Viktig bok, visjonære dikt

Vital og framståande poesi som er både subjektiv og tidlaus.

  • Les intervju med Jan Erik Vold

    BOK: Det første som slår ein når ein held denne boka i handa og blar i ho, er at det er i god bok å halde i handa, ei skikkeleg bokbok. Og det neste ein tenkjer er: Du store Rallarhatt, for eit arbeidsjern Jan Erik Vold er!

    Bare i år har han levert essaysamlinga «God jul med Gertrude Stein og andre essay», ei ny og utvida utgåve av «Diktet minner om verden», CD-plata «Vold synger svadaåret inn», og ei etterlengta nyutgjeving av Dylangjendiktingane «Damer i regn». (Puuh!)

    Flytande


    Og nå altså denne boka, der han har gått gjennom store mengder manuskript etter Kristofer Uppdal og laga eit utval, skrive føreord og etterord, og for å på språkleg korrekt vis å hylla poeten, har Vold skrive på nynorsk! Fint flytande og lett arkaisert språk som står perfekt til temaet. Og det er bare å bøya seg over boka og lesa og gleda seg.

    «Åt songa tå stjernom» er ein tittel som Uppdal sjølv hadde planar for,og det gjer det for så vidt greitt å bruka den, men det illustrerer også ein av årsakene til at han ikkje er meir lesen i dag; innslaga av trønderdialekt i ordtilfanget, ofte med ord frå tida før dei vart skrivne til og med, er ikkje like lett for alle å forstå. På vanleg nynorsk ville tittelen vorte «Til songane frå stjernene».


    Klang og tone


    Heldigvis har Klaus Johan Myrvoll har stått for naudsynte og klårgjerande ordtydingar under dikta. Til neste utgåve ønskjar eg meg ei liste bak i boka òg, der alle forklaringane er samla, då dei bare er tekne med første gongen ordet er nemnd i eit dikt, og såleis kan vera vanskeleg å finn att, når ein les lenger bak i boka. Med dette er det heilt slutt på innvendingane. Og når eg har nemnd dei vanskelege orda, så må eg også ta med det frigjerande i det å lesa linjer som bygg på klangen og tonen i talemålet, som gjev gjenkjenningfor folk med heilt andre dialektar òg.

    Og det er handverksmessig interessant å sjå korleis Uppdal arbeidde medvite for å skapa eit musikalsk språk som kunne spela med i det han ville seia. Han bygde språket og forma samtidig som han skreiv dikta og han var langt framme i samtida si. Me har dømer på slikt arbeid også seinare, frå Hans Henrik Holm, ja, men også frå vår næraste samtid, hjå Rimbereid og Dragseth!


    Merka seg ut


    Boka opnar med eit intervju gjort med diktaren av Johs. Aanderaa for NRK, og dette gjev glimt frå lagnaden hans. Denne og det biografiske vert utdjupa av Vold i eit solid og passe omfattande etterord.

    Men dikta står seg godt på eiga hand også, og det er lett å merka korleis dei biografisk opplysningane kan farga lesinga. Ved medviten observasjon, kan ein nærast lesa to dikt ut av same teksten; eitt frittståande, ålment verk, og eit dikt som spring ut av den til tider forpinte situasjonen poeten opplevde.

    Uansett lesemåte vert ein slegen av desse dikta, både av den store krafta og forstanden og kor musikalsk og sanseleg språket er, men og kor vidfemnande dei er i tematikk og form. Uppdal vart lagt merke til utanfor landegrensene, av ekspresjonistar og avantgardistiske tidsskriftsredaktørar i Danmark, til dømes.


    Erotikk


    Boka har vitalistiske og ekstatiske innslag som «Hymne til våren», visjonære «Luftspegling» der «sjæla mi er likt eit landskap», naturskildrande «Våte norske vår» og ikkje minst tydelege og sterke erotiske dikt i bolken «Kar og kjerring». Her er lengt og kjærleiksdikt om elsk og svik, «Eg elske deg./Og slik det er ikkj tå sei./Orda blir berre kald skuggar».

    Elles er «Heimlaus-Guden er eg» ei særs spennande avdeling, der det dukkar opp ein ny figur i Uppdals dikting, eit alter ego som får setja ord til mykje av det vonde og vanskelege han opplevde, og med den naudsynte distansen som gjer det om til litteratur. Diktet «Songen um dansen gjennom skuggeheimen» vekkjer sjølvsagt minne om ei anna side ved Uppdals verk.


    Obstfelder


    Ein kan mest ikkje tru at mange av desse dikta er så gamle. For sjølv om noko er vanskeleg, så er det nok av dikt her som grip ein straks og grip ein hardt. I tillegg til flotte portrett av mange tre, er her er dikt til fleire diktarar; eit mindre godt minnedikt om Obstfelder, og eit framståande dikt om Obstfelders poesi.Og her er dikt om både Wildenvey og Garborg.Om sistnemnde skriv Uppdal blant anna, treffande og korthogd: «Hovding,/kvass,/og fårleg for uvener!//Sanningsleitar.»

    Før eg avsluttar med å tilrå alle interesserte å skaffa seg denne mangfaldige boka, ei bok som framståande lyrikkjennarar har etterlyst i årevis, vil eg visa til den uvanleg sterke bolken kalla «Stutte vers».

    Det er ein god plass å starta for den som ikkje er van med å lesa Uppdal. Her kan ein finna eitt dikt som må ha gleda redaktøren litt ekstra, ettersom han redigerte boka i det han sjølv har kalla Svadaåret:

    SVADA

    Svada!

    Ein foss hiver seg

    utfor eit stup-fjell.

    Og i lause lufta

    slår og mel han sunder vatnet sitt,

    til det ikkje lenger likjest på vatn

    eller vass-eim,

    men er berre skitglitrande skom,

    som i ull-like skylag dett nedetter,

    og utover.

    Soleis, blir svada til.

    Styrken har sjølv slått seg sunder

    og er vorten til grågulkvit

    skitskom.

    Men som han skin imot deg,

    med skitglansen sin!

LESA OG GLEDA SEG: Kristofer Uppdals «Åt songa tå stjernom. Etterlatne dikt» er ei bok som framståande lyrikkjennarar har etterlyst i årevis. Jan Erik Vold har gått gjennom store mengder manuskript etter Kristofer Uppdal og laga eit utval det bare er å bøya seg over. Foto: Scanpix