nyttar forandringane i fosteret som eit springbrett for å skrive om eit utval biologiske tema.

Vi får lese om gjennombrotet med det første mikroskopet, vi forstår kvifor bananflugeforsking er viktig, og vi får eit nytt blikk på rolla til menstruasjon i dyreriket. Samtidig viser Vestre oss korleis alt i naturen heng saman, og får oss til å sjå på mennesket som ein del av noko større.

«Menneskets grunnstoffer»: I den brageprisvinnande boka om grunnstoffa nyttar fysikar Anja Røyne erfaringa si som forskar og forelesar til å trekke opp dei store linjene i naturvitskapen. For å svare på om vi menneske står i fare for å bruke opp ressursane på jordkloden, viser forfattaren ein fagleg fundert optimisme på at samarbeid og fellesskap har verdi, også utover hennar eige fagfelt.

Det som gjer boka til eit prakteksempel på kva sjangeren populærvitskap kan vere, er måten Røyne plasserer ny kunnskap inn i dei store og aktuelle debattar om samfunnet og framtida vår. Boka er ikkje berre ei velskriven forteljing om grunnstoffa, det er også ei bok om å vere menneske på jorda i dag.

«Jakten på stedsansen»: Det tredje eksempelet er ei levande detektivhistorie om hjernens GPS. Kjemikar og forskingsjournalist Unni Eikeseth har intervjua May Britt Moser og Edvard Moser om oppdagingane som leia fram til Nobelprisen i medisin i 2014.

Eikeseth tek lesaren med inn på forskingslaboratoriet, og nyttar detaljrike skildringar av utvalde eksperiment for å gi liv til dei banebrytande resultata. Lesaren kjem tett på oppturar og nedturar, og får eit unikt innblikk i dei langsame prosessane som gir forskingsresultat i verdsklasse.

Eikeseth teiknar eit nyansert bilete av personane bak oppdagingane, og viser at forskarar også er menneske.

Dei tre forfattarane bidrar på kvar sin måte til å gjere populærvitskaplege bøker relevante for korleis vi forstår livet og samfunnet. Forfattarane skriv fram samanhengar som skapar refleksjon hos lesaren.

For å få det til tar dei i bruk eit stort spekter av litterære verktøy i bøkene sine. Dei skaper scener, rammar inn nye oppdagingar i engasjerande narrativ, og nyttar journalistiske grep som reportasjar og intervju.

Vestre, Røyne og Eikeseth trekk fram historiske linjer, peikar framover, og rettar blikket både innover og utover. Vi treng fleire slike bøker. Vi treng god litteratur som får oss til å tenke, ikkje fleire titlar som rimar.

Åsmund H. Eikenes har ein doktorgrad i cellebiologi og arbeider som forfattar og som førstelektor ved Universitetet i Oslo.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.