Vid innsikt

Variasjon og detaljrikdom hjå ein lidenskapeleg poet.

Dette mektige utvalet dikt markerer Terje Johanssen sin sekstiårsdag. I ei tid der visse debattantar gjev uttrykk for at det som var god lyrikk i byrjinga av 90-åra, er passé nå, gjer det godt å setja seg ned med eit slikt fyldig utval dikt frå eit kvart hundreår, skrive av ein og same poet.

Lange trådar

Ein så produktiv poet som Johanssen skapar heile tida eit fokus på den siste utgjevinga, noko som kan føra til at tidlegare ting kjem ut av fokus. Når sentrale samlingar som «Uttexti» og «Frontavsnitt» kom på midten av nittitalet, kan bøkene som kom tiåret før lett koma i skuggen.

Men for den som kjenner denne forfattarskapen, skal det ikkje meir til enn å lesa titlar som «En finger av granitt» (1980), «Jeg forklarer meg om kjærligheten mellom oss» (1981) og «De talende, de tause» (1986), så vender leseopplevingar attende og ein blar straks opp i utvalet for å fornya desse.

Og det slår ein kor lange trådar Johanssen har attende i soga, både litteratursoga, der han opnar dikt med «Syng, gudinne, om den nye tiden», og menneskesoga, der han mediterer over danske myrlikfunn og egyptiske mumiar og like godt tallgjev dikta på etruskisk.

Innsikt og utsikt

Men Johanssen er ikkje nokon tørr historikar. Han har frå dei første bøkene, som «Hard sorg» (1977) og «Glass, glødende jern» (1979) - smak på dei titlane! - bore fram ein særprega stil med like deler personleg lidenskap, reflektert solidaritet og språkleg flukt.

Saman med stadige eksperimenteringar med form, har dette gjort at han både skapar gjenkjenning og overrasking hjå lesaren.

Når dei svakare, ordoverfylte dikta her er valde bort, kan ein gleda seg over både stram og vilter ordkunst der kortsiktige normer ikkje set grenser. Her er ein syntese av natur og fantasi, kledt i «cumulus og blått septemberlys» som skapar like mykje innsikt som vid utsikt.