UTSLEPPA MÅ NED: Av omsyn til verdsarvstatusen, helsa og miljøet, må utsleppa i Geiranger ned, skriver statssekretæren i Klima- og miljødepartementet. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix
UTSLEPPA MÅ NED: Av omsyn til verdsarvstatusen, helsa og miljøet, må utsleppa i Geiranger ned, skriver statssekretæren i Klima- og miljødepartementet. Foto: Berit Keilen / NTB scanpixVis mer

Luftforurensning:

Vi treng reinare luft i Geiranger

Lufta i Geiranger er så ureina i periodar av turistsesongen at ho er skadeleg for helsa. Det må vi gjere noko med, og det hastar.

Meninger

I Dagbladet 3. mars blir det åtvara mot farleg luft i Geiranger på dagar med stor cruisetrafikk. Folkehelseinstituttet ber om tiltak for å redusere ureininga i turistsesongen.

Klima- og miljødepartementet deler Folkehelseinstituttet si uro.

I tillegg til helse- og miljøproblem som følgje av cruiseturismen, er slitasje på naturen, attgroing og press på lokalsamfunn, grunna stor buss- og biltrafikk, utfordringar i forvaltninga av verdsarvfjordane.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden kom inn på Unesco si verdsarvliste som Vestnorsk fjordlandskap i 2005. Å behalde verdsarvstatusen for desse krev målretta innsats.

Hamnesjefen i Stranda meiner luftutsleppa er uproblematiske fordi dei allereie i dag regulerer talet på anløp per dag og har høve til å avvise skip. Det er positivt at det blir teke ansvar lokalt. Men det er naudsynt med ytterlegare tiltak.

Sjøfartsdirektoratet har, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, føreslått strengare krav til utslepp av nitrogenoksid og krav til lågare svovelinnhald i drivstoff for cruisetrafikken i verdsarvfjordane.

Allereie no er det òg klart at fartsavgrensingar vil redusere luftutsleppa. Dersom ein kjem fram til dette, er det blant tiltaka som kan setjast i verk raskt.

Direktoratet greier no ut tiltaka nærare i lag med andre myndigheiter. Dei gjennomfører òg naudsynte utgreiingar av økonomiske konsekvensar og har kontakt med ulike interesser undervegs.

Vi venter no på ei endeleg tilråding frå Sjøfartsdirektoratet. Av omsyn til verdsarvstatusen, helsa og miljøet, må utsleppa i Geiranger ned.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook