Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Vil mediehusa rasere det offentlege ordskiftet?

Kanskje er tida inne for ein felles dugnad lik det løftet vi opplevde på 1960-talet då mellom anna mediestøtta, og momsfritaket på papirboka såg dagens lys?

KRISE: Ettersom dei varsla kutta i Schibstedt og A-pressen er historiske i norsk samanheng, meiner eg svaret frå styresmaktene må vere ei styrking av vilkåra for norsk dagspresse, skriver Dag Nestegard. Foto: Wikimedia Commons
KRISE: Ettersom dei varsla kutta i Schibstedt og A-pressen er historiske i norsk samanheng, meiner eg svaret frå styresmaktene må vere ei styrking av vilkåra for norsk dagspresse, skriver Dag Nestegard. Foto: Wikimedia Commons Vis mer

Norske mediehus opplever omskiftelege tider. Mediebruken går frå papir til nett - og vidare til mobil. Samstundes kjem meldingane om at både A-pressen og Schibsted skal kutte fleire hundre millionar og sette journalistar på porten. Koryfeane i dei to selskapa er ute i avisene og forsvarar nedskjeringane. Det nedslåande med kommentarane er at resonnementa utelukkande er prega av omsynet til effektiv bokføring. Og medan koryfeane forsvarar nedskjeringane er redaksjonsklubbane i dei to konserna rasande. Mellom anna har klubben i Bergens Tidende skulda konsernet for brot på hovudavtalen. Leiinga i Schibsted har hatt det så travelt med å kutte at dei ikkje har hatt tid til å drøfte opplegget med dei tillitsvalte i forkant. Dei grafisk tilsette varslar også kamp, fordi konsernet vil bryte prinsippet om ansiennitet.

Etter mitt syn vil dei store kutta føre til ei utarming av den offentlege samtalen. Nettet kan aldri konkurrere med papiravisa når det gjeld kommentarstoff og kronikkar som plasserer utviklinga i ein større heilskap. Det vil seie nettet kan sjølvsagt det, men vi veit jo alle at i praksis er dekninga på nettet prega av spot news og brotstykke av ein fragmentert røyndom.

Dermed er det reel fare for at dei varsla kutta kan medfører større intellektuelle klasseskilje i eit land der vi trur på sosial utjamning. Heller ikkje det ser ut til å uroe kuttarane nemneverdig.

Kor skal så alle dei arbeidslause journalistane gjere av seg etter at dei er ferdige hos Schibsted eller A-pressen? Eit kvalifisert tips er at hæren av informasjonsrådgjevarar i regjeringskvartalet vil vekse seg enno større. Norske aviser vil bli prega av enno meir orwellsk nytale.

Følg oss på Twitter

Johann Roppen som er professor i Volda, har kartlagt talet på journalister i Skandinavia. Noreg har no under 10.000 journalistar. Tilsvarande tal for Sverige er 17.500, Finland 16.000 og Danmark 15.500.

I bokbransjen har ein snakka om digitalisering i meir enn ti år, og ingen kan bestride at utviklinga går i den retninga. Likevel går det mykje saktare enn nerdane på guterommet vil ha det til. I Sverige utgjer e-boka i underkant av ein prosent av marknaden. Det same er tilfelle i Danmark. Det skulle ikkje forundre meg om mediehusa har det på same viset.

Dag H. Nestegard, redaktør i Bok & samfunn
Dag H. Nestegard, redaktør i Bok & samfunn Vis mer

Ettersom dei varsla kutta er historiske i norsk samanheng, meiner eg svaret frå styresmaktene må vere ei styrking av vilkåra for norsk dagspresse. Når det gjeld kulturministeren har eg få illusjonar, men kanskje er tida inne for ein felles dugnad som også involverer Stortinget, lik det løftet vi opplevde på 1960-talet då mellom anna mediestøtta, og momsfritaket på papirboka såg dagens lys? Alt for å styrke det offentlege ordskiftet og norsk folkeopplysning. I tillegg kan ein ønske seg ein ny himmel over dei største norske mediehusa, sjølv om det sikkert er å håpe på for mykje. No er kravet til inntening så høgt at dei til forveksling liknar produsentar av hermetikk eller pølser.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media